Førdepakken bygger på urealistisk folketalsauke

Når Førdepakken brukar sine tal for folkevekst fram til 2040, har det som følgje at det vert planlagt bygt langt meir omfattande bilveganlegg enn det som er naudsynt. Det blir mest som å skyte sporv med kanoner, skriv artikkelforfattarane.

Når Førdepakken brukar sine tal for folkevekst fram til 2040, har det som følgje at det vert planlagt bygt langt meir omfattande bilveganlegg enn det som er naudsynt. Det blir mest som å skyte sporv med kanoner, skriv artikkelforfattarane. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFørdepakken bygger på heilt urealistisk folketalsauke i Førde. Difor må Førdepakken reviderast, og no må politikarane ta ansvar.

Førde var på 1970-talet den staden som hadde størst folketalsvekst i landet. No er diverre stagnasjonen komen til Førde. Førdepakken (FP) legg til grunn for sine planar heilt urealistiske tal for folketals-auke fram til 2040. Nemnleg 1,5 prosent pr. år. I staden for desse eigenproduserte prognosene, burde ein nytte Statistisk Sentralbyrå (SSB) sine prognoser. Sjå tabell nedanfor :


2019203020402019-2040
Førde13.16313.78314.3461186
Jølster304629552898-148
Gaular301631823381365
Naustdal27822780279614
Sunnfj. k22.00722.70023.4241417


SSB sine prognoser viser ein folketalsauke frå 13.163 per sonar i 2019, til 14.346 personar i 2040. D.v.s. ein auke på 1186 personar i denne perioden.

Førdepakken (FP) sin prognose fram til 2040 er på 18.668, d.v.s. ein auke på 5505 personar. Dette har stor betydning for kor store vegprosjekt ein skal legge opp til. Kvifor har ikkje politikarane reagert på dette misforholdet ? Det er trass alt SSB som er vår øverste faginstans når det gjeld m.a. folketalsprognoser.

Når FP brukar sine tal for folkevekst fram til 2040, har det som følgje at det vert planlagt bygt langt meir omfattande bilveganlegg enn det som er naudsynt. Det blir mest som å skyte sporv med kanoner.

Eigentleg kunne vi klart oss utan nye veganlegg i det heile, bortsett frå m.a. gang-/sykkelbru frå Førdehuset til Hafstadparken, ein vegtunnel i Hafstadfjellet, og køyrebru over Jølstra frå Halbrendsøyra til Øyrane. Vi ville berre få litt meir bilkø i rushtida 15.00 til 16.00, og det kan vi godt leve med. Samanlikna med andre byar har vi svært lite bilkøproblem i Førde. Viss ein lagar ein trafikkplan som er heilt utan kortare periodar med bilkø, så har ein laga ein trafikkplan som er mykje overdimensjonert, der det er brukt areal til biltrafikk som elles kunne nyttast for rekreasjon og trivsel.

I alle høve er det ikkje bruk for køyrebru over Løken til Langebruvegen, stor rundkøyring ved drosjesentralen, og køyrebru over Jølstra til Hafstad. Derimot kan ein tunnel i Hafstadfjellet frå Førde hotel til Hafstad vere nyttig for kanalisering av trafikken på E39 og Rv5, og for å ta unna noko av lokaltrafikken. Og så kan Fjellvegen ligge som den er, og gje tilkomst til vidare utbygging i Sentrum Sør - og til parkeringsanlegg i fjellet, som her vil gje kort gangavstand til dei mest sentrale sentrumsfunksjonane.

Framleis kan Førde bli ein triveleg stad for alle som bur her, men då må politikarane ta styringa i det vidare arbeidet. Det er enno ikkje for seint å lytte til kva folk meinar om saka. Ei meiningsmåling mellom vårt framlegg til revidert Førdepakke, og Førdepakken sine planar, kunne gje svar på det spørsmålet.

Det er no i praksis etablert 2 klare alternativ for vidare arbeid med Førdepakken :
1). Vidareføring av den opphavlege Førdepakken.
2). Framlegget frå Lidvin Osland, Odd Skrede og Kjartan Myklebust, der ein droppar køyrbru over Løken, og køyrebru over Jølstra til Hafstad. Vårt framlegg vil gje store innsparingar, som kan nyttast til bygging av vegtunnel i Hafstadfjellet, frå Førde hotell til Hafstad.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags