På leiarplass hevda Firda 9. desember at Lars Haltbrekken klamrar seg til eit halmstrå når Naturvernforbundet ber om nye undersøkingar av sterkare straumar i Førdefjorden enn tidlegare kjent. Vi snakkar her om ei av landets mest alvorlege miljøsaker nokon gong, med utslepp av 250 millionar tonn gruveslam og kjemikaliar, og stor internasjonal merksemd. Når det blir avdekka av frittståande faginstansar at det kan vere betydeleg meir straum i fjorden enn hittil framkomme og det attpåtil er avdekka at NIVA har unnlate å ta med finmassen i modelleringa av spreiingsrisiko, då snakkar vi ikkje halmstrå, men skandale dersom kunnskapen ikkje vert teken omsyn til.

Dette er ikkje første gong det blir påpeikt at straummålingane og modelleringane i Førdefjorden har vore for dårlege. Havforskingsinstituttet har fleire gongar kritisert dei innsamla straumdataa for å vere for dårlege, og straummodellane for å vere for enkle og mangle fleire av dei viktige drivkreftene og grenseverdiane. Dette meiner havforskarane har ført til underestimering av spreiingspotensialet. Deira eigne modelleringar viser at partiklane vil spreie seg i heile det indre bassenget av Førdefjorden, og at faren for spreiing ut av fjordbassenget vil auke betrakteleg etter kvart som deponiet veks.

Vidare vil vi vise til den nye rapporten til Dr.philos. Agnar Kvellestad ved NMBU, som viser korleis NIVA har unnlate å ta med dei minste partiklane, dei under 15 mikrometer, når dei har modellert spreiingsrisiko. Desse minste og lettaste partiklane utgjere 37 000 tonn årleg, og er naturleg nok dei som lettast vil kunne spreie seg langt av garde og som brukar lengst tid på å søkke til botnen. Dermed vil partikkelkonsentrasjonen i vatnet rundt deponiet verte høgre enn simulert. Når vi i tillegg veit at det er dei minste partiklane som potensielt kan gjere størst skade på livet i fjorden, er dette alvorleg.

I tillegg påviste Kvellestad i sin rapport at grenseverdiane for kor høg konsentrasjonen av partiklar kan vere i vatnet før fisk tek skade av det, er sett opptil 50 gongar for høgt for vaksen fisk og opp til 170 gongar for høgt for egg og larvar i NIVA sin rapport.

Oppsummert viser dei studiane som er gjort etter at konsekvensutgreiinga vart gjennomført at det er sannsynleg at konsentrasjonen av små partiklar i fjorden vil vere høgre enn modellert, straumen sterkare og toleevna til fisken lågare. Legg ein då til den aller nyaste informasjonen frå forskarane ved Universitetet i Bergen om potensialet for periodevis sterk turbulens i deponiområdet, meiner vi å ha eit veldokumentert grunnlag for å be om at styresmaktene sikrar eit godt kunnskapsgrunnlag.

Forskarane ved UiB planlegg tokt til Førdefjorden for å samle straumdata allereie i februar 2016. Naturvernforbundet forventar at regjeringa ventar på den informasjonen som vil komme fram her, samt sørger for ny modellering av spreiingsrisiko der finmassen vert inkludert, og tek ei ny vurdering av all ny informasjon før dei avgjer klagesaka. Berre slik kan kunnskapsgrunnlaget sikrast i ei sak som kan få dramatiske konsekvensar for livet i og rundt Førdefjorden for generasjonar.