Nynorskhuset: Bruk Husmorskulen

SYMBIOSE: Mitt forslag er at ein tek i bruk Førde Husmorskule som bygg for Nynorskhus. Det blir ein fin «symbiose» med Førdehuset i dag., skriv artikkelforfattaren.

SYMBIOSE: Mitt forslag er at ein tek i bruk Førde Husmorskule som bygg for Nynorskhus. Det blir ein fin «symbiose» med Førdehuset i dag., skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEg opplever at redaktøren i Firda fredag 1.11.2019, i ein kommentar-artikkel, slår på stortromma når han byggjer luftslottet Nynorskhuset, og trampar gladeleg over sjukeheimsplassar med vitande og vilje.

Eg føler at han han nærmast piskar opp ein «hallelujastemning» med «Norges beste Bibliotek», og vidare teiknar han bilde av både ordførar-gallion og restaurant-draum, og berømmelse på Vestlandsrevyen. Og han «slaktar den heilage kua Førdehuset» (sitat frå hans artikkel). Han avsluttar med at «Sunnfjord treng visjonære politikarar som realiserer slike prosjekt. Nokon som tek utfordringa?»

Han får meg til å føle meg liten og småleg når eg har heilt andre visjonar for framtida:

Etter mi meining må ein alltid setje tæring etter næring, og sjå nytteverdi i sin heilskap. Ei trend i tida er det også å sjå til gjenbruk.

Mitt forslag er at ein tek i bruk Førde Husmorskule, (som den heitte ein gong i tida, og framleis heiter på folkemunne) som bygg for Nynorskhus, som snart står tomt. Det blir ein fin «symbiose» med Førdehuset i dag. Sentrumsnært er det også, spesielt med omsyn på at det kjem ei bru over til Hafstadparken om ikkje lenge.

Det er på tide at ein byrjar å tenke nytt. Ikkje nytt i forbindelse med luftslott og vekst, men nytt i forhold til kva som er best for framtida, og alle dei endringar og tilpassingar vi må klare.

No må politikarane i Førde/Sunnfjord behalde bakkekontakten, og ikkje gå på stormannsgalskapen, men vere vaksne og gjere godt arbeid frametter.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags