Respekt for lokalstyret?

Foto:

Av
DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

LesarbrevAvisa Firda stiller spørsmålet på leiarplass i laurdagsavisa 10.09, og syner til det eg sa i debatten på fylkestinget i saka om fylkesdelplanen for arealbruk. At fokus blir flytta frå sak til ordbruk i debatten er eg lei meg for. Eg kan forsikre Firda sine lesarar om at Sp også i framtida vil forsvare lokal sjølvråderett.

Så til saka som handla om fylkesdelplan for arealbruk

I høyringsperioden kom det fram at planforslaget er i strid med nasjonale føresegner i kapittelet som omhandlar Brulandsvellene. Både Statens Vegvesen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har sterke innvendingar mot planen. I Fylkestinget fremma eg på vegne av Sp ,Sv og MDG eit framlegg om å ta avsnittet som omhandlar Brulandsvellene ut av planen. Hovudgrunngjevinga til fylkestinggruppa, er omsynet til jordvern. I ein overordna plan for arealbruken i fylket meiner vi det er feil å opne for kjøpesenter utanfor sentrumsområda. Det vil gå hardt utover den beste landbruksjorda i fylket, i eit fylke der vi har svært få areal av ein slik kvalitet som her.

Vi ser at omsynet til jordvern som regel må vike i «utviklinga» sitt namn. Når byar og tettstadar konkurrerer med kvarandre om å vere mest mogeleg attraktive for næringsetableringar, så er det lett å argumentere med at ein må byggje ned dyrka mark for å vinne i konkurransen om næringsetableringar. Av og til er det sterke omsyn som talar for at lokaldemokratiet ikkje kan bestemme alt. Då er det viktig at reglane er like for alle kommunane. Det er eit paradoks for meg at det er stor politisk vilje på Stortinget til å verne store natur og utmarksområder, medan det er liten vilje til å verne om dyrka mark. Det er trass alt berre 3% av arealet i Norge som er matjord.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags