Gå til sidens hovedinnhold

Ein liten del av sentrumsstrategien i Førde

Artikkelen er over 3 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Er det ei umuleg oppgåve? Planlegginga av Førde sentrum, sentrumsstrategien?

Vi vil ha koselege møterom i sentrum, gjerne med utekaféar og grøntareal i nærleiken der ein ikkje får kjensla av å sitje i eit vegkryss.

Handelsstanden seier at dei må ha parkeringsplass så nær butikkane som muleg, elles vil ikkje folk kome til sentrum for å handle. Då vil vi iallefall fare til Brulandsvellene!

Ein på folkemøtet om sentrumsstrategien sa at folk ikkje vil gå lange avstandar med handleposane frå matbutikken til bilen. Forståeleg begge deler.

Vi vil ha betre busstilbud til og frå sentrum, ER VI sjølve villege til å ta bussen til sentrum, eller er det noko vi vil at dei andre skal gjere? I tilfelle trur eg vi må ha ein buss som går kvart 20.minutt, og som går innom dei viktige plassane inkludert Hafstadparken.

Det ein handlar i sentrum, utanom daglegvarer , er nok slikt ein greier å bere eit stykke: Jakken, buksa, dei nye skorne eller steikepanna.

Og har ein vore til frisøren, har ein faktisk mindre å dra på på veg heim enn då ein kom...

Daglegvarebutikkane bør vel difor ligge i dei handelshusa der ein har parkeringshus med god kapasitet, og i den delen av huset med kort veg til parkeringa. Det handelshuset med størst parkeringsgarasje på fleire plan, til og med på taket, er det som ikkje har daglevarebutikk i dag!

Som eg skreiv tidlegare i år: Sentrum i sentrum i Førde er Elvetorget!

Går det an å få til eit sentrum med eit bilfritt torg som vi kan kalle sentrum i Førde, og samstundes gje handelsstanden dei parkeringsplassane dei treng? Vi har jo lyst å ha butikkar som gjer det godt i Førde, slik at vi kan ha eit breitt varetilbod.

Slik er det vel berre vorte... at vi vil det.

Om det er slik det eigentleg bør vere, at nesten alle rørslene våre skal ende opp med at vi handlar noko, er eit anna spørsmål. Litt for filosofisk til at det vil få stor plass i sentrumsstrategien til Førde, vil eg tru.

Kommentarer til denne saken