Det nye kommunestyret bør reise på studietur

UNDRING: Det er med stor undring vi registrerar at planane som Vegvesenet og Førdepakken har arbeidt med i årevis, ikkje minst med sentrum sør, no ikkje er brukbart for vekst og fortetting i sentrum, skriv artikkelforfattarane.

UNDRING: Det er med stor undring vi registrerar at planane som Vegvesenet og Førdepakken har arbeidt med i årevis, ikkje minst med sentrum sør, no ikkje er brukbart for vekst og fortetting i sentrum, skriv artikkelforfattarane. Foto:

Av
DEL

LesarbrevOpe brev til Sunnfjord kommune.

No er det klart kva for politikarar som skal styre den nye Sunnfjord kommune dei neste 4 åra. De har teke på dykk eit stort ansvar for å utvikle heile kommunen med ca. 22.000 inbyggarar. Vi har store forventingar til dykk.

Her kan vi vel snakke om by og land – hand i hand. Viktig at planar både på kort og på lang sikt vert godt gjennomarbeidde. Og då er stikkordet areal- / byplanlegging viktig. Det vi kjenner best til er i Førde kommune, der ikkje alle planar synest å ha vore godt nok gjennomtenkt. Det har vore ein bit for bit planlegging og med vegføringar gjennom Førde sentrum som er velkjende og avlegs i dagens samfunn.

Det nye kommunestyret må mellom anna ta fatt i å få revidert Førdepakken. Det siste som no kjem fram er at Statens vegvesen nektar å godkjenne større næringsbygg i sentrum sør på grunn av redsel for trafikkauke og trafikk-kaos. Med andre ord kan ikkje Førde sentrum få utvikle seg på grunn av trafikksystemet som Statens vegvesen har planlagt gjennom fleire år. Det er med stor undring vi registrerar at planane som Vegvesenet og Førdepakken har arbeidt med i årevis, ikkje minst med sentrum sør, no ikkje er brukbart for vekst og fortetting i sentrum.

Ros til Helge Robert Midtbø (AP) som tidlegare har teke opp dette med tunnell gjennom Hafstadfjellet og på nytt gjentek dette no. Vegvesenet sin mann i Førdepakken, Erling Varlid, har lista opp alle mogelege utfordringar, kostnader og praktisk gjennomføring. I staden for å ta utfordringa å få ein reell kostnad på denne tunnellen. Det må no byggast for framtida og ein meirkostnad bør ein kunne tole her.

Vi har ein stor fordel i Førde, i høve til mange andre tettstadar og byar, nemnleg at vi ikkje treng gjere store tabbar no, som må rettast opp att seinare.

På eit folkemøte for 18 år sidan «Byutvikling i Førde» der deltok mellom andre tidlegare samferdsleminister Kjell Opseth. Konklusjonen i dette møtet var: Tungtrafikken ut av Førde, parkeringshus i Hafstadfjellet, Løkenområdet må bevarast, vi må vende oss mot elva, vi må få grønare by, kunst og kultur, satse på grøne lunger, trivsel og ein god plass å vere. No, 18 år seinare, bør målsettingane på det nemnde folkemøtet, bli ein røyndom.

No er det på høg tid at politikarane tek styringa. Den nye kommunen, Sunnfjord, bør syte for å få ein bykjerne i Førde med menneska i sentrum.

For ein del år sidan var dåverande Førde bystyre til Drammen på studietur for å få impulsar for byplanlegging og ein skulle mellom anna trekke «Jølstra» meir inn i bybiletet. Resultatet av denne studieturen veit vi ikkje sikkert. Men med dei planane som no ligg føre, er vi usikre på om elva lenger vil verte eit positivt bidrag til trivsel og glede for menneske som bur her.

Alle som har vore i København i hovedgata Strøget, har opplevd denne, som ei triveleg gate. Den vart bilfri allereide i 1960. Oslo i likheit med andre byar arbeider for eit grønare sentrum. Oslo har ein handlingsplan for bilfritt sentrum. Trivelegare sentrum med rom for byliv for menneske. Her er stadig delegasjonar på besøk med målsetting for å få kunnskap om dette.

No bør det nye kommunestyret i Sunnfjord kommune ta seg ein studietur på nyåret, for å få innsyn i byplanlegging og planlegging av trafikksystem andre stadar i landet, der ein har innsett at sentrumsområda skal vere bilfrie i framtida. Då er det kanskje von om at Førde sentrum kan bli eit triveleg og positivt område for menneske i alle aldrar.

Lukke til med det politiske arbeid i Sunnfjord kommune.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags