«Regulert gratisparkering» i Sentrum Sør

KAOS? Ikkje ifølge aktørane i Sentrum Sør AS. Dei ser utfordringar, men også ei lys framtid for området.

KAOS? Ikkje ifølge aktørane i Sentrum Sør AS. Dei ser utfordringar, men også ei lys framtid for området. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFirda har den siste tida sett søkelys på parkeringsutfordringar i sentrum av Førde. Sjølv om bildet som er skapt av eit påstått «kaos», er sterkt overdrive, er vi glad for at problemstillinga blir tatt opp og diskutert. Vi ser allereie at merksemda har ført til at parkeringsmønsteret i Sentrum Sør har endra seg, til det betre.

Auka investeringsvilje

Investeringsviljen og aktiviteten er aukande i Sentrum Sør, og bydelen er inne i ei svært god utvikling. Sjølv om bortfallet av parkeringsplassar i ein byggeperiode merkast, og har nokre negative kortsiktige konsekvensar, er dette til å leve med, og noko som vi i fellesskap må akseptere for å få til ei positiv utvikling også framover.

Søkelyset som Firda har sett på parkeringsutfordringane har ført til ei merkbar positiv endring i parkeringsmønsteret. Vi er avhengig av at både arbeidstakarar og handlande, også framover, tenkjer seg om når dei vel parkeringsplass. Vil vi ha, og skape, eit levande og attraktivt sentrum må langtidsparkering skje på parkeringsplassar som ligg i gangavstand til sentrumsfunksjonane. Vi må i fellesskap bidra til at dei næringsdrivande kan ta imot kundane sine på ein god måte. Dette betyr at vi må akseptere å bruke nokre minutt på å gå til og frå, for eksempel arbeidsplassen, eller i andre samanhengar, når ein har behov for å stå parkert i meir enn 2 timar.

Framtidsretta løysingar

Gard- og grunneigarar i Sentrum Sør investerte for 2 år sidan i framtidsretta parkeringsteknologi levert av Førde-selskapet InPark AS. Gjennom løysinga er det blant anna mogeleg å følgje med på bruken av parkeringsplassane i Førde. Med denne teknologien på plass er det mogeleg å gå vidare med det vi kallar «Regulert gratisparkering», som kort fortalt betyr at ein delar inn parkeringsarealet i Førde i korttids- og langtidsparkering. Parkering skal framleis vere gratis i Førde, men står du over tida ønskjer vi at det medfører sanksjonar i form av bøter.

Førde er og blir ein bilby med stor innpendling og mange arbeidsplassar knytt til bil. Det vil, og skal, Førde vere også i framtida. Men dette må ikkje vere til hinder for at ein også kan tenke nytt og bruke ny teknologi og ny type infrastruktur til å endre parkeringsmønsteret og vanane til innbyggjarane som brukar sentrum.

Lys framtid

På vegner av Sentrum Sør ser vi lyst på framtida for bydelen. Vi ønskjer å bidra til å få på plass ei meir oversiktleg parkeringsordning til det beste for både næringsdrivande, arbeidstakarar og gard- og grunneigarar i Førde. Ei slik løysing må skilje mellom korttidsparkering og langtidsparkering og eventuelt gi gebyr til dei som står over tida.

No ser vi med spenning fram til Førdepakken sin aktivitet i Hafstadvegen. Vi trur at også den vil vere med å løfte sentrum, slik at endå fleire har lyst til å opphalde seg her!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags