Huldefossen er nok det rette, ja

HULDE: Stadfestinga av Huldefossen frå høgste hald, kan vi ta som resultatet av eit lokalt initiativ. Styret i Huldrefossen grunneigarlag kom tidleg på 1980-talet til at fossen eigentleg heitte Huldefossen, skriv artikkelforfattaren.

HULDE: Stadfestinga av Huldefossen frå høgste hald, kan vi ta som resultatet av eit lokalt initiativ. Styret i Huldrefossen grunneigarlag kom tidleg på 1980-talet til at fossen eigentleg heitte Huldefossen, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

MeiningarStadnamn engasjerer, og særleg når det gjeld ein turistattraksjon som fossen på Mo i Førde. Sjølv om Statens kartverk no har sett skapet på plass, så er nok mange i stuss om namnet. Dei har berre høyrt «Huldrefossen». Det gir ei slags meining og blir underbygd av segna om huldresølvet i hola midt oppe i fossen.

Heretter er altså Huldefossen einaste skrivemåte. På norske kart står inntil vidare Huldrefossen, med unnatak for Huldefossen i økonomisk kartverk 1965. Der finn vi også elvenamnet Hulda på elva som skaper fossen. På vanlege 50.000-kart har det ikkje vore plass til det pga. det lange namnet på fossen.

Stadfestinga av Huldefossen frå høgste hald, kan vi ta som resultatet av eit lokalt initiativ. Styret i Huldrefossen grunneigarlag kom tidleg på 1980-talet til at fossen eigentleg heitte Huldefossen. Laget skifta namn, i 1981 eller -82. Underteikna var med på det og har sidan arbeidd for den skrivemåten, men utan å ta den direkte opp med Statens kartverk.

Dei omtalte skilta på Mo, som Harald Mo vil forandre, kan ha stått der i 15–20 år. Eg vil tru at jordbruksskulen, som sit i styret til grunneigarlaget, blei spurt om stavemåten. Korleis kunne Vegvesenet elles lande på «Huldefossen»? Skiltinga var faktisk forut for si tid og Statens kartverk!

At folk tok til å seie «huldre-» botnar nok i at «huld» ikkje gav meining på 1800-1900-talet. Eit namn på alles lepper hoppa fort over til det nærliggande «huldre-». Endå huldra faktisk ikkje er eit vassvesen i folketrua, men høyrer til dei underjordiske i skog og haugar. Turisthuldrene ved Kjosfossen på Flåmsbana endrar ikkje det.

Nokre språkbevisste har heile tida halde på Huldefossen. Kristian Ulltang, første redaktør i Firda, skreiv Huldefossen. Martin (?) Huslid, lærar på Mo på femtitalet, brukte å forklare elevane at det heitte Huldefossen. Og det finst eldre postkort med bilde av «Huldefossen». I 2004 snakka eg med Astrid Åsen, f. Stevoll 1908. Ho voks opp rett ved fossen. Astrid sa Huldefossen. Det sa også far hennar, truleg fødd kring 1870.

Stadnamn er sjeldan eineståande. Det finst faktisk ein dobbel «Huldafossen» i fjella sør for Fresvik i Sogn. Fossen stupar 300–400 meter ut frå Fresvikbreen. Både namn og utsjånad støttar skrivemåten for Huldefossen vår. Huldefossen høyrer eigentleg heime i eit system av lokale namn. Elva som lagar fossen, er Hulda, med ei kort elvestrekning frå Åsvatnet ovanfor fossen. Ho finst knapt nok blant norske elvenamn, truleg fordi «Hulda» ikkje passar i skjemaet til forskarane. Dei er neppe klår over at namnet skildrar ein foss, ikkje ei elv. Namnet Huldehågen (1898) på eit gardsbruk i Åsane stadfestar elvenamnet.

Eg meiner også at det eldgamle namnet Holsen heng saman med Hulda. I 1360 heitte Holsen gard «Hollse». Namnet kjem då frå vatnet «Hollser» i gammalnorsk. Forskarane har streva med «holl-». Ei nærliggande forklaring er at elvenamnet «huld» ligg der også. Utløpselva har sett namn på vatnet: «sjøen til Hulda».

Ordet «huld» kjem av verbet å hylja, å hylle seg inn i eller skjule. Huld tyder då slør, teppe, gardin. Huldefossen er «Slørfossen». Han heng som eit slør eller ei gardin, og hyller seg også i slør når vassføyka står. Namnet skildrar fossen, i motsetnad til «huldra», som berre blir inkjeseiande folklore. Namnet kan vere godt over 2000 år gammalt, for like lenge har det vore folk på Mo.

Stakaldefossen, i Jølstra, nær Huldefossen, er namnemessig ein slags motpol. Den kan tolkast som «Stampebølgefossen» pga. alle hyllene i det lange fosseløpet. Folk kunne då orientere seg etter Slørfossen, mot Holsen eller Stampebølgefossen mot Jølster.

Eit nettsøk syner at «Huldefossen» er kome i god bruk igjen. Skilta på Mo er viktige for å gjenreise namnet, og det ville vere eit sørgeleg kulturhistorisk tap om vi gav namnet tilbake til hulder og folklore.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags