Bak gardinet stend ei hulder og ler

FOSSEN: Dei som levde her i bygda trudde meir på at det var huldra, som heldt til bak gardinet – både når vassføyken gjekk kvit om vår og haust og om vinteren når ein høyrde «huldrespelet» bak den islagde fossen, skriv artikkelforfattaren.

FOSSEN: Dei som levde her i bygda trudde meir på at det var huldra, som heldt til bak gardinet – både når vassføyken gjekk kvit om vår og haust og om vinteren når ein høyrde «huldrespelet» bak den islagde fossen, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Ser at Firda (både på nett og papir) har spandert ei heil side på å la Arne Aasland forklare kvifor alle seier feil namn på fossen!
Då lyt eg gjerne få spalteplass igjen!

Tek ein for sanning at namnet har oppstått av di fossen heng som eit slør eller gardin – og hyller seg i slør når vassføyka står – må ein nok bøye kne og seie; jau, det er nok rett at namnet er Huldefossen.

Men dei som levde her i bygda såg ikkje dette klart nok og trudde heller meir på at det var huldra, som heldt til bak gardinet – både når vassføyken gjekk kvit om vår og haust og om vinteren når ein høyrde «huldrespelet» bak den islagde fossen. I alle fall har dei trudd dette dei siste 180 år – kjeldene (sjå tidlegare lesarinnlegg) viser at namnet er brukt av både «legmann og lærd» i desse åra. Så det å seie at alle brukar feil namn om fossen er for meg -for å vere mild – noko arrogant.

I skriftlege kjelder (rettsprotokollar/pantebøker) finn vi Huldra og Huldrefossen, mellom anna i samband med at fossen vart seld til ingeniør Størmer tidleg på 1900-talet. I Firda 2. februar 1915 finn vi referat frå herredsstyrets forhandlinger under punkt 32: «lensmanden i førening med Andr. Aasen bemyndiges til at faa utbedret Huldrebroen paa Aasen.»

Kjeldene viser altså at elva vart kalla Huldra og fossen Huldra/Huldrefoss/en. Vil også vise kort til professorane Amund Theodor Helland og Per Hovda. Helland (f. 1846) nemner m.a. opp at «egentlig rig paa fisk er ingen af herredets elve; men ørret forekommer i Førdeelven, Jølstra, Angedalselven og Huldra».

Per Hovda fortel at fossane mykje har vore nemnde som sæte for yvernaturlege vette, m.a. fossegrimen. I Oselvi, Kinn er ein foss som heiter Gygrefossen og i Holsaelvi (Sunnfj.) har dei Huldrafossen.

Aasland avviser tvert at namnet på fossen kan forklarast folkloristisk.

Eg vil tru at ikkje alle stadnamnforskarar er så kategoriske – t.d. finn vi Huldafossen i Fresvik, Huldabotnen, Huldakyrkja. Vi finn Huldrefossen i Stryn. Det finst visst nok Huldrefoss både i Troms og på Austlandet.

Huldrehaugar finst mange stader – alt etter målføre finn vi Huldrehaugen, Huldehaugen, Huldrehogen, Huldehågjen mm. Oppe på Åsane finn vi Huldehågjen – haugen til Huldra. Så er spørsmålet kven fekk namnet først: hågjen eller fossen?

Og so lyt det presiserast: Ifølge kartverket er både Huldefossen og Huldrefossen godkjende namn, ettersom namnet ikkje er handsama etter reglane i lov om stadnamn, men berre eitt av namna er tilrådd brukt offentleg.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags