Mineralutvinning – ny kurs

KJEMPAR MOT DEPONI: – For Raudt er kampane om Førdefjorden og Repparfjorden berre toppen av isfjellet; potensielt står alle norske fjordar på spel, skriv innsendarane. Her frå Engebøfjellet i Vevring.

KJEMPAR MOT DEPONI: – For Raudt er kampane om Førdefjorden og Repparfjorden berre toppen av isfjellet; potensielt står alle norske fjordar på spel, skriv innsendarane. Her frå Engebøfjellet i Vevring. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Det er noko alvorleg feil med norsk minerallovgiving. Dersom oljeselskapa hadde vore underlagt same lovverk som gruveselskapa, hadde vi ikkje hatt noko Oljefond i dag. Raudt meiner at Noreg må endra mineralstrategi. Ikkje berre på grunn av at det er dårleg samfunnsøkonomi, men også fordi vi må ta omsyn til miljøet og dei framtidige generasjonane. Raudt seier klart nei til å dumpa overskotsmassar frå gruveindustrien i havet.

Sjødumping, vårt konkurransefortrinn? «Dette blir tidenes skattejakt i Norge», sa Trond Giske i 2013 då han lanserte sin «Strategi for mineralnæringen». Kva skal til for at for å oppnå hovudmålsetjinga i strategien, at Noreg skal vere eit attraktivt land å drive mineralverksemd i? Sett frå utlandet, er den norske arbeidskrafta relativt dyr, og mineralførekomstane i Noreg er ikkje unike.

Svaret er «sjødeponi». Dumping av gruvemassar, blanda med forskjellige kjemikal, rett i sjøen. Sjødumping, utan særlege kostnader for den som forureinar, der har Norge eit fortrinn. Dagens regjering arbeider også aktivt for, og har lagt fram forslag om å starta mineralutvinning på havbotnen. Med omsyn til desse store og skremmande draumane, kunne eit forbod mot sjødumping frå land ha vore ein alvorleg strek i rekninga. Eit forbod mot sjødumping kunne ha vore redninga for fjorden, fisken og folket.

Sjødumping er blitt eit kjernespørsmål i strategien. Det er sjødumping som skal gjera Noreg attraktivt for investeringar frå utlandet. Norsk Bergindustri har i samarbeid med regjeringa arbeidd for å få internasjonal aksept for at sjødumping er «best practice» i bransjen. Raudt, derimot, seier klart nei til å dumpa overskotsmassar frå gruveindustrien i havet.

Strategi for privatisering. Mineralstrategien legg, saman med gjeldande lovverk, til rette for ein slags Klondyke-politikk. Det blir sagt at vi har mineral for 2000 milliardar kroner som berre ventar på å bli hausta. Kven som helst kan byrja å leita. Lønsemda og «forutsigbarheten» i næringa skal aukast. Mineralressursane i Noreg skal kartleggast, låne-, garanti- og tilskotsordningar skal styrkast. Kompetansen skal utviklast, og det skal satsast på forsking og utviklingsarbeid.

Dette er bidraget frå myndigheitene for å skapa «så stabile og forutsigbare rammebetingelser som mulig». Og det er private aktørar som skal henta ut profitten frå vår felles naturressurs og driva fram utviklinga: «Det er bedriftene selv som må utnytte mulighetene for lønnsom virksomhet. Dette er et grunnleggende perspektiv i regjeringens arbeid med mineralnæringen».

Gruvemodellar i fortid og framtid. Planane Nordic Mining har for Engebøfjellet ved Førdefjorden, viser kor gale det kan gå. Selskapet fekk i 2015 løyve frå Klima- og miljødepartementet til å dumpa 11 tonn av gruveslam rett i havet, kvart einaste minutt, døgnet rundt, i femti år. Dei fekk også løyve til å driva eit ope dagbrot like stort som 23 fotballbaner. Miljøhærverket som Nordic Mining har fått løyve til, er ikkje berre totalt uakseptabelt, det er heilt unødvendig.

Sist haust hende to viktige ting i denne saka. NM endra planane sine, noko som resulterte i at 64 prosent av dei forventa arbeidsårsverka og 10 milliardar av inntektene til felleskassa forsvann. Dermed, sjølvsagt, forsvann også føresetnaden for løyva dei hadde fått, men utan at løyva vart revurderte.

Eit nytt selskap kom også på bana, som rival til NM. Arctic Mineral Resources (AMR) er deleigd av lokale grunneigarar, og meiner dei kan driva gruveverksemd på ein heilt annan måte enn NM. Utan ope dagbrot, utan sjødeponi og utan landsdeponi. Alle mineral som ikkje skal seljast, skal oppbevarast for framtidige generasjonar.

Slaget om gruvedumping står også ved Repparfjorden i Vest-Finnmark. Selskapet Nussir ASA vil dumpe 30 millionar tonn gruveavfall i ein fjord som har status som nasjonal laksefjord. Området rundt er i tillegg viktig for reindrifta, og eit nesten samrøystes Sameting går mot planane om gruvedrift. Trass i at samiske interesser skal vernast, både ifølge Mineralstrategien og Minerallova, er realiteten den at når det oppstår konflikt mellom desse interessene, taper dei samiske interessene. Som konflikten mellom samane og Nussir i Finnmark klart viser.

Ny kurs. For Raudt er kampane om Førdefjorden og Repparfjorden berre toppen av isfjellet; potensielt står alle norske fjordar på spel. I 2016 brukte mineralnæringa totalt 0,7 prosent av omsetninga til miljøverntiltak, medan 0,1 prosent gjekk til miljøinvesteringar. Desse tala vitnar om ei laber miljøsatsing.

Mineralutvinning må byggja på reelle, langsiktige og etiske behov, ikkje dei varierande behova i marknaden. Driftsmetodar må veljast ut frå minimering av naturinngrep. Når det gjeld miljø og framtidige generasjonar, kan vi ikkje tillate kortsynt grådigheit å kontrollere utviklinga.

Pàll H Hannesson

Pàll H Hannesson Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags