Byen vår?

BIL: Er det framleis bilen og dei private økonomiske interessene som er det viktigaste å bøye seg i støvet for i Førde? spør artikkelforfattaren.

BIL: Er det framleis bilen og dei private økonomiske interessene som er det viktigaste å bøye seg i støvet for i Førde? spør artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL
Takk Arve Seger for at du så godt formulerer det som svært mange innbyggjarar meiner om «utviklinga» i sentrum i Førde for tida! Les hans lesarinnlegg i Firda 3.06.2019.

LesarbrevKva er igjen av ideen om at byen skal opne seg mot elva? Får vi no eit torg som ikkje ligg ope mot sola og elva, men inne, bak og mellom, bygg på 5 og 6 etasjar? Er det framleis bilen og dei private økonomiske interessene som er det viktigaste å bøye seg i støvet for i Førde?

Har innbyggjarane sine ønskje særlege sjansar for å nå heilt fram til bystyresalen? Kvifor har det i fleire omgangar, gjennom fleire år, blitt utarbeida forslag til planer for sentrumsutvikling? Kva skal vi med fleire planer der berre einskilde deler blir brukt vidare, mens det viktigaste, den overordna heilskapen, blir «borte i granskauen»?

Burde vi hatt parti/fleire politikarar med betre kompetanse innan byplanlegging – eller politikarar som er i stand til å lytte til det fagfolk seier? Har presset blitt for stort, spriker alt slik at politikarar ikkje tør å sjå, følge opp og ta ansvaret for gjennomføring av ein heilskapleg plan?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags