Torpedering av Festivalparaden?

SPENNANDE: Publikum langs paraderuta får eit spennande glimt av alle artistane. Musikk frå ulike orkester langs ruta og flotte nasjonale kostyme, der mange svingar seg i dansen, har kvart år vore ei flott oppleving som var eit stort sakn i år, skriv artikkelforfattaren.

SPENNANDE: Publikum langs paraderuta får eit spennande glimt av alle artistane. Musikk frå ulike orkester langs ruta og flotte nasjonale kostyme, der mange svingar seg i dansen, har kvart år vore ei flott oppleving som var eit stort sakn i år, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Meiningar 

Det var med undring ein i år opplevde at Festivalparaden vart fjerna frå programmet til Førdefestivalen. Paraden har i alle desse 30 åra fungert som festivalen sitt «Flaggskip» med flott presentering av alle deltakarane frå ulike land. Var det Festivalbrunsjen som «torpederte» ein alltid kjær og etterlengta parade? Brunsj, som tyder sein frukost og tidleg lunsj, verkar litt som «Keisaren sine nye klede». For det er no eigentleg vanleg norsk frukost til alle dei om lag 2000 som møtte opp i år.

Førdefestivalen, som den allers tørste i sitt slag i Europa, har etter 30 år opparbeidd eit solid renommé og på mange vis vore Førde si «Kulturelle Månelanding». Når NRK i år droppar å presentere festivalen på statskanalen, skal ein ikkje sjå bort frå at vurdering av programmet i forkant har påverka val av kven dei ville presentere. I år valde NRK å presentere festivalane Roskilde og Riddu Riddu.

For oss eldre som i 30 år har opplevd ulike konsertar, er etter kvart litt metta og går ikkje lenger på mange konsertar i festivalveka, men lever lenge på gode minne frå tidlegare arrangement, som t.d. «Fargespel». Men frukost og parade prøver vi alltid å få med oss, for her får vi ein flott oversikt over alle gjestane frå ulike land. Fremst i paraden møter vi leiar og mange frivillige som anten køyrer bilar med ulike grupper, leiar hestar, eller går med plakatar med namn på kva land dei ulike gruppene kjem frå.

Publikum langs paraderuta får eit spennande glimt av alle artistane. Musikk frå ulike orkester langs ruta og flotte nasjonale kostyme, der mange svingar seg i dansen, har kvart år vore ei flott oppleving som var eit stort sakn i år. På same måte som paraden gir oss ein brei og flott presentasjon av artistane, får artistane applaus og positiv glans og merksemd frå publikum langs paraderuta. 

At ein ny direktør klarer å droppe paraden, er vanskeleg å forstå? Her burde styret og dei med lang erfaring sette foten ned. Dersom det er manglande honorar til artistane, som vegrar leiinga i å planlegge ein parade, bør innbydinga til neste år innehalde ein klar klausul på at paraden er ein tradisjon alle grupper må ta del i.

Medan fleire artistar på ulike arrangement ofte kritiserer publikum som uroar konsertar med forstyrrande samtale, legg festivalen i Førde opp til det motsette. Slik opplegget vert gjennomført, vert publikum indirekte nettopp oppfordra til samtale med dei ein møter i matkø, eller dei ein sit saman med ved frukostborda. Korleis artistane opplever denne forstyrrande sosiale aktiviteten medan dei framfører sitt program frå scena, kan ein berre undre seg på. Men det «skurrar» ein del når langvegsfarande artistar vert brukt som taffelmusikk, medan publikum til tider har langt meir fokus på mat, drikke og samtale med sidemann. Svak instrumental musikk i bakgrunnen vil nok fungere gjennom praten, men verre er det når ein med vridd nakke i 90 grader skal få med oss hallingkastet der hatten flyg i lufta. Eller dei flotte prestasjonane i ein samanhengande rekkje av gymnastiske c-moment med t.d. den baklengse stiften.

Dersom det var den utvida frukosten (brunsjen) som «torpederte» Festivalparaden, trur eg mange heller vil «ete fyst» heime og få attende ein viktig og kjær Festivalparade. Ein musikkfestival bør ha hovudfokus på musikken. Dei tilreisande gruppene kan og få glimt av vår lokale kultur. Eit tidlegare år vart paraden forsterka med Førde Skulemusikkorps i spissen, med eit velklingande korps og stilige drilljenter. Ein fin måte å takke og heidre festivaldeltakarane på.

Lukke til med planlegging av neste festival.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags