No er det Førde Barneskule sin tur!

OPPRUSTING: Uteområdet ved Førde Barneskule frå førre vinter. Heile området er klart for ein kraftig opprusting, kan ikkje alle sjå det? spør artikkelforfattarane.

OPPRUSTING: Uteområdet ved Førde Barneskule frå førre vinter. Heile området er klart for ein kraftig opprusting, kan ikkje alle sjå det? spør artikkelforfattarane. Foto:

Av
DEL

LesarbrevTil bystyrerepresentantane i Førde kommune.

FAU ved Førde barneskule var til stades då saka om uteområdet ved skulen vår var oppe til handsaming i formannskapet 19.09.19. Etter arkitekt Vollstad sin presentasjon av teikningane og kostnadsoverslaget hausta planane mange lovord og det var positivt. Vi er likevel skuffa over vedtaket som vart gjort:
«Plan for uteområde ved Førde barneskule frå Arki dagsett 09.09.2019 vert teken til orientering.»

Dette vert av oss opplevd som passivt og vi er redd for at prosjektet no stoppar opp på ubestemt tid.
Uteområdet ved Førde barneskule har i lang tid blitt neglisjert og borna ved skulen vår har eit markant dårlegare utemiljø enn born ved andre skular i kommunen. Dette er rett og slett ikkje greitt. Borna ved Førde barneskule er skuffa og leie av å vente og vente på eit betre uteområde. Dei ser korleis det ser ut ved andre skular og føler ei stor urettvise over at deira leikeområde stort sett består av eit stort grus- og asfaltområde der dei få leikeapparata som er der er gamle og nedslitne.

Ei oppgradering av uteområdet ved sentrumsskulen, heilt eller delvis i tråd med planane frå ARKI, vil ikkje berre kome elevane til gode i skuletida. Det vil bli eit nærmiljøanlegg som på kveldar og i helgene kan brukast av born og unge som oppheld seg i sentrum, ved Førdehuset og i Hafstadparken, brukarar av avlastingstilbodet på Prestebøen, besøkande på aldersheimen osv. Det vil bli eit positivt tilskot til Førde sentrum.

Vi vil oppmode bystyrerepresentantane om å ta turen bortom skulen og sjå kor sørgeleg det står til der. Vi skjønar at eit prosjekt av denne storleiken tar tid å planlegge og finansiere, men vi håpar at Førde bystyre torsdag 26.09.19 vil gjere eit alternativt vedtak som faktisk sender prosjektet vidare eit steg.

Vi meiner bystyret må løyve pengar til vidareføring av prosjektet!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags