Gratis festivalbillettar til ungdomen

GRATIS: Arild R. Sætre meiner gratisbillettar for ungdom er ein måte å få ned gjennomsnittsalderen til Førdefestivalen sitt publikum. Bildet er frå gallakonserten, ein av dei to Sætre omtalar i teksten.

GRATIS: Arild R. Sætre meiner gratisbillettar for ungdom er ein måte å få ned gjennomsnittsalderen til Førdefestivalen sitt publikum. Bildet er frå gallakonserten, ein av dei to Sætre omtalar i teksten. Foto:

Av
DEL

MeiningarDet strøymer på med folk. Den store idrettshallen fyllest gradvis opp. Opningskonserten på den 30. Førdefestivalen gir publikum smakebitar på det som skal kome. Mellom anna kjensleladd, lengtande portugisisk fado. Energisk skotsk reel. Vibrerande kora-tonar som rører dei inste strengane til alle som er til stades i salen. Ikkje minst, fem normbrytande kvinner som serverer rytmisk musikkmagi på instrument som i utgangspunktet er forbodne for dei.

På jubileumsgallaen på laurdagskvelden skjer det same. Folk strøymer til og fyller idrettshallen. Opningsnummeret frå det serbiske brassbandet er eit energisk fyrverkeri som bles folk bakover i stolsetet. Med fraseringar, teknikk, presisjon og innleving serverer dei folkemusikk ispedd synkoperte jazzelement som berre erfarne og profesjonelle musikarar kan greie.

Deretter står høgdepunkta i kø. Mellom anna vibrerande intens folkemusikk frå Mongolia som gjer språkforståing overflødig. Forbodne tonar frå Iran. Multinasjonal toradar-oppvisning med musikarar frå Italia, Finland og Irland. Ei så intens blanding av folkemusikk og improvisatoriske blues-element at heile salen spontant klappar og vaggar i takt med musikken. Det heile toppar seg med ein russisk tsunami av eit orkester. Ei blanding av folkemusikk og heavyrock blanda med sirkusprega artisteri. Musikalsk og visuell underhaldning på høgt nivå. Til slutt ståande applaus og ballongslepp frå taket. Ei uforgløymeleg festførestilling ein 30-åring verdig. Tilsynelatande berre velstand.

Men noko manglar. Noko vesentleg manglar i den feststemde salen. Frå min posisjon øvst i det vesle amfiet bakarst i salen kan eg tydeleg sjå det. Eg kan sjå alle som kjem inn i salen og eg har eit godt oversyn utover den store idrettshallen. Ein hall full av feststemde godt vaksne menneske. Både på opningskonserten og på jubileumsgallaen blir den store hallen fylt opp av godt tilårskomne menneske. Ein stor idrettshall nesten utan ungdomar.

Dei to konsertane gav intense, kjensleladde og energifylte opplevingar, men munna i tillegg ut i eit spørsmål. Kvifor går så få ungdomar på festival? Svaret på spørsmålet er nok samansett og handlar truleg både om musikksmak, om manglande kunnskap og om mote. Men kanskje handlar det mest om økonomi. For det er dyrt å gå på konsertar. Ungdomar utan vesentleg inntekt har rett og slett ikkje økonomi til det. Mitt svar på dette problemet er enkelt. Gi ungdomar som går på skule eller studerer gratis festivalbillettar. Det er ingen ting å tape på det. Tvert imot. Det er, etter mi meining, berre ei god framtidsinvestering. Det verste som kan skje er at det kjem så mykje publikum at det ikkje er plass til alle.

Temaet er så viktig at eg tillèt meg å heve det eit nivå opp. Etter mi meining burde Førdefestivalen bli utnemnd som internasjonal fredsfestival. For internasjonalt kultursamarbeid er etter mi meining synonymt med fredsarbeid. Dette har stadig fleire forstått. Det blir stadig oftare framheva i festtalar og opningstalar på festivalen.

Vi har frå før Norec, tidlegare Fredskorpset. I same ånd ville det passe godt om Førdefestivalen fekk status som internasjonal fredsfestival. Sjølvsagt med solid statleg finansiering i harmoni med landet vårt sin intensjon om å vere ein spydspiss innan fredsarbeid. Dermed kunne festivalen òg få midlar til prosjekt tilrettelagt for skular og utdanningsinstitusjonar. Opplysningsskapande kampanjar som får fleire ungdomar til å forstå at internasjonalt kulturarbeid er framtidsretta fredsarbeid. For ungdomar er opptekne av framtida si. Det viser deira store engasjementet for miljøet. Dei skjønar heilt sikkert òg at musikk er det internasjonale språket som best fortel historia vår.

Inst inne veit både unge og gamle at kommunikasjon er det einaste som kan løyse alle problem. At det er umogleg å gå til krig mot nokon ein forstår og som ein òg kjenner historia til.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags