Utvikling av Førde sentrum handlar om meir enn veg

FORTETTING: I dag kan vi sykle og gå frå Helsetunet mot elva, heilt ned på elvekanten, det forsvinn når det vert bygd 5 etg. heilt på elvekanten i dette området, skriv artikkelforfattaren.

FORTETTING: I dag kan vi sykle og gå frå Helsetunet mot elva, heilt ned på elvekanten, det forsvinn når det vert bygd 5 etg. heilt på elvekanten i dette området, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

DebattForslaget om tunnel gjennom Hafstadfjellet tek føre seg trafikk i sentrum, eg meiner løysinga som eg skissert vil fungere, men E 39 må og ha ny trasé ned Halbrendslia, den delen må og inn.

Det finst fleire verdiar enn veg for å bygge levande sentrum, det krev at folk vil bu, leve og oppleve sentrum, det er det som skaper liv.
Fortetting er å lage eit sentrum som skaper lyst for folk å vere i sentrum, det krev lys, luft, rom.

Elva Jølstra er verdifull for å skape opne lunger i sentrum, derfor er det heilt nødvendig å verne om det verdifulle grøntareal langs elva, det må vere tilgjengeleg for folk, både dei som bur og dei som besøker sentrum, opne korridorar som skaper tilgang til elva og lys og luft må vere del av sentrumsplan. Ein er i ferd med å lage ein mur mot elva, det vert feil.

I dag kan vi sykle og gå frå Helsetunet mot elva, heilt ned på elvekanten, det forsvinn når det vert bygd 5 etasjar heilt på elvekanten.
Det er etter mitt syn nødvendig å regulere opne korridorar som sikrar tilkomst langs heile elvekanten som friareal, det hastar.

Å fortette betyr ikkje å bygge seg vekk frå det som gjer det verdifullt å bu i sentrum i ein liten by som Førde.
Målet om at vi skal bu heime lengst mogleg betyr at skal Førde oppnå det ved å motivere folk til å bu i sentrum så må ein ta vare på det grunnleggjande med å bu i ein småby, plass rundt oss, lys og den sola vi kan få, desse verdiane er det fullt mogleg å legge til rette for i Førde sentrum.

Det krev politikarar som vil og regulerer areal til samfunnet si nytte, ikkje til enkeltpersonar sitt ønskje. Det eg eit politisk ansvar å ta vare på samfunnet, oss alle, det er ikkje eit politisk ansvar å fylle enkeltpersonar sin konto.

Slutt å forrett ved å bygge i høgda, det er forelda fortetting. Ta utgangspunkt i verdien av å bu i ein liten by, skap det unike ved å bu i småbyen Førde.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags