La oss få behalde Hatlehaugen barnehage

LITEN OG LYKKELEG: Personalet i Hatlehaugen barnehage ber politikarane tenke meir på barna enn på økonomi. Her ved styrar Anita Bolstad Indrebø.

LITEN OG LYKKELEG: Personalet i Hatlehaugen barnehage ber politikarane tenke meir på barna enn på økonomi. Her ved styrar Anita Bolstad Indrebø. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEit av forslaga i bystyret 22. november om endring til barnehageplanen kom frå Senterpartiet. Dei la fram forslag om å bygge ny Tusenfryd barnehage, og slå den saman med Hatlehaugen barnehage, i staden for å pusse opp Hatlehaugen. I same framlegg var det forslag om å selje begge tomtene til bustadføremål.

Fleirtalet i bystyret gjekk dessverre inn for ei utgreiing av dette forslaget. For tilsette og foreldre kom dette som eit sjokk. Det er ein veldig trist beskjed i førjulstida.

Vi ynskjer at barna sin kvardag skal prioriterast høgare enn økonomi. Dei yngste barna treng små forhold, der dei kan få omsorg, tilknyting og føler seg trygge, samt få ein oversiktleg og føreseieleg barnehagekvardag. Forsking viser at dei yngste barna har behov for mindre forhold utan stress. Høgt stressnivå hos små barn har innverknad på hjernen sin utvikling dei første leveåra til barna.

Vi reknar med at politikarane ynskjer det beste for dei små og tenkjer langsiktig. Eventuelle seinskadar ser ein ikkje med det første, så difor bør ein legge stor vekt på barna sitt psykososiale miljø. Barn er, uansett alder, avhengig av å kjenne tryggleik og tilhøyrsle, og å føle seg sett.

I ein rapport frå 2009 om struktur og kvalitet står følgande: «Til forskjell fra den forutsigbare hverdagen i de små avdelingsbaserte barnehagene, ser de større barnehagene ut til å mangle noe av denne stabiliteten og oversikta for barna».

Hatlehaugen har alle avdelingane under same tak, og det er lett for barna å besøke og vere saman med barn på ei anna avdelingane om dei ynskjer det. Vi har kvar dag felles frukost for at alle barn og vaksne skal bli kjende. Vi har aktivitetar på tvers av avdelingane, og vi er opptatt av å tenkje eitt hus-tanke når vi planlegg og organiserer kvardagen til både barn og personale. Forsking viser at større barnehagane betyr fleire bygg. Det kan bety at det er vanskelegare å besøke ein ven som går på ei anna avdeling, fordi ein må ut og over i ein annan bygning.

Hatlehaugen barnehage har søskengrupper. Barna går på den same avdelinga alle åra, og fleire får gjerne yngre søsken på si avdeling, noko som betyr at overgang til ein barnehagekvardag vert gradvis og mindre sårbar for den yngste. Med søskengrupper har vi også færre barn per avdeling, noko som ifølge nyare forsking er bra for barna. Forsking viser at barnegrupper fungerer førebyggjande for åtferdsproblem.

Foreldra våre har scora oss høgt på brukarundersøkingar om det arbeidet vi gjer for og med barna deira. Mange av foreldra har valt å søkje plass i Hatlehaugen fordi vi er ein liten barnehage. Dei får god oversikt over alle barn, foreldre og tilsette i barnehagen, og ynskjer at barna skal vere i ein barnehage der dei sjølv kjenner seg trygge på at deira barn får det trygt og godt. FAFO si forsking viser at trivsel hos foreldre i mindre barnehagar er høgare enn trivsel til foreldre i større barnehagar.

Vi i Hatlehaugen barnehage har eit fantastisk leikeareal ute. Vi kan gje barna eit flatt og asfaltert område rundt huset, som passar godt for yngre barn. Når barna veks til kan dei få eit meir variert naturområde med bakkar, ulendt terreng med mykje tre og busker, der dei kan få utfalde seg motorisk. På uteområdet har vi eple-, plomme- og kirsebærtre, samt bærbuskar barna kan få delta i innhausting og bruke ressursane til matlaging.

Vi i Hatlehaugen er stolte over den flotte naturtomta vi har, som er ein godt motorisk tilbod til barna. Barna her er privilegerte som kan få eit flott område å boltre seg på. I eit helseperspektivet er det eit paradoks at politikarane tenkjer at det skal byggjast bustader på ei fantastisk naturtomt, og i staden legge barnehage på eit flatt og lite motorisk utfordrande og lite motorisk spennande areal. Tidleg innsats er viktig på alle område, også motorisk.

Forsking viser ein tydeleg tendens til at kommunane byggjer større og større barnehagar. Samtidig ser vi ut frå tala at arealet per barn vert mindre til større barnehagen blir. Dette gjeld både ute- og inneareal. I tillegg viser forsking at det er vesentleg færre rom per barn i ein stor barnehage enn det er i ein mindre barnehage.

Hatlehaugen barnehage hadde miljøretta helsetilsyn oktober 2018. Folkehelseavdelinga kunne seie seg einig i at det var behov for oppussing, men kunne straks seie at Hatlehaugen barnehage var godkjend. Representantane frå Folkehelseavdelinga vart imponert over det flotte området vi hadde å tilby barna våre.

Vi som arbeider i Hatlehaugen barnehage er ei stabil personalgruppe. Fleire av oss har arbeidd her sidan barnehagen vart opna i 1991, andre sidan midten av 1990-talet. Vi har vore er ei stabil personalgruppe som trivst og samarbeider godt. Forskinga er heilt tydeleg på at stabilitet i omsorg og relasjonar er særs viktig for barna si utvikling. Stabilitet i personalet er ein kvalitetsfaktor for barnas utbytte av barnehagen. Stabilitet er spesielt viktig for dei mest sårbare barna, dei yngste barna, minoritetsspråklege barn og barn med nedsett funksjonsevne.

I tillegg til at mange av oss har lang arbeidserfaring og mykje kunnskap har det vore eit lågt sjukefråvær. Om ein skal tenkje økonomi, bør ein også sjå på om ei eining har lågt sjukefråvær. Det er ein viktig indikator på strukturell kvalitet, som igjen legg grunnlag for pedagogisk kvalitet.

Med høgt sjukefråvær blir det fleire vaksne å stelle seg til. Forskinga seier at mange ukjende vaksne kan føre til høgt stressnivå hos barn. Stress fører til auka kortisolnivå hos dei yngste barna som kan gje negativ påverknad på hjernen sin utvikling.

Hatlehaugen barnehage er ein organisasjon som fungerer særs godt. Vi har mange gode og innarbeidde system. Det betyr at vi har meir tid til barna og til fagleg påfyll. Det å ha ein effektiv og godt fungerande produksjon er også god økonomi. Det tar tid å etablere ein ny organisasjon. For ein eventuell ny barnehage betyr det meir tid til å etablere organisasjonen og mindre tid til barna. Taparane vil bli alle barna våre.

I dag består Tusenfryd barnehage av 4 avdelingar, medan Hatlehaugen barnehage har 3 avdelingar. Forslaget i bystyret var å byggje ein barnehage med 6 avdelingar. Betyr det at nokre av oss skal vere med over til nye Tusenfryd og resten vert overtalige?

Vi i Hatlehaugen har i alle år, frå barnehagen var ein heilt ny organisasjon, hatt som mål å oppdatere oss fagleg. Å lese teori, nyare forsking og halde oss oppdaterte med det som skjer på barnehagefeltet ser vi på som veldig viktig, også for å utvikle oss og tenkje nytt.

Vedtaket i bystyret om utgreiing av samanslåing av barnehagane Hatlehaugen og Tusenfryd viser at økonomi styrer vala til bystyret. Verken resultat, forsking, ulike kvalitetar og liknande er tatt med i betraktningar når det vart lagt fram forslag om å legge ned Hatlehaugen barnehage.

Til slutt. I Hatlehaugen barnehage har vi eit tilfluktsrom, som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og Sivilforsvaret har ansvaret for. Sivilforsvaret er heilt tydlege på at Hatlehaugen har eit ganske nytt tilfluktsrom som er bygd i si tid utifrå eit reelt behov i nærområdet. Sidan 1991 har tal bebuarar i nærområdet auka betrakteleg.

Kjære politikarar. La oss få behalde barnehagen vår.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags