Gå til sidens hovedinnhold

Einvegskøyring i Angedalsvegen

Artikkelen er over 4 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Angedalsvegen skal rustast opp og i fylgje artikkelen i Firda lørdag kan arbeidet starte tidlegast i 2021. Fram til det skal hundrevis av skuleborn kvar dag ta seg fram til fots eller på sykkel på eit smalt fortau langs ein veg som stykkevis knapt har plass til to møtande bilar og slett ikkje til to møtande bussar. Og born syklar gjerne to og tre ved sida av kvarandre og har merksemda alle andre stader enn på bilane, I tillegg kjem at svært mange bilførarar ikkje held fartsgrensa på 40 kilometer i timen. Faren for ulukker er stor.

Det finst ei enkel, effektiv og rimeleg mellombels løysing: Einvegskøyring frå Kyrkjevegen til Fossebrua, ei køyrebane for bilar og ei for syklar, dobbel gul stripe eller låge gummiklossar i midten. Har ein fyrst sett seg i bilen og skal til sentrum spelar det liten rolle om ein må køyre om Kronborg ein veg, og kanskje nokre fleire vil sykle? Einvegskøyring ut byggeperioden vil forenkle og effektivisere arbeidet med opprusting, det vil kanskje til og med vere heilt naudsynt.

Kommentarer til denne saken