Pinleg, Firda!

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevEg har med undring registert Firda si manglande dekning av Førdefestivalen. Utanom artiklar med fortent ros av avtroppande festivaldirketør Hilde Bjørkum, er det svært lite om festivalen, både på førehand, under og etterpå.

Ein biletserie på nett kom i papiravisa/evisa tysdag! Då snakkar vi om prioritering. Ikkje noko lokal-/regionavis eg kjenner ville hatt så slett dekning av eit slikt arrangement. Internasjonale medier er til stades, men ikkje lokalavisa!

Er det for lite lokalt å hente på den internasjonale folkemusikkfestivalen? I tilfelle kunne prosjektet "Klangen av Astrup" produsert av Gro Marie Svidal og med fleire lokale utøvarar i aksjon vore interessant. Firda Tidend blant andre var der og laga reportasje.

Er det tilfeldig, ein tabbe eller medvite at Firda er fråverande på Førdefestivalen? Uansett er det pinleg for Firda, tykkjer eg.

Jostein Aardal

Journalist frå Gloppen med over 30 års erfaring, mellom anna frå Firda. Aardal har vore aktiv i folkemusikkmiljøet sidan 1970-talet. Han gav ut boka Skapt til spelemann : Sigmund Eikås - mannen og musikken i 2017.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags