Uvitande påtalemakt?

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevDommen i saka om protesten mot deponi i Førdefjorden er kommen, og ikkje uventande er tidlegare ilagde bøter halde ved lag. Juristane som steller med slikt er sjølvsagt så oppegåande at dei finn ein paragraf som seier at du må vere lydig mot det politiet seier du skal gjere. Viss du ikkje er det, så skal du bøteleggast med store pengar.

Men kvifor desse ungdommane var ulydige, at dei hevda å bruke naudretten, ( Grunnlova § 112 mellom anna), fikk ikkje medhald hjå dei juridisk kunnige.

Då eg etter at resultatet var offentleggjort, høyrde eit intervju i TV med representant for påtalemakta, Marie Skeibrok Ånensen, som for open mikrofon sa: Eg stiller spørsmål om kvifor disse ungdommene ikkje har prøvd å få omgjort vedtaket om utslippsløyve ved prøvving for domstolane» Etter det eg forstod, var dette straffeskjerpande at sovore ikkje var gjort.

Det er skremmande å bli vitne til at påtalemakta ikkje er meir oppegåande enn at det må stillast eit slikt spørsmål. Etter mitt syn betyr det at påtalemakta ikkje kjenner heile saka godt nok, og likevel skal dei dømme medborgarane sine.

Eg kan gje eit greitt svar: PENGAR

Det er forskjell på desse ungdommane og Nordic Mining med omsyn til kva høve dei har til å prøve å få omgjort eit vedtak fatta høgt oppe i forvaltinga. Kva har det ikkje kosta gruveselskapet å få arbeidd ut nye analysar som syner at «Samfunnsnytten» er større enn det negative ved dumpinga ?

Og kva har det kosta å ha nokon taleføre personar «luskande» rundt i dei rette korridorane for å bere fram bodskapen.

Viss ein slik påverknad ikkje fører fram, så er vegen for luskarane kort fram til å komme med tilbod. Det vere seg i form av pengar, eller andre ytingar. Slikt noko kallast korrupsjon. OBS – Eg seier på ingen måte at det har skjedd, men tanken kan tenkjast. Tanken min er framleis fri inntil det kjem ein jurist som tolkar ein paragraf dit hen at å tenkje så formasteleg, skal straffast med bøter eller fengsel !

Eitt av argumenta som, etter det eg forstår, vart nytta, var lovnad om nye arbeidsplassar. Dette gjekk inn hjå Arbeiderpartiet sentralt og hjå ordføraren lokalt.

Her kan vi igjen bruke tanken, eller rettare sagt sunn fornuft. Skal tru kor mange naustedøler som tek seg arbeid i gruva med norsk tariffløn, og kor mange austeuropearar som gjer det samme? Kanskje det går med desse framandarbeidarane som vi høyrer andre stader, at når dei kjem heim til flyplassen sin, så vert dei møtt av representantar frå det norske firmaet dei jobbar hjå, og bede om å ta ut ein sum hjå nærmaste minibank for å betale attende ein differanse mellom ei lureløn i Noreg og ei rell ytting som svarar til nivået i heimlandet ?

Kva då med dei utanlandske entreprenørane som har adressa si i eit lågkostland.

Eg spår at «Samfunnsnytten» og skatteinntektene til Naustdal kommune ikkje vert slik som forventa.

Attende sit fortvila fjordbuarar med øydelagt fjord – dette med velsigning frå både politi, domstol og Stortinget !

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags