Førdefestivalen og ringverknader

FESTIVALEN: – Vi trur det er meir fruktbart å drøfte både økonomiske og andre samfunnsmessige ringverknader av kulturarrangement i eit vidare perspektiv og med meir relevante samanlikningar enn det dette høgskuleprosjektet maktar å få fram i si undersøking, skriv Hilde Bjørkum og Ped Idar Almås. Her frå då Fanfare Ciocârlia skapte stemning i parken på Festplassen.

FESTIVALEN: – Vi trur det er meir fruktbart å drøfte både økonomiske og andre samfunnsmessige ringverknader av kulturarrangement i eit vidare perspektiv og med meir relevante samanlikningar enn det dette høgskuleprosjektet maktar å få fram i si undersøking, skriv Hilde Bjørkum og Ped Idar Almås. Her frå då Fanfare Ciocârlia skapte stemning i parken på Festplassen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI avisa Firda 18. oktober var det eit oppslag om Førdefestivalen og ringverknader for næringslivet i regionen, med påstandar om at besøkstal vert brukt feil og at festivalen betyr lite for næringslivet i området. Her trengst både oppklaringar, meir informasjon og djupare refleksjon.
 

Besøkstal og publikumssamansetjing

Førdefestivalen rapporterer besøkstal slik vi er bedne om å gjere frå offentlege styresmakter, og slik det er vanleg å gjere for alle kulturarrangement. Vi registrerer besøkstal på kvart einskilt arrangement, slik ein gjer når ein tel publikum på kinoframsyningar, fotballkampar eller anna.

Går den same personen på til dømes ei kinoframsyning to dagar på rad, blir personen tald som besøkande begge dagane. Tal besøk seier difor sjølvsagt ikkje kor mange einskildpersonar som besøker festivalen, og det har vi heller aldri påstått.

Høgskulen i Sogn og Fjordane meiner å ha funne at kvar person som besøker Førdefestivalen går på meir enn seks arrangement. Dette stiller vi oss noko undrande til. Festivalen har gjennom fleire år gjort publikumsundersøkingar, både ved hjelp av eksterne firma og på eigen kjøl. Desse viser gjennomgåande at den store majoriteten av publikum går på eitt til tre arrangement. Det vil gje eit langt høgare tal einskildindivid enn det høgskulen fann. Uansett trur vi det er uklokt å dra bastante konklusjonar om dette ut frå ei einskild undersøking.

Om lag 50 prosent av dei besøkande til Førdefestivalen kjem utanfrå vår eigen region. Dette blir i høgskulen si undersøking framstilt som lite, medan det i realiteten er ein svært høg prosentdel samanlikna med mange andre musikkfestivalar.

At eit einskildarrangement som Landsskyttarstemnet, som vert arrangert på ulike stader kvart år, har endå fleire besøkande langvegsfrå, er sjølvsagt ikkje overraskande. Det er ikkje dermed sagt at ringverknadane i næringslivet og samfunnet i det lange løp blir større.

Vi har òg registrert gjennom publikumsundersøkingar at mange av dei fastbuande i området ventar med å reise på ferie til festivalen er over, og mange av dei tek imot slekt og vener som overnattar og får servering hjå sitt vertskap. Dei økonomiske verknadane av dette er sjølvsagt meir kompliserte å måle, men dei blir ikkje mindre viktige av den grunn.

At høgskulen har funne ut at det berre er Vinmonopolet som melder om omsetningsauke gjennom festivalen, kan ikkje vere grunna i anna enn at undersøkinga rett og slett ikkje er godt nok utført. Vi har til dømes samarbeid med fleire serveringsverksemder under festivalen om prosjektet FørdefestivalMat, der dei som er med stort sett melder om stor auke i omsetnaden.

Samfunnsnytte og varige verdiar

Kvifor er Førefestivalen til? Festivalen har eit kunstnarleg føremål: Festivalen vil «fremje kunnskap om og interersse for norsk og internasjonal folkemusikk og –dans gjennom konsertar, kurs og andre tiltak. Festivalen har òg som mål «å auke generell kunnskap om andre lands kultur, og medvirke til fred og forståing mellom ulike folk og og nasjonar ved å gjere Førde og Sogn og Fjordane til ein møtestad for framståande utøvarar frå heile verda. Førdefestivalen skal glede, røre, overraske og utfordre, og opne for ny oppleving, erkjenning og kunnskap.»

Dei viktigaste verdiane Førdefestivalen tilfører samfunnet er nettopp dette: Den gjev oss større innsikt i verdas kulturelle mangfald, den gjev oss nye opplevingar, opnar nye refleksjonsrom hjå oss, gir oss ny kunnskap og nye perspektiv i liva våre. Desse verdiane kan ikkje målast i ein enkel ringverknadsanalyse, og det var jo heller ikkje føremålet med høgskulen si undersøking.

Vi ynskjer likevel å nemne desse her, fordi dei kanskje er dei aller viktigaste i ein debatt om kva som er sentrale verdiar og ta vare på og utvikle for oss som einskildindivid og som samfunn, og kva som bør ligge i vektskåla når det gjeld t.d. offentleg eller privat støtte til eit arrangement. Ei undersøking som berre tek føre seg auka omsetning i det lokale næringslivet under sjølve festivalen, vert difor mangelfull og gir eit skeivt bilete av verdiane festivalen faktisk skaper.

Høgskulen si undersøking viser at Førdefestivalen sitt publikum er sterkt interesserte i sjølve festivalen. Det syner også festivalen sine eigne publikumsundersøkingar. Dei drikk kanskje ikkje like mykje øl og vin som publikum på ein del andre festivalar, dei handlar kanskje heller ikkje så mykje som næringslivet skulle ynskje seg. Men dei kjøper ei stor mengd festivalbillettar og dei kjøper sjølvsagt mat og drikke. Mange bur hjå slekt og vener, men hotella og andre overnattingsstader er òg smekkfulle under festivalen.

Festivalen sjølv kjøper varer og tenester frå leverandørar i eige fylke for om lag 11 mill. kroner per år. Festivalen har òg investert i mykje utstyr og infrastruktur som alle arrangørar og andre i kommunen nyt godt av. Når du ser bannera for t.d. Bilmessa i Førde pryde Førdegatene, er det Førdefestivalen som har tatt initiativet til, og investert i bannerfesta desse heng på (med noko støtte frå Næringssamskipnaden i Førde/FINS).

Lærarar og elevar ved Førde kulturskule brukar instrument og lydforsterkingsutstyr festivalen har investert i for bruk før og under sjølve festivalen, men som altså kulturskulen nyttar gjennom ein god og fruktbar samarbeidsavtale med festivalen. I Førdehuset vert store akustikkteppe og anna inndekning, samt utstyr til dekor og pynting Førdefestivalen har investert i, brukt vederlagsfritt av Førdehuset og andre arrangørar.

Hilde Bjørkum og Per Idar Almås.

Hilde Bjørkum og Per Idar Almås. Foto:

Festivalen har no åtte heilårs kompetansearbeidsplassar i fast stab (6,6 årsverk). Mange av desse har familie og born som bur i Førde og omland. Det er slett ikkje sikkert at desse familiane i det heile hadde budd i området om ikkje Førdefestivalen hadde tilbydd dei interessante arbeidsplassar.

Kva dette betyr i kroner og øre for næringsliv og for Førdesamfunnet, får andre rekne på. Det vi er sikre på er at arrangement som greier å etablere faste arbeidsplassar og er ei varig kraft i eit samfunn, gjev langt større ringverknader for alle deler av samfunnet enn einskildarrangement med ein temporær prosjektorganisasjon. Dette er sjølvsagt ikkje meint som forkleining eller kritikk av den type arrangement. Dei er sjølvsagt òg viktige og gode!

Merkevare- og omdømebygging

Eit anna aspekt er merkevare- og omdømebygging ulike kultur- og idrettsarrangement gir. Ofte vert dette brukt som argument for å gje offentleg støtte til einskildståande og kortvarige storsatsingar. Det kan vere gode grunnar til å støtte opp om slike arrangement, men når det gjeld effekt for merkevare- og omdømebygging, viser gjentatte undersøkingar (m.a. frå OL på Lillehammer) at einskildarrangement over kort tid har avgrensa effekt. Det som kan ha effekt er arrangement/tiltak/institusjonar som gjev tilbod til publikum år etter år, og som kan drive langsiktig merkevare- og omdømebygging over tid.

Etter mange år, med både suksessar, kritikk og iherdig og målbevisst arbeid, har Førdefestivalen oppnådd nasjonal og ikkje minst internasjonal anerkjenning. Festivalen og heile regionen vår har oppnådd store oppslag i nasjonale og internasjonale media, t.d. ni sider i Bell’Europa, Europas største reiselivstidsskrift, oppslag i People’s Daily i Kina, omtale i Rolling Stone Magazine, fleire program på BBC, Radio France, RAI Radio3 og Mundofonias (spansk nettradio som sender i meir enn 50 land), for å nemne noko.

Festivalen er rangert mellom dei sju beste småbyfestivalane i Europa uansett sjanger av The Guardian og er på topp-10-lista over beste festivalar i National Geographic. Også norske media som Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende rangerer Førdefestivalen blant dei beste. Med gode rangeringar over fleire år der ein oppnår svært positiv omtale både av festivalen og av heile regionen vår med natur og kultur, kan ein snakke om omdømebygging som kan gje resultat og økonomiske ringverknader på lang sikt, som t.d. kan utnyttast i samband med satsing på kulturturisme.

Vi trur det er meir fruktbart å drøfte både økonomiske og andre samfunnsmessige ringverknader av kulturarrangement i eit vidare perspektiv og med meir relevante samanlikningar enn det dette høgskuleprosjektet maktar å få fram i si undersøking.
 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags