Kjære Førde – berre må slamre litt meir med dørene ...

DUMT: Det er veldig dumt for deg, byen, at dei som meiner dei veit mest om alt og best om alt, no er blitt så desperate at dei dømmer og ikkje berre tolkar, men taklar dei som kan ha andre meiningar enn dei, ut av bana. Blir ikkje mykje debatt og demokrati av slikt, veit du, skriv Arve Seger i denne artikkelen.

DUMT: Det er veldig dumt for deg, byen, at dei som meiner dei veit mest om alt og best om alt, no er blitt så desperate at dei dømmer og ikkje berre tolkar, men taklar dei som kan ha andre meiningar enn dei, ut av bana. Blir ikkje mykje debatt og demokrati av slikt, veit du, skriv Arve Seger i denne artikkelen. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Ja, no blir eg tolka, skulda og dømd til å halde kjeft. Det handlar brått om meg og ikkje deg, byen. Der tråkka eg feil, beklagar det. Det var ikkje meininga. I utgangspunktet var det eit ønskje om å minne om synspunkt, innspel og andre måtar å sjå deg på. Sakene er og har vore mangfaldige og vanskelege, det er fleire grunnar til og fleire svar på alle utfordringane. Detaljar er viktig i byutvikling, og Førdepakken investerer 1,65 milliardar (2015 kroner) i byen no i desse dagar. Det er fantastisk viktig for deg byen.

Eg er funnen skuldig utan rettargang, eg er dømd til å halde kjeft, og eg skal vist flytte fordi dei har eit hol i fjellet på Voss. Det siste er like sakleg som at eg skal flytte til Voss fordi dei har betre soft is der enn her…….(?) Det med flyttinga var ei sak Firda ville ha med, for meg er ikkje det viktig i høve kva som skjer. «Heim til Voss» blir også utan meining når eg ikkje har budd der på snart 50 år.

Det er veldig dumt for deg, byen, at dei som meiner dei veit mest om alt og best om alt, no er blitt så desperate at dei dømmer og ikkje berre tolkar, men taklar dei som kan ha andre meiningar enn dei, ut av bana. Blir ikkje mykje debatt og demokrati av slikt, veit du.

Tenk om eg hadde hatt så mykje makt at eg kunne ha teke på meg all skuld for all trafikk gjennom Førde, både no i dag og i framtida. No nei du, slik er det no ikkje, eg lyt få prøve meg med litt faktasjekk av nokre av dei falske nyhende som det no blir konspirert om.

Føresetnader, samarbeid, samhandling og demokrati er avgjerande i ein kvar planprosess, i alle høve for meg. Då eg tok til med Førdepakken og grunnlaget for den, kommunedelplan trafikk Førde sentrum, så var føresetnadane lagt, organiseringa av planarbeidet var på plass og planarbeidet var godt i gang, og framdrift var svært viktig. Samarbeid og samhandling mellom eigarane av vegane i sentrum og eit vidt spekter av fagområde var etablert. Det var dialog med vegstyresmaktene ved Region vest og Vegdirektoratet, og demokratiet i Førde var med. Det var stadig dialog og utsjekk med dei politiske styresmaktene.

Statens vegvesen eig og administrerer det meste av vegane dine i sentrum. Eg kom inn i ein planprosess der mykje var bestemt. Det var ikkje opna for å stille spørsmål om organiseringa og føresetnader. Krav om andre føresetnader, anna organisering og andre utgreiingar måtte dei styrande mynde ha gjort vedtak om. Kommunedelplan trafikk Førde sentrum vart vedteken i bystyret.

Vegar utanom sentrum har vore med i prosessane, men trafikk- og vegekspertisen meinte at vegar utanom sentrum ikkje var løysinga for Førde sentrum, då mykje av trafikken skal til sentrum. For oss, både administrasjon og politisk mynde, som ikkje veit mest og best om alt, så har det vore fagleg rett å følge desse ekspertråda. Faglege vurderte råd var betre grunnlag for Førdepakken, enn tru.

Sidan planlagde gater i sentrum og bruer kan byggjast no, så gjev det også resultat i høve fortetting i sentrum, plan for utbygging på Indre Øyrane og full utbygging på Hafstadflata. Det var konkludert med at Førde sentrum treng fleire vegar å fordele den interne trafikken på og for vidare utbyggingar. Får me berre parkert alle bilane dine, så kan det også bli meir handel.

Eventuelle vesentlege endringar i høve vedtekne føresetnader, organisering, planprosessar og planar, må i denne samanhengen komme frå politiske vedtak. Rolla som prosjektleiar har vore og er gjennomføring av Førdepakken.

Fleire fakta; gata frå Langebruvegen til Indre Øyrane skal vere ein kommunal veg, ikkje rv. 5. Førde som sykkelby er ikkje eit påfunn frå meg, det verkar som at det verkar slik…. Det var vedteke og avtalt før mi tid. Vekst i biltrafikken skal takast med sykkel og gange, det er nasjonal politikk. Tilrettelegging for syklande og gåande i sentrum er såleis både kommunal og nasjonal politikk.

Om skuld no er det einaste argumentet som er att for tunnelar, så er det kanskje fleire som må dele på skulda. Kanskje «vegar utanom, folket» må sjå at dei også har skuld når dei ikkje har nådd fram med sine argument i tide til dei som styrar og gjer vedtak for deg, byen.

Politikarane i Førde skal ha all ære for at dei vedtok Førdepakken og no gjennomfører den. Det var modig og er flott. Byen, du får nye og flotte gater som du treng for all utbygginga som kjem. Eg erklærer meg med dette for ikkje skuldig!

PS! Eg er ikkje i mot tunnelar utanom sentrum. Eg ser berre ikkje korleis Førdepakken ville ha finansiert dette med den trafikken som er lagt til grunn.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags