Kva med Førdepakken og Sentrum Sør?

FEIL: Det blir feil, slik vi ser det, om ikkje Førdepakken bidrar til at vi kan få til fortetting og meir aktivitet i Sentrum Sør, skriv Helge Robert Midtbø i artikkelen.

FEIL: Det blir feil, slik vi ser det, om ikkje Førdepakken bidrar til at vi kan få til fortetting og meir aktivitet i Sentrum Sør, skriv Helge Robert Midtbø i artikkelen. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Er det for seint å endre på noko i Førdepakken som vi ser fører feil?

Skal utvikling og planar i Sentrum Sør stanse opp? Skal grunneigarar og utbyggjarar måtte betale og tape på feilgrep i Førdepakken?

Det er ikkje til å tru at alt som har vorte skrive og uttalt omkring planane i Sentrum Sør, har gått hus forbi for leiinga og styret i Førdepakken. Seinast i august var Prosjektleiar for Førdepakken i planutvalet og snakka i 30 minuttar einsidig for å motseie Ap-gruppa sine ønskje om å greie ut og kostnadsrekne tunnelalternativet bak Førde hotell og vidare til Sanderplassen. Det vart ikkje framført eit argument til fordel for ei slik løysing på desse 30 minutta ifrå prosjektleiar. Det er heller ikkje komme opp andre løysingar som kan ta ned trafikken i Fjellveien.

Då er det med undring vi no ser at Statens vegvesen i brev/svar av 23. september til Førde kommune er skeptiske til vekst i trafikken i Sentrum Sør? Den blir for stor, vil svært truleg gi køar og skape trafikkfarlege situasjonar!

Og, skriv SVV; desse problema vil ikkje bli løyste om E39 blir ført i tunnel frå Langeland til Bruland og Moskog fordi RV5 vil måtte ha hovudfartsåra til E39 gjennom Sentrum Sør. Statens vegvesen sine tal og analysar har heile tida vore dei faktatala vi har måtta og kunna byggje på. Vi må difor spørje: Har ikkje desse tala teke høgde for satsing og utvikling av næring, arbeidsplassar og bustader i denne delen av Førde?

I Sentrum Sør er fremja planar om vekst/auke på 30.475 kvadratmeter til kontor, offentleg /privat tenesteyting (rådhus/ rettslokale /teater m.m.) og husvære. Teateret har nett fått lovnad om pengar både frå staten og fylkeskommunen. Av bustader kan ein berre nemne «3 søstrer» for å sjå kva som kan komme.

Arbeidarpartiet har teke opp tunnelløysinga gjentekne gonger i ulike fora, planutvalet og bystyret, utan å få gehør av fleirtalet! Om ikkje tunnelløysinga er mogleg, grunna pris, kompleksitet eller ikkje gir ønska effekt, så må andre alternativ utgreiast. For eit av måla med Førdepakken er nettopp å «leggje til rette for fortetting og byutvikling». Då blir det feil, slik vi ser det, om ikkje Førdepakken bidrar til at vi kan få til fortetting og meir aktivitet i Sentrum Sør.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags