Nei til heliumbalongar

Av
DEL

MeiningarFørde kommune var ein av mange kommunar i landet som la ned forbud mot å selge heliumballongar på 17.mai.

Kjempeflott.

Helium er ein naturgass som kan nyttast til langt viktigare ting enn i ballongar. Og sjølve plastballongen havnar altfor ofte i naturen, og desverre ikkje i plastresirkuleringa. 

I 2018 ba Stortinget regjeringa om å utrede eit nasjonalt forbud mot salg av heliumballongar. Det er desverre ikkje eit ferdig lovforslag enno, men er under arbeid. Men kommunane har lov å forby salg av heliumballongar på offentlig stad heile året og ikkje berre på 17. mai.

No står vi fram for sommar og festivalsesong og det kjem mange gateselgarar til kommunen. Dei må nok søke om løyve enten dei skal stå på privat, eller offentleg stad.

Vårt spørsmål, og ønske, er om Førde kommune kan gå ut med ei oppfordring om å ikkje selge heliumballongar.

På offentleg stad kan de legge ned forbud, men andre stader kan de gå inn med ei sterk oppfordring til å la vere. 

Sjølvsagt er det langt større og viktigare ting å ta tak i når det gjeld å ta vare på naturen og jorda for framtida. Men ein stad må vi starte. Og eit forbud om salg av heliumballongar er eit steg i rett retning. 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags