Kartverket: - Nei det heiter ikkje Huldrefossen

FOSSEN: Vi som voks opp under fossen her på Mo, har sagt Huldrefossen - folket på Åsane har kalla fossen Huldefossen. Som gode grannar levde vi godt med denne usemja om namnet, men då skiltet kom opp i 2004 vart det som ein raud klut for oss, som meiner fossen på Mo heiter Huldrefossen, skriv artikkelforfattaren..

FOSSEN: Vi som voks opp under fossen her på Mo, har sagt Huldrefossen - folket på Åsane har kalla fossen Huldefossen. Som gode grannar levde vi godt med denne usemja om namnet, men då skiltet kom opp i 2004 vart det som ein raud klut for oss, som meiner fossen på Mo heiter Huldrefossen, skriv artikkelforfattaren.. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Dette var ei av overskriftene i Firda 6.1. 2020.

Som privatperson og sunnfjording sende eg i november eit brev til Statens vegvesen og ba dei rette opp namnet på service-skiltet ved E-39, ved Mo og Øyrane vidaregåande skule.

Skiltet med «Huldefossen» kom opp i 2004, og det var «Førdearrangørane» som stod for bestillinga, der mellom anna Førde sogelag og kulturkontoret i Førde kommune fekk gjenpart av søknaden .

Bestillinga vart nok ikkje kvalitetssikra av autoritetspersonar, ettersom namnet «Huldefossen» vart ståande på skiltet.

Vi som voks opp under fossen her på Mo, har sagt Huldrefossen - folket på Åsane har kalla fossen Huldefossen. Som gode grannar levde vi godt med denne usemja om namnet, men då skiltet kom opp i 2004 vart det som ein raud klut for oss ,som meiner fossen på Mo heiter Huldrefossen.

Som sunnfjordingar flest må ein ete fysst, før ein tek seg på tak for å ordne på ting - slik også med denne saka. Statens vegvesen er pliktig ifylgje «Lov om stadnamn» å bruke den skrivemåten som er godkjent og tilrådd i Statens Stadnamnregister (SSR).
I 2004 var det Huldrefossen som var godkjent og tilrådd i SSR - og skiltet har altså stått med feil namn i over 15 år.
Det var mitt poeng då eg skreiv brev til Statens vegvesen.

Kartverket fekk oversendt saka til vurdering og etter kort tid kom konklusjonen derifrå: «Fram til no har Huldrefossen stått som tilrådd skrivemåte i SSR». Og så vidare: «på grunnlag av namnet Hulda på elva og opplysningane om namnet i m.a. fylkesleksikonet, Førde Bygdebok og Jul i Sunnfjord, verkar det klart at Huldefossen er den rette namneforma. Namneforma Huldefossen er språkleg sett ei regelrett avleiing av elvenamnet Hulda som fossen er ein del av, og Huldefossen står som namneform på staden i økonomisk kartverk frå 1965»

Konklusjon: Frå november 2019 er det Huldefossen som er godkjent og tilrådd av Kartverket.

Skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk er regulert av Lov om stadnamn. Hovedregelen for normering av stadnamn er at ein skal ta utgangspunkt i nedervd, lokal uttale og å fylgje gjeldande rettskrivingsprinsipp i norsk - og skrivemåten må ikkje skyggje for meiningsinnhaldet i namnet.

På grunnlag av opplysningane i fylkesleksikonet, Førde bygdebok og Jul i Sunnfjord + økonomisk kartverk frå 1965 konkluderer Erlend Trones i Kartverket altså med at uttalen heilt lokalt har vore Hulda og Huldefossen.

Dette kan sjølvsagt korkje stadfestast eller avvisast - etymologisk sett står det strid om namnet - altså kva namnet kjem av eller tydinga av det. I fylkesleksikonet gjev stadnamngranskaren oss forklaringa,at det er fossen som har gjeve namnet til elva Hulda, og også til plassen Holsen. Elva Hulda kan, meiner nokon, vere ei avleiing av Huldren/Hulderen/Huldra, med dansk språkdrakt vart det Hulden >Hulda.

Vi som held på Huldrefossen meiner namnet kjem av huldra og huldefolket. Førsteleddet kjem truleg av hylje-norr.hylja,jmf.huld .-verbet :sveipe inn ,gøyme,løyne. Det betyr at uansett tyding kjem namnet av «hylje».

Segnene om Huldra og huldefolket har levd på folkemunne i uminnelege tider (ja heilt frå Eva og Adams tid) - og skapt grobotn for nye segner og gjeve koloritt til mange namn i heile landet.

Når ein så leitar i Nasjonalbiblioteket sitt digitale arkiv og søkjer på Huldrefos/sen - Huldefossen i aviser, tidsskrift, bøker og kart frå 1870 og fram til i dag finn ein følgjande frekvensfordeling:

Huldrefos/sen 1870- 2000 458 treff.
Huldefossen 1920 - 2000 43 treff - fram til 1920 var det ingen treff på «Huldefossen»
Frå 2000 - 2019 viste treffa 41 for Huldrefossen og 138 for Huldefossen.

Denne frekvensfordelinga hos Nasjonalbiblioteket reflekterer rimeleg godt korleis dei ulike skrivemåtane har fordelt seg fram til i dag. Skrivemåten endra seg tydeleg frå 2000, då var det Huldefossen som kom «i skuddet». Og det kjem naturlegvis av skiltet ved E-39 og artikkelen i fylkesleksikonet.

I rettsprotokollar/private arkiv og tingbøker finn ein m.a. fylgjande:
- skylddelingsforretning aar1920 den 21. august: «det fraaskildte bruk ligg langsmed elva Huldra paa søre sida aat denne»
- utskiftningsforretning av garden Aasen 31. august 1182: «Fra Huldrefossen danner den bratte»...«broen over Huldrelven»
-skjøte,datert Aasen i Førde 11.10.1920 : «Huldraelven»
-contrakt av 21.6.1911: «opførelsen og vedligeholdelsen af Broen over Huldre-elven og..»

Interessant er også brev frå Ola Aasen Hjelle, f. 1903. Han sender brev til sogegranskar Nils Husetuft på Holsen. Aasen budde på Moøyra og fortel om ein dag i 1917, då 5 smågutar prøvde å ta seg opp til gryta i Huldrefossen for å finn sølvet, som skulle vere gøymt der. Bakgrunnen for dette skriv han om i brevet: «så vil eg spyrja om De har høyrt myta om koparkjelen i Huldrefossen ? Eg høyrde den då eg var liten» (arkiv etter Kristian Ulltang)

Denne historia kan godt «lenkast» til huldresagn, vi veit jo dette med hulder og «lokkesølv»!

I dagbok 1841-43 av professor Jens Andreas Friis: s. 113 22. mai 1842... «kunde vi see hen til Aasevand som ligger ovenfor Moe, og hvorfra Huldrefossen faar sit vand.». S 121 21. juli 1842: «en tour opover Bruland og besaae ved samme leilighed Huldrefossen.»

Den kjende geologen Hans Reusch var på Mo på 80/90-talet og gjorde undersøkingar og skriv i Aarbog for 1900 (Norges geologiske undersøgelse)«Holsendalen er en liden hængende sidedal til Jølsterdalen. Elva derfra falder ned en fos,Huldrefossen.»

På kart over Moskoven i Søndfjord frå 1875-teikna av H.Skadsem - Huldrefos og kart teikna av løytnant Solem 1867 - Huldrefos (dette kartet er f.ø. brukt som illustrasjon i bøkene til Djupedal og Asbjørn Tyssen)

Hovudregelen i Lov om stadnamn er å ta utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen, og normere etter gjeldande rettskrivingsprinsipp i norsk.

Dei skriftlege kjeldene 180 år attende i tid fortel at det er HULDREFOSSEN som i hovudsak er brukt som namn på fossen - namnet finn vi i referat frå Amtstinget, i offenlege utgreiingar ,i reiseskildringar og turistbøker. Ivar Aasen (1813-1896) og Anders Hovden (1860-1943) skildrar Huldrefossen på Mo!

Dei skriftlege kjeldene fortel oss i alle fall at folk brukte Huldrefossen i daglegtalen på 1840-talet - so lat ikkje Kartverket i 2020 seie :" «nei det heiter ikkje Huldrefossen».

Og høyrde eg ikkje heilt feil på nyårsafta utanfor Rådhuset i Sunnfjord...so nemnde han Olve Huldrefossen som ein av dei fremste attraksjonane i Sunnfjord.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags