Kjære Førde – koss det går?

PLANAR: Førde, du har jo mange vedtekne planar som ser i samanheng kor høg du skal vere, kor byromma skal vere, og kor me skal gå, sykle og køyre i byen. Dei gjeld vist ikkje når det blir «seint» og presset blir stort, skriv Arve Seger i artikkelen.

PLANAR: Førde, du har jo mange vedtekne planar som ser i samanheng kor høg du skal vere, kor byromma skal vere, og kor me skal gå, sykle og køyre i byen. Dei gjeld vist ikkje når det blir «seint» og presset blir stort, skriv Arve Seger i artikkelen. Foto:

Av
DEL

MeiningarIkkje så bra, nei. Ja, det er eit slit å prøve bli by. Du har strevd i 20 år no med denne fortettinga, og det blir vanskelegare kvar gong. Ser av bladet at du skal få fortetting ved elvekanten på nordsida. Dei som skal passe på deg, byen, for oss innbyggjarane slit også. Kva er ein by, kven er byen for og kven skal me høyre på? Det er litt som å vere foreldre, ein bestemmer – vedtek planar, det blir lagt press på for å få gjere meir – nokon vil fortette, ein ser bort frå det ein har bestemt tidlegare – vedtak i enkelt sak.

Førde, du har jo mange vedtekne planar som ser i samanheng kor høg du skal vere, kor byromma skal vere, og kor me skal gå, sykle og køyre i byen. Dei gjeld vist ikkje når det blir «seint» og presset blir stort. Når foreldra ikkje greier dette med oppdraging og slepp ungane for langt ifrå, så er det hjelp å få. Når det gjeld utvikling av deg som by så er det vist dårlegare med slik hjelp. Me som berre skal bu i byen og bruke deg til handel og samkvem må stole på at dei som bestemmer forstår korleis vedtekne planar heng saman, og passar på utviklinga også for oss.

Der ved elvekanten, på solsida, har overordna planar bestemt at det skal «lande» ei gang- og sykkelbru frå Naustøyna på eit torg/ein open plass, byggegrenser og byggehøgder for bygga var bestemt, og det heile var sett i ein større samanheng med tanke på gater og målestokk.

Detaljert utforming av torget og den konkrete bruken har ikkje vore bestemt. Då er det, byen vår, viktig for oss som skal bruke plassen at den ikkje blir fylt opp med privatiserande og ikkje flyttbare element.

Det er blitt litt slik med deg byen, at om «foreldra» seier heim kl. 2200 om kvelden så veit alle at det ikkje gjeld, så då seier utbyggar kl. 0300, og når det då vert semje om kl. 0100, så blir alle nøgd. Utbyggar får det slik dei eigentleg forventa, og «foreldra» føler dei har påverka. Er du som by nøgd då? Kva med oss som skal bruke dette etterpå? I Bergen som no er BY´N for oss, veit du, der ser dei at slik flikking ofte gjev ein altfor tett og høgt utnytta by, og dei har tenkt å ta grep omkring dette. Tenk det du byen vår, om nokon som bestemmer, kunne tatt slikt seriøst ansvar også for deg.

Her hadde du ein plan og ønskje om eit torg knytt til elva som eit ope og godt byrom som kunne bli ein plass i sola for store og små hendingar. No skal denne flate opne plassen med bru over til parken på sørsida fyllast med nedkøyring til ein privat parkeringskjellar, byggegrensa som du tidlegare har fått vedteke og byggehøgdene er det ingen som bryr seg om. Alle rammar og grenser som du har bestemt, blir sprengt. «Urbanitet» kallar dei vist dette.

Her hadde du ein tanke om at når me som innbyggjarar gjekk t.d. i Storehagen så kunne me sjå ei bru over Jølstra, ein liten «vink» frå elva Jølstra. Du kunne by på noko av det beste du har for dei som fer gatelangs. No vil det som kjem i auge vere eit svart hol med ei gul og svart fjøl på tvers og bilar opp og ned av holet. Endå ein gong vil det vere bilar og parkering som dominerer.

Trafikktryggleik er vist eit argument for denne løysinga, men du, det blir ikkje så mange bilar som skal opp og ned i ein slik kjellar. Gode fortau blir det no vel, og dei som kjem frå eller skal til Kunstmuseet i aust lyt no krysse denne trafikken like fullt.

Elvevegen kan vist bli ein fin bygate i framtida. Kva trur du? No må du ikkje gløyma at grunnleggande i ein by så vil det måtte vere hovudgater og mindre viktige gater. Alle bygg og kvartal må ha ein servicetilkomst, alle skal ha varer inn, boss ut, og det vil vere rett at du får lagt tilkomsten til parkeringa i ein slik gate. Slik stoda er her så håpar eg bygget i hovudsak vender seg mot elva og torget, og det blir feil å gje det offentlege byrommet til ein privat nedkøyring.

Klart utbyggarar må få sitt, det bli ikkje utvikling av deg som by, utan, men kven tek på alvor ansvaret for oss som skal bruke byen? Blir du ikkje som by brukt så veit du korleis det går……. Bilar brukar ikkje byen slik du ønskjer med handel og samkvem, det er når alle kjem ut av bilen, og går og oppheld seg i gode gater og byrom, at du som by blir brukt.

Anten må du få dei som skal bestemme til å forstå og følge eigne vedtekne planar slik at alle forstår kva som gjeld, eller så bør du slutte å lage slike planar. Du er som by svært lite tent med all denne flikkinga heile tida. Hugs at på slutten av 90-talet vart det uttalt i kommune-/bystyret at «Det å ikkje ha ein plan, er også ein plan!» Kanskje det er like greitt?

Forresten du, så ser eg at du driv med parkering igjen. Det får eg kanskje komme attende til ein anna gong, men har du tenkt på løysinga med tak over heile sentrum? Når du slik blir eit parkeringshus, godt som noko, så slepp du heile byproblematikken…….

Du, også slik heilt til slutt det er val til hausten, kanskje du då kan få nokon som skal bestemme som verkeleg brenner for utviklinga av deg som by. Lukke til!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags