Det skurrar med skøytebane ved Førdehuset

SKURRAR: Når ein kjem med forslag om å legge ei skøytebane til området framføre Førdehuset «skurrar» dette heilt åpenbart i forhold til omtalt funksjonalitet og fordeling av aktiviteten mellom dei to anlegga, skriv artikkelforfattaren.

SKURRAR: Når ein kjem med forslag om å legge ei skøytebane til området framføre Førdehuset «skurrar» dette heilt åpenbart i forhold til omtalt funksjonalitet og fordeling av aktiviteten mellom dei to anlegga, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Førde IL har til liks med fleire andre som har engasjert seg i saka om kunstgrasbana ved Førdehuset vs. bru og vegløysing gjort tydeleg standpunkt, mellom anna gjennom fleire tidlegare lesarinnlegg i avisa Firda.

Laurdag 09.11.19 «lyser» følgande framside mot ein i avisa Firda:

«Vil utvide allè og lage skøytebane»

«Førdehuset: I Norconsult sitt nye forslag til plan for uteområdet ved Førdehuset blir et ikkje plass til kunstgrasbane i full størrelse. Bilane og bussane er flytta, til fordel for folk, leik og ulike aktivitetar.»

Som styreleiar for Førde IL må underteikna erkjenne at dette var heller trist lesnad.

 Arne Helgheim.

Arne Helgheim.

Hafstadparken, som offisielt vart opna våren 2015 har slagordet «ein park for alle», der det er tilrettelagt for aktivitet for alle, organisert som uorganisert.

Mellom anna er det eigen skatepark, som er eksempel på den delen som omhandlar uorganisert aktivitet.

Førdehuset og Førde Stadion med dei to banene utfyller og komplimenterer det anlegget som er i Hafstadparken på ein god måte. Anlegga ved Førdehuset tilrettelagt for mellom anna konkurranse prega idrettsaktivitetar, medan Hafstadparken er tilrettelagt som eit aktivitets og trenings området, av denne grunn er det til dømes ikkje tribunefasilitetar rundt dei to fotballbanene i Hafstadparken.

Når ein kjem med forslag om å legge ei skøytebane til området framføre Førdehuset «skurrar» dette heilt openbert i forhold til omtalt funksjonalitet og fordeling av aktiviteten mellom dei to anlegga.

Eit slikt anlegg, og gjerne fleire andre som er tilrettelagt for uorganisert aktivitet bør leggast til Hafstadparken, det er det også plass til innan for det areal parken disponerer pr. i dag.

Vidare så er dagens kunstgrasbane ved Førdehuset, 11-bane foreslått «skalert» ned til ei 7-er bane. 7-er fotball kan ein som kjent spele på tvers på ei 11-bane. Det er ikkje 7-bane som er behovet for Førde IL på anlegga i sentrum, men derimot 11-baner, som vi har underkapasitet på pr. i dag. I tillegg har skulane i Førde også uttalt at det ikkje er godt nok med ei 7-ar bane til sitt bruk og behov.

I Førde har vi 7-er baner plassert ute i «bydelane» eller grendene om ein vil. Haugum, Halbrend, Slåtten og Sunde har velfungerande nærmiljøanlegg, der både trening og kamp-avvikling føregår – og ikkje minst er desse anlegga også tilgjengelege for uorganisert aktivitet.

Norconsult har også fremma et forslag til erstatningsbane for dagens 11-bane ved Førdehuset, denne er plassert til området i Hafstadparken, med den konsekvens at ein i så fall må nytte 8 mål dyrka jord for å kunne plassere bana der. Nordconsult sin tilråding for plassering medfører at BMX bana må flyttast, og at planlagt hoppbakke må vike, ein konsekvens som medfører at intensjonane for mangfaldet i Hafstadparken blir redusert.

Ut over at det skapar ein «ubalanse» i det som var tenkt som ein «park for alle» med å plassere tre fotballbaner side om side så har dette forslaget svakheiter i forhold til størrelse på speleflata, manglande infrastruktur for undervarme, lys og garderobeanlegg. Kostnader med grunnerverv er heller ikkje medrekna. Auka behov for garderobar- sanitæranlegg er ikkje vurdert slik det framstår.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags