Førdepakken - den mest bilbaserte sentrumsplan i vår tid

Av
DEL

Meiningar

Ope brev til ordførarkandidatane i den nye Sunnfjord kommune.

Det nærmar seg samanslutning av 4 kommunar til ein Sunnfjord kommune, der Førde kommune dreg med seg inn i dette ekteskapet ei «morgongåve», som heiter Førdepakken.

Men dette er ei sur «gåve», som inneber svært negative følger for Førde sentrum; – i dag, og for mange tiår framover. Det blir difor feil, om Førde kommune no – i tolvte time før kommunesamanslåinga – vedtek, og låsar fast ei så vesentleg sak, på vegner av dei andre kommunane. Utforminga og bruken av det som skal bli kommunesenteret for den nye Sunnfjord kommune, er så vesentleg, at veljarane må få klare signal frå dei nye folkevalde om korleis dei vil ha eit felles bysentrum.

Førdepakken er basert på ein sentrumsplan, der nye trafikkanlegg (vegar og bruer) fører biltrafikken tvers gjennom sentrums-kjernen (sjå fig. 1). Eit slikt planprinsipp vart gjerne brukt i privatbilismen sin barndom for 60–70 år sidan. Men etter det – allereie frå 1960 talet – vart byplanleggarane meir og meir opptekne av å skape bilfrie sentrum, etter kvart som bilismen greip om seg. Men eit slikt planprinsipp gjeld tydelegvis ikkje for føreliggande trafikkplan for Førde. Her gjer ein det motsette – i dag i år 2019, og let bilen få dominere i sentrum. Viss denne planen vert realisert, så vil Førde fort bli vide kjent for sin eineståande, og dårlege, og den mest bilbaserte sentrumsplan, i vår tid. Og grunnen til dette kan vere; at planen er utforma av vegingeniørar, utan byplanfagleg erfaring og kompetanse.

Trafikkplanen for Førde sentrum – som Førdepakken baserer seg på – er vist på fig. 1. Plankartet synleggjer korleis hovudvegar (brei strek) skjer seg igjennom – og dominerer – dei indre sentrumsområda. Desse veganlegga vert reine transportårer. Her vert det lite att av rolege soner, og publikumsretta funksjonar. Ikkje eingong Langebruvegen, som er ei sentrumsnær blindgate, vert spart. Denne gata, som har potensial til å utviklast til ei attraktiv miljøgate, skal omgjerast til ei trafikkmaskin.

Dei to bruene (over Løken og Jølstra) som inngår i planen, utgjer hovudelementa i ein øydeleggande trafikkplan, og vil i seg sjølve medfører store ulemper og skadeverknader.

Brua over Løken (merka L) grip forstyrrande inn i eit rekreasjons- og våtmarksområde, med eit rikt fugleliv og hekkeområde. Og, den store biltrafikkstraumen over brua vil medføre store støy- og støvplager for dei nære naboområda (Helsetunet og Langebruvegen).

Brua over Jølstra til Hafstad (merka H) byr på så store funksjonelle og tekniske utfordringar at ein til no ikkje har funne tilfredsstillande løysing, trass i at det her er brukt urimeleg mykje pengar til planlegging. Likevel skal den byggast. Og, uansett kva for alternativ som blir valt, så vil dette veg- og bruprosjektet medføre ulempe – både visuelt og funksjonelt – for Førdehusområdet, og bli eit negativt inngrep i det vakre elve-landskapet her.

Totalt sett er denne trafikkplanen så øydeleggande for dagens og framtidas Førde sentrum, at den bør snarast skrinleggast. Og då gjeld det å innfri Førde kommune sitt slagord : «Førde kommune – ei drivkraft med menneska i sentrum». I staden for føreliggande trafikkplan, som vil føre til at Førde sentrum vert ei trafikkmaskin, med bilen i sentrum.

Kvar gong nokon har kome med forslag til endringar av Førdepakken, er ein blitt møtt med påstanden om at dette må godkjennast av Stortinget. Det er sjølvsagt feil, og berre nytta som rein skremsel. Det kan ein dessutan sjå av det faktum, at dei styrande av Førdepakken sjølve har føreteke ei rekke endringar – og overskridingar av minst 80 mill. – utan at Stortinget er kopla inn. Det er ei lang rekke byar og tettstadar rundt om i landet som er i ferd med å revidere sine «pakkar», og samferdselsministeren har uttalt at kvar og ein står fritt til å føreta sine revisjonar.

Alternativ trafikkplan – fig. 2: Fig. 2. viser eit døme på ein trafikkplan der hovudtyngda av biltrafikken er skyven utanom sentrum, slik at dei indre sentrumsområda kan vidare utviklast til attraktive opphalds- og bruksområde, for folk. Viss ein bygger ein hovudveg som tunnel i Hafstadfjellet – frå Førde Hotell til Hafstad, som vist med stipla strek på fig. 2. – så vil det ikkje vere behov for bruene over Løken og Jølstra, og tilfartsvegane til desse. Køyrebruene kan erstattast med bruer for mjuke trafikantar, som vist på planen med L og F.

For vidare utbygging på Indre Øyrane til nærings-, skule- og bustadformål trengst det ikkje gjennomkøyringsveg over Løken og gjennom. Langebruvegen. Tvert imot, så vil det vere ein føremon – både funksjonelt og miljømessig – om desse blir utløyste ved sekundærvegar frå Rv 5, og dermed sleppe ulempene ved unødvendig gjennomgangstrafikk. Langebruvegen kan leve sitt eige liv, og utviklast vidare til ei attraktiv sentrumsnær miljøgate.

Og; Idrettsparken på Hafstad heng best saman med Førdehuset ved ei rein gang- og sykkelbru, nær opp til inngangsområdet.

Tunnelen i Hafstadvegen vil dessutan kunne utgjere ein del av eit ringveg-nett kring sentrum, som med tida kan kompletterast med tunnel mellom Kletten og Sjukehusområdet.

FJELLVEGEN  bør i prinsippet ligge slik den er, men klassifiserast som sekundærveg. Dermed kan Fjellvegen funksjonere som ein service-veg, som gjev høve til fortetting av Sentrum Sør, og etter kvart utviklast til ei miljøgate.

OBS! Dersom Førdepakken sin plan om å bygge om Fjellvegen til ei hovudtrafikkåre vert realisert – med dei restriksjonane som dette inneber – vil dette vere eit hinder for fortetting i Sentrum Sør, og vanskeleggjere tilkomst til eit parkeringsanlegg i Hafstadfjellet.

PARKERING. Fig. 2. viser eit prinsipp for parkeringsanlegg i Hafstadfjellet. Køyretilkomst til P1 skjer frå avkøyrsle i Fjellvegen vest for Statoil /Circle K (merka 1), som ligg inne i stadfesta reg.plan. P1 kan eksempelvis byggast for 100 p.plassar på grunnplanet, og med fire etasjar får ein såleis 400 p.plassar. Dette parkeringsanlegget vil gjere det mogeleg med ei sterk fortetting av Sentrum sør, og denne lokaliseringa vil også tene Sentrum nord, ved planlagt gangbru over Jølstra frå Naustøyna.

Parkeringsanlegget kan event. forlengast mot aust (P2), med tilkomst frå Fjellvegen (punkt merka 2). Då får ein lempelege tilkomstar til p.anlegget både for aust- og vestgåande trafikk.

Revisjon av Førdepakken. Etter vårt syn er det berre ein slik trafikkplan for sentrum som vist på fig. 2 som gjev ei tilfredsstillande løysing, for dagens og framtidas Førde sentrum. Difor må føreliggande trafikkplan for Førde (fig. 1.) reviderast, og då med hjelp frå eit planleggings-team med byplan-fagleg kompetanse.

Vil du som ordførarkandidat for ditt parti gå inn for ein slik revisjon av Førdepakken?

Vi ventar svar i Firda, i god tid før kommunestyrevalet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags