DEBATT: Skikk og bruk på ei tennisbane (...og i livet elles!)

Mangelen på eit moralsk kompass er lett å få auge på i 2019, mellom anna i slike idrettsanlegg som ein kan finne i Hafstadparken, skriv artikkelforfattaren. Bilde viser ein situasjon på tennisbana.

Mangelen på eit moralsk kompass er lett å få auge på i 2019, mellom anna i slike idrettsanlegg som ein kan finne i Hafstadparken, skriv artikkelforfattaren. Bilde viser ein situasjon på tennisbana. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Bønder spelar ikkje tennis, skreiv Herbjørn Sørebø i diktsamlinga si med same namn, tilbake i 1972. 47 år seinare har formuleringa til Sørebø fått prøve seg i det nye tennisanlegget i Hafstadparken, med over 100 betalande brukarar. Tennisklubben og tennisiveren i Sunnfjord er revitalisert, og det er tydeleg at dette er eit aktivitetstilbod som både lokale og tilreisande «bønder» set pris på.

Tennis er ein sport der etikette – reglar for skikk og bruk – står i særstilling. Klarer ein ikkje å følge desse retningslinjene, vil ein i spelsituasjonar kunne få både åtvaringar og poengstraff av dommarar og turneringsleiarar. I livet elles er det dessverre ingen som kan dømme ein, om ein står for haldningar og oppførsel som bryt med gjengs kvardagsetikk og moral. Denne mangelen på eit moralsk kompass er lett å få auge på i 2019, mellom anna i slike idrettsanlegg som ein kan finne i Hafstadparken. Matrestar, flasker, papir, plastemballasje, tyggegummi, sneipar og snus dominerer når det kjem til ureining, medan nett, mål, korger, inngjerdingar og oppbevaringseiningar er døme på utstyr som får gjennomgå.

Noko av det eg set størst pris på ved å bu i Noreg, er at vi saman kan få til nesten kva vi måtte ønskje – ved hjelp av frivillig arbeid, dugnad og tillit til at kvar og ein tek ansvar for det ein skaper. Dessverre er det slik at born, ungdom, unge vaksne og vaksne som ikkje tek del i slikt arbeid, gjerne ender opp med å mangle det som er essensielt for at ein til dømes skal kunne late ei dagsturhytte eller eit garderobeanlegg stå ulåst – eller ei tennisbane vere open for alle.

Eigarforhold er ordet eg er ute etter – eit ord sjølv den dyraste statsfinansierte haldningskampanje ikkje hadde klart å overgå. Skikk og bruk går hand i hand med eigarforhold, noko ein ser att i nordmenn sin trong til å investere i og verne om eigne verdiar som hus, bilar og teknologisk utstyr – som om det var viktigare enn livet sjølv. Tenk om kvar og ein gjer mot offentlege anlegg det som ein sjølv ønskjer at andre skal gjere mot sin eigen heim? Om denne varianten av den gylne regel blir vel vanskeleg å hugse på etter fem sett med tennis, bør ein om ikkje anna klare å dra fram denne: forlat idrettsanlegget slik du sjølv ønskjer å finne det.

Slå eit slag for etiketten, kjære sunnfjordingar – både på tennisbana ... og i livet elles!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags