Førdepakken – eit mogeleg kompromiss?

Folk har vel eigentleg aldri fått uttale seg stort om utforminga av Førdepakken, skriv Arne Aasland.  (Arkivbilde)

Folk har vel eigentleg aldri fått uttale seg stort om utforminga av Førdepakken, skriv Arne Aasland. (Arkivbilde)

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det har blitt ein slags stillingskrig i Førde mellom dei som vil køyre Førdepakken så langt pengane rekkjer og dei som vil ha store endringar i tolvte time. Få har prøvd seg på mellomvegar. Her er då mitt framlegg.

Eg gir FramtidsFørde rett i at pakken vil leie vel mykje biltrafikk inn i sentrum og dermed undergrave tanken om eit godt bymiljø. Eit viktig grep for å hindre det er å gå ned til gangbru over Jølstra ved Førdehuset (tiltak 1). Gangbru vil øydeleggje lite og gi eit stort tilskot til parkering i området. Folk kan setje bilen frå seg ved Hafstadparken og rusle over gangbrua til Førdehuset. Ei lett bru vil frigi titals millionar til andre tiltak. Den planlagde brua ville bli spinndyr pga. breidde/vekt kombinert med vanskeleg grunn.

Bygg vegen frå Langebruvegen og ut på Øyrane som planlagt, tiltak 12. Det gir eit greitt vegalternativ i sentrum, og fører nok ikkje til 6000 bilar i døgnet utan vegbrua ved Førdehuset. Eg trur meir på 1–3000. Gjennomgangstrafikken vil velje Naustdalsvegen.

Hovudgrepet for å ta trafikk ut av sentrum må vere ein bytunnel frå Førde hotell til litt før Sanderplassen, som FramtidsFørde foreslår. Den vil bli kring 2000 meter lang. Både RV 5 og E 39 må leiast inn i den. Den vil også ta unna ein del lokaltrafikk. Inne i Hafstadfjellet kan tunnelen koplast til parkeringshallar med utgang og utkøyring til Sentrum sør.

For å finansiere tunnelen (eller bidra til det) ville eg kutte dei fleste tiltaka i Fjellvegen (som å fjerne hus). Brua mellom Halbrendsøyra og Ytre Øyrane kan kome seinare. Som tiltak for å leie vekk gjennomgangstrafikk har ei slik bru berre mellombels effekt, til ny E 39 kjem. Derimot må ein vel innrømme at ho vil binde saman to industri- og handelsområde og skape synergieffekt der.

Viss politikarane no kunne våge å sikte seg inn mot tunnel med parkering i Hafstadfjellet, trur eg støyen rundt Førdepakken vil snu til applaus. Folk har vel eigentleg aldri fått uttale seg stort om utforminga av Førdepakken.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken