DEBATT: Plan for kulturtilbod i Førde

KORPS: – Korpsa har derimot dårlegare øvingsforhold. Dei øver i gymsalar, men lokala er dårlege akustisk, skriv Olve Grotle.

KORPS: – Korpsa har derimot dårlegare øvingsforhold. Dei øver i gymsalar, men lokala er dårlege akustisk, skriv Olve Grotle. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev 

Astrid Wittersø utfordra Førde kommune i eit innlegg i Firda for ei tid tilbake. Her spør ho m.a. om korleis Førde skal bli ein meir attraktiv stad å flytte til og bu i, og vidare korleis folk i byen skal ha eit rikare liv. For henne er gode møteplassar og tenlege lokale til kultur viktige faktorar.

Spørsmål om attraktivitet, gode møtestader og eit rikare liv, er sentrale spørsmål òg for Førde kommune og noko vi er særs opptekne av både i kommunen sin samfunnsplan, ny næringsstrategi og sektorplanar elles. Arbeidet med å finne gode svar på desse spørsmåla vil derfor vere noko av det viktigaste politikarane våre skal halde på med i åra framover, og ikkje minst gjeld dette når vi skal forme ut og utvikle den nye storkommunen vår.

Eg ser derfor fram til viktige ordskifte om temaet, at mange deltar med ulike tankar og idear, og at vi òg våger å tenkje heilt nytt. Svaret mitt til Astrid Wittersø skal derfor ikkje berre sjåast på som eit svar på konkrete spørsmål, der eg vil informere kort om dei kulturelle og sosiale «møteplassane» og treffpunkta som kommunen har ansvaret for, men òg som eit oppspel til ein større debatt.

Astrid Wittersø spør om øvingsrom og lokale for ulike grupper og kulturaktivitetar og utfordrar oss m.a. på korleis Gamlebanken kan nyttast etter at kulturskulen flyttar ut hausten 2019. Generelt vil eg våge å påstå at vi har gode tilhøve for kulturaktivitet. Det er ikkje mange som har eit så flott, stort og allsidig kulturhus som Førdehuset.

I tillegg er skulane og gymsalane mykje brukte, Løa på Toene er i dag eit aktivitetshus for ungdom, og i gamle hustellfagskulen på Prestebøen tilbyr Danseverkstaden kvar kveld opplæring innan ballett og moderne dans. Vidare er Klubbhuset til Førde IL i Hafstadparken langt på veg å rekne som eit «frivillegheitas hus» som med fordel kan nyttast meir, særleg på dagtid. Andre meir private lokale blir òg nytta til ulike former for lags- og organisasjonsarbeid slik som alle grendahusa våre, Røde Korsbygget, kyrkjetunet med fleire.

Gamlebanken er eit særmerka og flott bygg i Førde. Huset er frå 1901 og blir ledig frå hausten 2019 når kulturskulen flyttar inn nye lokale ved Førdehuset. Det går i dag føre seg eit arbeid for å kartlegge kva aktivitetar som kan vere aktuelle og ønskjeleg i Gamlebanken. Det viktige er å sikre god bruk av huset. Målet vårt er skape eit miljø og eit tilbod innan kultur, helse og lagsarbeid. Vi vil etter kvart òg ta over dei lokala som Hafstad vidaregåande skule nyttar i dag, når dei flyttar ut på Øyrane og til nye Førde vidaregåande skule. Her kan det òg vere mogelegheiter for lokale til kulturlivet, men dette er noko ein må kome nærare attende til etter kvart. Så må vi også få legge til at hotella våre i røynda faktisk fungerer meir eller mindre som levande kulturhotell, nær sagt 24/7.

GAMLEBANKEN: – Gamlebanken er eit særmerka og flott bygg i Førde. Huset er frå 1901 og blir ledig frå hausten 2019 når kulturskulen flyttar inn nye lokale ved Førdehuset. Det går i dag føre seg eit arbeid for å kartlegge kva aktivitetar som kan vere aktuelle og ønskjeleg i Gamlebanken. Det viktige er å sikre god bruk av huset, skriv Olve Grotle

GAMLEBANKEN: – Gamlebanken er eit særmerka og flott bygg i Førde. Huset er frå 1901 og blir ledig frå hausten 2019 når kulturskulen flyttar inn nye lokale ved Førdehuset. Det går i dag føre seg eit arbeid for å kartlegge kva aktivitetar som kan vere aktuelle og ønskjeleg i Gamlebanken. Det viktige er å sikre god bruk av huset, skriv Olve Grotle Foto:

Astrid Wittersø stiller òg spørsmål om lokala vi har i dag er gode til føremåla sine. Eg skal forsøke å svare på dette også, men utan at det er å rekne som uttømmande. For å ta kora i Førde først, så øver dei rundt om i mange ulike øvingslokale – kyrkja, kyrkjetunet, musikkrommet og Festsalen på Førdehuset. Dette er alle gode øvingsrom for korverksemd.

Når Gamlebanken blir ledig, vil Haarklousalen her kunne vere eit svært godt akustisk øvingslokale. Korpsa har derimot dårlegare øvingsforhold. Dei øver i gymsalar, men lokala er dårlege akustisk. Førde musikklag øver i musikkrommet på Førdehuset, der er salen godt eigna akustisk, men salen er liten for eit korps på 30–40 personar. Husflidslaget har, så vidt vi har forstått, ønskje om å vere i Gamlebanken når det blir ledig. Dei har i dag eit rom som står med fast oppmonterte vevstolar på Førdehuset. Det har vore lite brukt i ein periode, men laget er no meir aktive.

I innlegget sitt spør Wittersø vidare om vi kan få starta opp igjen ein kunstskule for vaksne og om dei kan få låne atelieret i Førdehuset. Det er rett at vi for ein del år sidan hadde ein eigen kunstskule for vaksne som held til i atelieret i Førdehuset og at det kan vere ein god tanke å ta den ideen opp igjen. Men vi har starta eit arbeid med å renovere dette lokalet, det må vi få avslutta først. Så er vi i ein situasjon der vi forsøker å hjelpe Hafstad vidaregåande skule med eigna lokale til utdanningstilbodet innan kunst, design og arkitektur. Då kan atelieret vere aktuell framover. Men kanskje kan Gamlebanken vere den rette staden for ein ny kunstskule for vaksne, gjerne i sambruk med aktive kunstnarar?

Korleis unngå å bli omtalt som «dei tause» i ein samanheng der mykje handlar om idrettshallar, spør Wittersø vidare. Eg trur ho her tenkjer på dei som ikkje når fram eller har like sterke «stemmer» som dei som «ropar» høgast. Dette bekymrar oss også litt. Det er mange grupper som har særleg behov og som i dag ikkje har eigna lokale.

Olve Grotle

Olve Grotle Foto:

Som nemnt innleiingsvis utfordrar Wittersø oss og har mange gode spørsmål og innspel. Vi ønskjer sjølvsagt å vere med å skape eit større mangfald i kulturlivet og kunne tilby gode lokale og treffpunkt for dei som har behov for det. Det gjer oss nemleg rikare, både som menneske og som samfunn. Vi kan likevel ikkje utan vidare love at vi har ledige lokale til alle. Ta likevel kontakt med oss, vi inviterer gjerne til ein god prat.

Som nemnt ovanfor bygger vi nå nye Sunnfjord kommune. Fellesnemnda for Sunnfjord kommune har alt sagt at kultur skal vere ein sentral del av satsinga i den nye kommunen. Utfordringa frå Astrid Wittersø om møteplassar og treffpunkt har derfor ikkje berre relevans for Førde, men for heile den nye kommunen vår, og den vil få stor merksemd framover.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags