Vi treng å bli betre kjende med det som rører seg sør for oss

NYE TIDER: Ordførar Olve Grotle (H) vil at Førde og Sunnfjord skal spele ei aktiv rolle i det nye Vestland fylke.

NYE TIDER: Ordførar Olve Grotle (H) vil at Førde og Sunnfjord skal spele ei aktiv rolle i det nye Vestland fylke. Foto:

Av
DEL

MeiningarDet skjer mykje på Vestlandet nå, ikkje minst knytt til etablering av nye kommunar og Vestland fylke. Dei nye tidene gjer at Førde og nye Sunnfjord kommune treng kople seg betre på Bergen og Hordaland. Vi treng å bli betre kjende med det som rører seg sør for oss, knytte kontaktar, og drøfte felles satsingar og prosjekt. Heldigvis startar vi ikkje på bar bakke, det eksisterer alt mange typar samarbeid og nettverk. Bergen er for eksempel alt den viktigaste byen vår, der mange av oss òg har studert, budd, starta familie og som vi alltid kjem attende til – heile tida.

Siste året har eg og ein mindre delegasjon frå Førde derfor hatt mange hyggelege møte og besøk i Hordaland og Bergen. Forutan møte med fylkesordføraren, ordførarar, byrådsleiaren og byråkratar, har vi hatt gode samtaler med mange andre politiske leiarar og sentrale samfunnsaktørar.

Ambisjonen med desse møta har vore å orientere om, og løfte fram alt det positive og alle dei verdiar av ulike slag vi har i Sogn og Fjordane. I bodskapen vår har det òg lagt eit sterkt ønskje om få vere med å skape det nye Vestland fylke. Få bidra med alt det vi har å fare med, få spele ei aktiv rolle, og ikkje minst utfordre rådande tankar om grenser som skaper avgrensingar.

Responsen frå hordalendingane og bergensarane har vore overraskande positiv og offensiv. Vi har gjennomgåande møtt ei sterk interesse for samarbeid og utvikling, og ikkje minst vilje til å bli satsa på.

Sjølv om temaet har vore heile fylket vårt, har vi naturleg nok fokusert mest på Førde og Sunnfjord kommune. Vi har orientert om den heilt spesielle utviklinga Førde har hatt dei siste tiåra, posisjonen byen har fått i fylket vårt, og dei planar og potensial vi meiner Førde og Sunnfjord kommune har. Ja, vi har rett og slett òg flagga at den nye kommunen vår både har kraft og ønskje om å ta posisjonen som den mest sentrale kommunen utanfor Bergens-området.

Noko av det vi har å fare med har sjølvsagt vore kjent, medan andre ting har kome som ei positiv overrasking. Særleg gjeld dette dei svært mangfaldige og gode tilboda vi har Førde, ikkje minst knyt til arbeidsmarknaden. At det berre er Bergen og Fjell av alle 59 kommunar i dei to fylka våre som har fleire arbeidsplassar enn Førde, er det nok ikkje alle som har visst. Heller ikkje at Førde skil seg klart ut når det gjeld netto (arbeids)innpendling. Bergen er sjølvsagt den suverent største her òg. Men deretter kjem Førde, og innpendlinga til kommunen vår faktisk over 4 gonger så høg som neste kommune på lista. Når det så kjem til nye Sunnfjord kommune har vi òg kunne nemnt at kommunen kjem til å bli den største landbrukskommunen i Vestland fylke. Ja, faktisk den nest største på heile Vestlandet.

Det er alt avgjort at Førde kjem til å få oppgåver på vegner av heile det nye fylket, og noko av dette skjer alt ved årsskiftet. Samstundes som Lars Sponheim blir felles fylkesmann frå 1. januar 2019, vil landbruksavdelinga i det nye fylkesmannsembete bli styrt frå Førde. Og når det gjeld Vestland fylke er det fastsett at den fylkesdirektøren for kultur, idrett og integrasjon, Per Morten Ekerhovd, skal ha sete i Førde.

Men vi må ikkje stoppe med dette. Skal vi lykkast må vi òg tenke nytt, og ikkje minst finne nye arenaer og område vi kan hevde oss på. Kvifor ikkje kan for eksempel ikkje Førde bli ein viktig aktør i Vestland fylke når det gjeld internasjonalt arbeid? NOREC, Førdefestivalen og UWC har alt funne saman i eit samarbeid som både er grensesprengande og nytt. Ja, saman med dei svært sterke miljøa i Bergen, kan vi til og med bli ein markert, nasjonal aktør. Det same gjeld planane rundt teknologicampusen på Øyrane. Her er vi i ferd med å få realisert eit fellesprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet, fagskulen, teknologimiljøet og andre, som kan bli eit unikt og leiande miljø i den nye fylket vår. I denne samanheng må òg gründer- og teknologimiljøet kring Peak Sunnfjord nemnast, og at det bak denne òg ligg investeringsvillig bergenskapital. Og vi har fleire spennande miljø som bør hevde seg i det nye fylket vårt; Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet og Senter for helseforsking har fleire ting på gang i lag på Vie som har i seg eit veldig potensial. I samband med dette bør òg arbeidet med Nynorskens hus nemnast. Eit spennande og grensesprengande visjon kor NRK, Firda, Sogn og Fjordane teater og fleire næringsverksemder går i lag, og vil skape eit klyngemiljø av kultur- og mediebedrifter som skal bli eit løft for det norske språket og ei innovativ kraft for aktørane.

Det nye Vestland fylke representerer sjølvsagt ikkje berre nye sjansar og potensial, men òg risiko for endringar som vil vere utfordrande og negative. Det skal vi vere merksam på, ta på alvor og arbeid for å motverke. For meg er det likevel viktigast å møte den nye tida på ein open, optimistisk og offensiv måte. Noko anna alternativ finst ikkje, skal vi greie å løfte fram Førde, Sunnfjord kommune og heile Sogn og Fjordane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags