Hastverk er lastverk

Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

MeiningarNaturvernforbundet Sogn og Fjordane oppmodar sterkt Førde kommune om å utarbeide ein forvaltningsplan for plante- og fuglelivet i Løken før utbyggingsplanen. Utbygginga av Indre Øyrane må ikkje bli enda eit hastverksarbeid, der ein i ettertid ser at det kunne vorte mindre konflikt og betre løysingar med grundigare planlegging.

Løken (også kalla Sjøaelva) er ein naturtype av den høgste verdi som er oppnåeleg. Dette er den einaste brakkvassmeanderen som er att i midtre og ytre delar av fylket. Der er registrert to raudlista pusleplanter (dvergsivaks og firling, begge sårbare og fleire andre planter som er mindre vanlege. 

I tillegg har Løken og Indre Øyrane eit mangfaldig fugleliv med fleire artar på raudlista – to av dei sterkt truga, vipe og myrrikse.  

At her finst fleire artar som er i fare, er eit varsel om at å ta vare på leveområda. Det er ei oppgåve av nasjonale dimensjonar. 

Lista over kjende plante- og fugleartar har Multiconsult gjort greie for i sitt notat av 31.5.2016. Forfattarane presiserer likevel at undersøkingane er mangelfulle som grunnlag for klare råd om kva for skjøtsel som er mest tenleg. Det som likevel er tydeleg, er at Løken gjennom lang tid har vore i forfall som naturtype, på grunn av mindre gjennomstrøyming av vatn, ureining og opphoping av sediment på botnen. For lite gjennomstrøyming har si årsak først og fremst i innsnevring av innløpet frå Jølstra. 

Førde er ikkje under tvang til å bygge ut Indre Øyrane. For tida er fleire store byggefelt under planlegging, samstundes som mykje tilseier at den økonomiske veksten som vi har hatt i nokre tiår, stagnerer og går ned. Å bygge framtida på framskriving av fortida, er meir usikkert enn før. 

Vårt primære standpunkt er at det ville vere ansvarleg politikk å overlate resten av det ledige arealet i sentrum til disposisjon for dei som skal finne seg til rette her i framtida. Også jordvern er eit argument for det, i ein usikker forsyningssituasjon for eit land som har mindre matjord pr. innbyggar enn dei fleste andre statane i verda. 

Dersom kommunen likevel vil gå vidare med planen for Indre Øyrane, har vi desse merknadene: 

1. For naturmiljøet er restaurering av Løken det beste alternativet, skriv Multiconsult. Utan ei meir grundig kartlegging av floraen og substratet på botnen, er det usikkert om tiltaka vil treffe godt. Ei slik kartlegging bør kommunen få utført. 

2. Nokre av fuglane er kulturlandskapsartar som har ein viktig del av leveområdet på engmarkene innanfor sjølve Løken. Kor store engareal fuglelivet treng, må kommunen få avklara før planutkastet vert forma ut. 

3. Det går fram av notatet frå Multiconsult at ein gangveg på Øyrane og nær Løken, vil gå ut over fuglelivet. Det er eit kritisk lite område som er igjen av dei Øyrane som ein gong var. Å snevre inn den vesle resten av leveområdet, vil lett komme til å drive mange artar ut av Førde. Ein ny «rekreasjonsveg» langs Løken vil ha som konsekvens at fuglelivet vert utarma. Ein forvaltningsplan for plante- og fuglelivet i Løken og det som trengst av grasmarkene på Indre Øyrane må komme før utbyggingsplanen og ligge til grunn for den.

4. Planen om å forlenge Langebruvegen med bru over Løken ved sjukeheimen har vekt stor motstand. Det har heller ikkje komme fram argument for at ein ny veg til Øyrane må gå akkurat der, og ikkje til dømes ved Firda Billag. Dersom Førdepakken skal vere eit tiltak for å redusere trafikkhindringar i sentrum, bør ikkje kommunen bygge ut Indre Øyrane med sikte på større samla bilisme. 

Å flytte vegen lenger vestover, vil opne for å berge ein større del av Løken som naturområde. Dette vil sikre ein større «buffer» dersom noko vert gjort feil under restaureringa av Løken, og eit romslegare leveområde for fuglane. Det vil vere eit gode for fuglelivet og opplevingane av det, og det vil vere sømeleg mot pasientar og tilsette på sjukeheimen å la dei sleppe større trafikk og meir støy.

Ei oppsummering. Før utbyggingsplanen vert avgrensa, må kommunen få utarbeidd ei kompetent kartlegging og vurdering av kor stor del av Indre Øyrane som fuglane treng. På eit fagleg godt nok grunnlag må kommunen få utarbeidd ein forvaltningsplan for plante- og fuglelivet i Løken og det som trengst av grasmarkene på Indre Øyrane. Ein slik plan må komme før utbyggingsplanen og ligge til grunn for den. Den planlagde brua over Løken frå sjukeheimen har mange tunge argument og ein stor opinion imot seg. For mange er det vanskeleg å sjå at dette prosjektet har hastverk. Det er tiltak nr. 12 av 20. Med vilje nok er det tid til å endre planen til ei løysing med mindre konfliktar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags