Kjære statsminister Erna Solberg

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevEg ber deg snarast mogleg om å trekkje tilbake utsleppsløyve til Nordic Mining og Nussir for den planlagde dumpinga av gruveavfall i Førdefjorden og Repparfjord. Du har eit ansvar for å bevare dei reine fjordane våre og for framtida!

Eg ber om dette i solidaritet med fiskarar, næringsliv, urfolket, reindrift, miljørørsla og lokalbefolkninga som er sterke motstandarar av å dumpe gruveavfallet rett i sjøen. Som dei er eg uroa for dei fatale konsekvensane ei slik miljøkatastrofe kan få for våre fjordar.

Nordic Mining planlegg å dumpe 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden. Nussir vil dumpe 30 millionar tonn giftig gruveavfall i Repparfjorden. Begge fjordane har eit unikt artsmangfald, og gruveavfallet vil skade marine økosystem, fiskeri, trua artar og lokalsamfunn som er avhengig av desse verdiane. Begge fjordane har krav på vern som nasjonale laksefjordar.

Både desse og fleire fjordar er vår felles næringsveg, verdiar og vår kulturhistoriske arv. Desse fjordane er og eit spektakulær turistattraksjon som trekk menneske frå heile verda. Av desse grunnene har fjordsakene vekt stor merksemd både i Noreg og internasjonalt. Under den internasjonale IUCN-konferansen på Hawaii i september støtta fleirtalet av verdas land eit forbod mot dumping av gruveavfall på sjø. Noreg og Tyrkia var dei einaste landa som røysta mot. Noreg kan ikkje lenger halde fram med å vere eit av dei svært få landa som gjer dette.

Norske fjordar skal ikkje vere avfallsplassar for gruveindustrien. Eg ber deg og du di regjering om å ta ansvar å gjere forbod mot denne praksisen, og å snarast trekkje tilbake Nordic Mining og Nussir sitt løyve til å dumpe gruveavfall på sjøen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags