Det «heilage» Førdehuset

HEILAGT: Førdehuset burde vere «heilagt» for det er faktisk snart det einaste vi har i Førde som er verdt å ta vare på. Det skriv Sverre Farsund.

HEILAGT: Førdehuset burde vere «heilagt» for det er faktisk snart det einaste vi har i Førde som er verdt å ta vare på. Det skriv Sverre Farsund. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet heiter at mange ser ikkje skogen for berre tre. I Førde er det mange som ikkje ser eller ikkje vil sjå løysinga på «køproblema» i sentrum utan bruer.

Mange politikarar snakkar om urbanisering og fortetting. Ein må lage uterom i sentrum for å få trivsel, og sykkelvegar. Det høyrest nesten «koseleg» ut.

SV – av alle parti – meiner Førdehuset og området omkring ikkje må oppfattast som «heilagt».

Ordførar Grotle skriv tidlegare i Firda at Førde vil oppleve det same som Bergen, med ei auka satsing og investeringslyst langs den nye og moderne infrastrukturen. Det vil seie langs ny E39 gjennom Fjellvegen og Sentrum Sør.

Problemet er at i Bergen flyttar dei mest mogleg av biltrafikken inn i tunnelar, som i Tromsø, og Bybanen ut i friluft. Innbyggarane i Sandviken i Bergen hadde kakefest då dei endeleg klarte å få bystyret til å flytte biltrafikken inn i ny tunnel og forlenge Bybanen i friluft. I Førde skal E39 gå gjennom Sentrum Sør, koste kva koste vil! Her vil det bli veldig attraktivt å etablere seg! Først skal ein berre bruke mange millionar av bompengepakka til å rydde vekk gamle hus.

Så seier Svenn E, Finden i Statens vegvesen i november 2018 at vegvesenet meiner at denne brua (over til Førdehuset) vil vere eit viktig ledd i eit framtidig trafikksystem i Førde. At brua vil avlaste trafikken på E39 og Rv 5, for dei som har lokalt mål eller utgangspunkt, og gjere trafikksystemet mindre sårbart, fordi det opnar for alternative ruter dersom vegen er stengd andre stadar.

Det er vel i grunnen E39 gjennom Halbrendslia som har størst potensial for å bli stengd? Kvifor skal ein då køyre i ring i Førde Sentrum mens ein ventar på at vegen opnar igjen? Det heile går ut på å lage eit trafikksystem i Førde Sentrum som skal bli ei trafikkmaskin med mest mogleg biltrafikk. Er det ikkje nok trafikk igjennom lyskrysset ved Handelshuset/Amfi og Riksveg 5 i dag?

Så til det «heilage» Førdehuset. Eg har sjølv vore med på å ha ansvar for arrangement i Førdehuset over tre-fire dagar, der meir enn 1200 born, frå heile Sør-Norge, frå 12 til 18 år har delteke. Førdehuset, og området ikring, er og har vore ein plass der ein trygt kan samle unge og gamle til store arrangement utan å vere redd for trafikkaos og skadde ved påkøyrsle og anna. Vi har fått mange tilbakemeldingar om gode og trygge arrangement!

No, med ny kulturskule og utbygging av Hafstadparken, er dette området blitt endå meir sårbart for biltrafikk. Kvifor skal ein bygge ei trafikkmaskin med rundkøyring kloss i Førdehuset, og dermed oppfordre foreldra til å køyre endå meir når dei skal bringe og hente ungane etter trening i Førdehuset/Hafstadparken og kulturskulen?

Er det ingen som ser at dette vil føre til endå meir biltrafikk, også gjennom sentrum? Fleire vil køyre ungane til og frå fordi det er det tryggaste – berre sjå kor mange som køyrer ungane til og frå skulane!

No seier også prosjektleiaren for Førdepakken at det ikkje er behov for gang- og sykkelbru i tillegg til køyrebru over til Førdehuset. Altså: borna skal køyrast mellom Førdehuset og Hafstadparken! Kvar er politikarane no, når dei snakkar så pent om urbanisering, om råd frå ekspertar, uteplassar og møteplassar i sentrum. Det er begynt å bli flautt for politikarane!

Er det ingen som vågar å seie at nok er nok? Skrinlegg denne køyrebrua over frå Hafstad til Førdehuset. Bygg ei pen og god gang- og sykkelbru med gangbru over Angedalsvegen så unge og gamle kan gå trygt mellom Førdehuset og Hafstadparken.

Førdehuset burde vere «heilagt» for det er faktisk snart det einaste vi har i Førde som er verdt å ta vare på!

Når Bompengeprosjektet Førdepakken blei snakka fram, trudde folk flest at vi skulle få ei trafikkløysing i Førde der E39 og Riksveg 5 skulle ut av Førde sentrum.

Men tvert imot, når ein les og studerer denne trafikkanalysen på ca. 70 sider, (revidert 07.11.2017), som ordførar Grotle og Arve Seger er så stolt av (har sikkert kosta ein del den også), så må ein begynne å lure på kva som har skjedd?

Her er ikkje tatt inn føresetnader om den planlagde handelsparken på Kronborg/Brulandsvellene (blir ikkje denne noko av?). Her er ikkje tatt inn forslag til nye tunnelar og forslag om å legge trafikk utanom Førde sentrum.

Alt skal innom Førde sentrum i stilige rundkøyringar og over nye bruer, ein skal auke kapasiteten i kritiske kryss og utvide eksisterande rundkøyringar, til kor mange felt?

Ein eller annan burde vakne, når det står at i 2040 vil trafikken mellom Klettentunnelen og Storehagen bru, stå i ca. 50 min rundt kl. 16:30-17:30. Det vil seie kø heilt til Naustdal, og kanskje lenger.

Eg, og vårt firma, kjempa ein innbiten kamp i 2014–2015 for å bevare Førde Depot som drivstoffdepot i Sogn og Fjordane. Det var mange som ville legge det ned og flytte trafikken over på lastebil.

Vi, som er brukarar, klarte å få «ekspertar» til å forstå at beste løysinga var å forsyne Førde Depot med båtar frå Mongstad til Førde. Vi klarte å hindre at ca. 2500 vogntog-lass med drivstoff ikkje blei frakta på E39 mellom Mongstad/Bergen og Førde.

Men framleis skal ca. 2000 vogntoglass med drivstoff gjennom rundkøyringa ved Storehagen bru eller over Hafstad bru viss nokon finn på å bygge den, og ut til kundar i Sogn og Fjordane.

Tenk om vi kunne ha køyrt gjennom ein tunnel frå riksveg 5 og komme oss inn på E39 på Bruland! Kvifor ikkje legge gamle «kjepphestar» bort og ta fram Kjartan Myklebust si skisse over trafikksystemet i og om kring Førde Sentrum?

  Skrinlegg Hafstadbrua 

Kvifor er ein så redd for å ta saka til Stortinget igjen? Er det noko ein har skjult og ikkje vil skal komme fram? Eller er ein berre for stolt?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags