39 søkarar til vg1 på Hafstad vgs står i fare for å ikkje få skuleplassen dei ynskjer seg!

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevHafstad vgs. har 129 primærsøkarar vg1 studiespesialiserande, medan det utlyste tilbodet er 3 parallellar. Dette gir at 39 elevar – meir enn ei full klasse, står i fare for å ikkje få det utdanningsvalet dei ynskjer. I tillegg har Mo og Øyrane stor oversøking til elektro. Oversøkinga til elektro er typisk for alle skulane som har dette utdanningsvalet, og ein kan ikkje møte dette med å utvide tilbodet på elektrofag. Av erfaring veit ein at mange av desse søkarane har studiespesialiserande som 2. val.

Dette gjer at det er søkarar til 4 parallellar på Hafstad vgs.! Likevel er her ein oversøking som gir elevar nok til dei to heilt nye programområda, studieførebuande med Medium og kommunikasjon (vidareføring av yrkesfaget MK) og studieførebuande med Kunst, design og arkitektur (nytt for studieførebuande med formgjeving) – desse er så ferske at fagplanane ikkje var 100 % på plass til søknadsfristen.

Kvifor er det viktig å behalde 4 parallellar på Hafstad?

Går vi inn og les dokumentet Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024, så finn ein ei utgreiing om Breidde på tilbodet i studiespesialisering på side 8. Her ser ein at skular med 1–3 parallellar, må gi eit minimumstilbod i breidda av studietilbodet på studiespesialiserande. For skular med berre 1 parallell medfører dette dessutan ein meirkostnad på om lag 1.1 millionar, og for skular med 2 parallellar ein meirkostnad på om lag 0,5 million for å halde oppe tilbodet.

No ynskjer ikkje eg å problematisere skulestrukturen. Tyngda av det politiske miljøet har sagt at denne meirkostnaden må vi ta for å halde skulestrukturen oppe. Men det blir ikkje meirkostnad per elev, om ein let Hafstad få behalde sine 4 parallellar på studiespesialiserande. Det er ikkje særlege meirkostnader med å la dei to nye programområda på Hafstad vgs. få ein sjanse til å etablere seg.

Torer de politikarar å prioritere breidde i fagtilbodet?

Difor ei utfordring til politikarane i Sogn og Fjordane: Torer de å vise at i tillegg til å satse på ein geografisk breidde i skulestrukturen, så prioriterer de også ein breidde i fagtilbodet? Med 4 parallellar kan Hafstad tilby eit breiare fagtilbod enn eit minimumstilbod på studiespesialiserande. Dessutan at de torer å gi dei nye programområda ein sjanse til å kome i gang? Søkarane er allereie på plass.

Det betyr altså samtidig at ein elev i Indre Sunnfjord, frå Naustdal, Jølster, Gaular og Førde, sit at med dei same rettane til å få sitt primære ønske om skuleplass oppfylt, som elevane frå andre delar av fylket.

Stabil søking til vgs., kan vi lese på heimesidene til fylkeskommunen. Går vi inn i tala ser vi at fylkeskommunen har treft ganske bra med tilbodet sitt i Sogn og Fjordane. Fire skular står med oversøknad – to av dei ligg i Førde:

- Det er Hafstad vgs. som fekk tilbodet redusert med nok ei klasse studiespesialiserande. For to år sidan var her 5 parallellar.

- Det er Øyrane vgs., som har jamt høge søkartal, men særleg mange søkarar til elektrofag.

- Det er Eid vgs., som sidan dei miste ei klasse på studiespesialiserande vg2 i fjor, har mange elevar som ynskjer seg tilbake på vg3.

- Det er Måløy som har stor oversøknad til maritime fag på vg2, og jamt høge søkartal til sine tilbod.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags