Frå stygg andunge til vakker svane

ATTRAKSJON: Der og då skjøna eg det. Førde har fått ein ny attraksjon. Ein plass som har tilført byen noko som mange har sakna, skriv artikkelforfattaren.

ATTRAKSJON: Der og då skjøna eg det. Førde har fått ein ny attraksjon. Ein plass som har tilført byen noko som mange har sakna, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Det har skjedd noko med Førde. Det meste har skjedd gradvis, men i det siste har det blitt gjennomført eit prosjekt som har endra byen. Eit prosjekt som truleg vil bli ein attraksjon og eit nytt samlingspunkt. Eit prosjekt som har fått fram byens sanne og vakre andlet.

Eg oppdaga det ein laurdag no i haust. Etter å ha parkert bilen på utstillingsplassen, rusla eg langs stien ved elva, som eg ofte gjer når eg skal til sentrum laurdagar. Den vesle spaserturen gjennom parken langs elvekanten er, slik eg opplever det, som å vandre i eit eksotisk eventyrlandskap. Å rusle på den fine stien mellom dei gamle, høge trea ved den glitrande elva er etter mi meining, den perfekte måten å nærme seg sentrum på. Ein kan no gå langs elva heile vegen ned til Storehagen bru.

Då eg nærma meg enden av stien oppdaga eg det. Elvekanten bak det gamle Handelshuset var gjort ferdig. Heile området var ope og vakkert med eit trappeforma amfi ned mot elva. Amfiet hadde sitteplassar av tre, og minte nærast om ei slags brygge.

I det fine vêret sit det mykje folk oppetter det nye «brygge-amfiet», og ungar leikar ved elvekanten. – Er dette Førde?, var det første eg tenkte då eg såg det heile. Dette er nesten som å kome til ein sørlandsby, eller ein av dei mellomeuropeiske byane som også har fine elvar.

Der og då skjøna eg det. Førde har fått ein ny attraksjon. Ein plass som har tilført byen noko som mange har sakna. Ein plass som synleggjer det folk flest no er opptekne av. – At byen vår skal stå fram som den vakre byen den er. At det er viktigare med ein vakker og menneskevennleg by enn ein stor by.

Eg blir sittande lenge å filosofere ved elvekanten. Den gode atmosfæren får fart på kreativiteten. Denne vakre plassen ved elva viser allereie at elva og vatnet har ei magisk tiltrekkingskraft på folk. – No har elva endeleg fått sin rettmessige plass i bybildet, tenkte eg. Det som har skjedd her ved elvekanten viser at Førde no er på rett veg. At det er slike tiltak byen treng og folk vil ha.

Påverka av den magiske stemninga datt ein idé ned i hovudet på meg. – Førde har også ein vakker fjord. Kva om fjorden også kunne gjerast tilgjengeleg for folk flest? Kva om ein forlenga gangvegen vidare langs elva frå Storehagen bru og heilt ned til fjorden? Det ville kople saman elva og fjorden og utnytte det potensialet byen eigentleg har.

Då kunne forslaget om badestrand ved elvemunningen realiserast. Kanskje kunne også ein del av industriområdet på Øyrane regulerast om til bustadføremål slik at det kunne byggast leilegheiter og ei fin brygge ved sjøen. «Ankerløkken brygge» kunne ein kalle prosjektet. Eit slik prosjekt ville, etter mi meining, tilføre byen det den verkeleg treng. Eit fjordområde som er tilgjengeleg frå sentrum.

Stemninga ved den glitrande elva får fram nye idéar. – Dersom ein reduserer litt på alle dei planlagde bilvenlege tiltaka i Førdepakken kunne ein lett finansiere fleire slike «grøne» og menneskevennlege tiltak, tenkjer eg i det eg forlèt elvekanten.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags