Fargerik musikkfestival i Førde

DANSEN I MUSIKKEN:  På Larris var det invitert til dans med spanske rytmer. Eivind Hasle meiner flamencoen frå Spania gjorde årets tema svært tydeleg.

DANSEN I MUSIKKEN: På Larris var det invitert til dans med spanske rytmer. Eivind Hasle meiner flamencoen frå Spania gjorde årets tema svært tydeleg. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevVi kjenner oss forynga og oppfriska etter nokre dagar på den årlege Førdefestivalen. På denne musikkfestivalen opplever vi ei ideell og tidsriktig blanding av det heimlege, lokale og nasjonale – og det internasjonale og globale.

Her er både folkemusikk frå Nordfjord og Hallingdal – og musikkuttrykk frå m.a. Finland, Spania, Kapp Verde og Mozambik – og både kubansk salsa og norsk religiøs folkesong.

Dansen i musikken – og musikken i dansen, var årets tema, og temaet vart tydeleggjort m.a. av flamenco frå Spania og hallingdans frå vårt land – og fleire kortkurs i ulike folkedansar, og dansemoglegheiter etter konsertane. At musikken også er kopla til samfunnsforhold og politikk, vart m.a. illustrert gjennom sigøynarmusikk frå Romania og kurdisk song av ei flott kurdisk songarinne – som no budde i Amsterdam og ikkje kunne reise tilbake til heimlandet sitt, Tyrkia. Heile 7000 musikarar frå heile kloden er presentert i Førde sidan festivalstarten for knapt 30 år sidan.

Like viktig som sjølve forestillingane er å registrere folkelivet rundt festivalen. Hovudsenteret for konsertane og framsyningane er det imponerande Førdehuset, sentralt plassert i Førde – og med skolar og idrettsanlegg rundt, og med bibliotek, kantine og ei mengd store og mindre salar. Men elles er store delar av sentrum prega av festivalen, med opptog og gratiskonsertar, både på hotell, torg, skolar, ungdomshus og i kyrkja.

Og bortimot 350 personar deltar som frivillige under festivalen. Her er ikkje berre folk frå Førde og næraste omland, men også folk som har meir eller mindre tilknytning til staden, eller som ønsker å vere del av det frodige musikk- og folkelivet under festivalveka. Fleire av tilflytta innvandrarar har viktige roller som kjentfolk og tolkar for musikarane. Og blant musikarar og frivillige kan vi og finne kjente personar frå Møre og Romsdal, som til dømes Hayden Powell – som frivillig i 2017 knytte kontakter som førde til ein større internasjonal musikkturne, eller Inger Marie Kvernberg, som i år opptrådde med gruppa Majorstuen.

Interessant var det og å treffe igjen Ole Johan Østenstad, tilsett på rådhuset i Førde sidan 1988, og rådmann sidan 2004 – men også i år frivillig medarbeidar i festival-staben. Han skal no styre samanslåingsprosessen mellom Førde og 3 nabokommunar, og etterpå vere rådmann i den nye, større kommunen. Tilknytning til Nordmøre har han og, gjennom mora, som var frå Surnadal og fødd Bæverfjord. I 1969 vart både Surnadal og Førde begge utpeikte til å vere regionale vekstsenter.

Det er liten tvil om kven som har utvikla seg mest. I år er Førde til og med utpeikt av Kommunal Rapport som den beste kommunen i landet å bu i – ut frå dei 152 kriteria som er med i vurderingsgrunnlaget!

Så kan ein sjølvsagt spørre seg: kor sentral er Førdefestivalen når det gjeld å gi vekstimpulsar, vitalitet og livsglede for kommunen og inn i framtida? Neste år er Festivalen 30 år. Det er mange som kan ha idear og impulsar å hente frå det dei har fått til i Førde!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags