Sei nei til heliumballongar

Av
DEL

LesarbrevFørde kommune var ein av mange kommunar i landet som la ned forbod mot å selje heliumballongar på 17. mai.

Kjempeflott.

Helium er ein naturgass som kan nyttast til langt viktigare ting enn i ballongar. Og sjølve plastballongen hamnar altfor ofte i naturen, og dessverre ikkje i plastresirkuleringa.

I 2018 bad Stortinget regjeringa om å greie ut eit nasjonalt forbod mot sal av heliumballongar. Det er dessverre ikkje eit ferdig lovforslag enno, men er under arbeid. Men kommunane har lov å forby sal av heliumballongar på offentleg stad heile året og ikkje berre på 17. mai.

No står vi fram for sommar og festivalsesong og det kjem mange gateseljarar til kommunen. Dei må nok søke om løyve enten dei skal stå på privat, eller offentleg stad.

Vårt spørsmål, og ønske, er om Førde kommune kan gå ut med ei oppfordring om å ikkje selje heliumballongar.

På offentleg stad kan de legge ned forbod, men andre stader kan de gå inn med ei sterk oppfordring til å la vere.

Sjølvsagt er det langt større og viktigare ting å ta tak i når det gjeld å ta vare på naturen og jorda for framtida. Men ein stad må vi starte. Og eit forbod om sal av heliumballongar er eit steg i rett retning.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags