Vil skape liv og røre i Førde

LIV OG RØRE: Ambisjonane til Førdefestivalen er meir enn å overleve! Vi vil skape liv og røre i Førde under festivalveka, skriv fungerande direktør for Førdefestivalen, Sølvi Lien i denne artikkelen. Bildet er frå .Festplassen under festivalbrunsjen - i fugleperspektiv.

LIV OG RØRE: Ambisjonane til Førdefestivalen er meir enn å overleve! Vi vil skape liv og røre i Førde under festivalveka, skriv fungerande direktør for Førdefestivalen, Sølvi Lien i denne artikkelen. Bildet er frå .Festplassen under festivalbrunsjen - i fugleperspektiv. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFørdefestivalen legg snart jubileumsåret 2019 bak seg, og det er tid for å summere opp og deretter – sjå framover.
Festivaldagane i juli 2019 vart gjennomførte med 80 arrangement på 30 arenaer i fem kommunar. Vi hadde 250 artistar og rundt 22.000 besøkande. Førdefestivalen er den største festivalen for tradisjons- og verdsmusikk i Skandinavia, og det største årlege kulturarrangementet i Sogn og Fjordane. Vi jobbar hardt kvar dag for å halde på den plassen!

Det var 30-års markering i år, og festivalen inviterte til jubileumsgalla med gjenhøyr av tidlegare publikumsfavorittar, i tillegg til nye stjerner på folke- og verdsmusikkhimmelen. Vi er glade for å kunne konstatere fullt hus og stormande jubel på konserten. Tilbakemeldingane frå besøkande på årets festival er gode og mange seier dei vil ha meir! For å markere bursdagen spesielt, inviterte festivalen til feiring med gratis brunsj for alle i parken. Brunsjen var eit stort økonomisk løft for festivalen, men vi ville gjere dette som ei takk til vårt gode festivalpublikum. Parken var full av glade og svoltne små og store menneske og vi trur det var om lag 2700 personar innom for å få musikk og mat. Tilbake fekk vi smil, ros og godt humør.

Festivalen vart i haust heidra med internasjonal pris som Europas beste musikkfestival uansett sjanger. Førdefestivalen var nominert blant 800 festivalar, og vart ein av fem vinnarar. Førdefestivalen er den første norske festivalen som tek imot denne prisen. Bak prisen står Europe for Festivals, Festivals for Europe – EFFE, i regi av European Festivals Association (EFA), støtta av Europakommisjonen og Europaparlamentet. Vi vann fordi vi tilbyr kunst som vekkjer oppsikt, er modig, grenselaus og held svært høg kvalitet. Det skal vi halde fram med!

Vi har fått mange konstruktive tilbakemeldingar og innspel etter årets festival. Det er svært positivt når folk engasjerer seg, så dette vil vi absolutt ha. Nokre har og gitt uttrykk for ting dei saknar. Det er og viktige tilbakemeldingar til oss. Vi tek det som eit teikn på at folk bryr seg om festivalen. Vi låner det gamle slagordet til Posten ein augneblink og seier; «Vi lever for å levere»! Men vi lever og for å vere i utvikling, vere modige og relevante. Det å finne balansen mellom å la alt vere som det har vore, og å satse på nye opplevingar er ein svært viktig jobb for festivalstaben.

Vi er kjende med at nokre tykkjer det er leit at vi har tatt bort festivalparaden på laurdagen. Årsakene til det er fleire. Den viktigaste er at festivalbransjen er i endring og Førdefestivalen no er på eit nivå der svært mange av artistane er på festivalen som del av ein større turné, og dermed berre har ein kort stopp i Førde. Dei kjem, spelar og reiser i løpet av ein til to dagar. Festivalparaden har minka i omfang dei siste åra, rett og slett fordi det er færre artistar som er her på same tid.

I staden for parade, tilbyr vi mange gratis arrangement i løpet av festivalen, på mange arenaer i heile Sunnfjord. For oss er det viktig at terskelen er låg slik at alle som vil kan få høyre og sjå musikk og artistar i toppklasse i eige nærområde. Mange av artistane er med på utekonsertane på Torgscena og i parken i Førde. På denne måten er dei med å skape eit levande bysentrum under festivalen. Vårt inntrykk er at folk tykkjer utekonsertane er eit godt supplement til billetterte konsertar. Om vi får det til økonomisk, vil vi gjerne by på meir musikk ute i åra framover.

2019 har, trass jubileum og feiring, vore eit utfordrande år for Førdefestivalen. Vi strevar med å slå hol på ei oppfatning om at festivalen lever feitt på offentlege midlar og ikkje treng meir støtte frå det lokale næringslivet enn vi har i dag. Vi er svært takksame for støttespelarane våre, både offentlege og private aktørar. Utan økonomiske tilskot frå private verksemder, stat, fylke og kommune, ville ikkje festivalen overleve. Utviklinga går likevel mot større privat finansiering av kultursektoren. Det gjeld også Førdefestivalen. Festivalen treng derfor fleire bein å stå på. Kultur er både børs og katedral – og for ein festival som vår.

Ambisjonane til Førdefestivalen er meir enn å overleve! Vi vil skape liv og røre i Førde under festivalveka. Vi vil vere til stades på mange/fleire arenaer og by på nye opplevingar. Vi vil utvikle oss vidare og halde posisjonen vår i toppsjiktet av norsk kultur. Vi har nettverket, artistane og ideane, men vi har ikkje pengane til å møte alle forventningane.
Vi kan vere med å skape aktivitet i Førde sentrum i ei lita veke i juli. Håpet vårt er at det vi gjer gjennom Førdefestivalen inspirerer andre til å bidra til dette, og ikkje minst gjere det same resten av året. Førde treng det!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags