Gåsa som la gullegg

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Varsku her!” ropar ein gjerne før dynamitten smell. ”Fore!” ropar dei vist på golfbana. Ikkje det at eg har spelt golf nokon gong, men eg har sett på det film. Så då stemmer det nok. På amerikanske filmar ropar dei ”Timber!” når dei fell eit tre. Alt dette er sjølvsagt for å unngå at det ein gjer skal få uheldige konsekvensar.

Naustdal kommune har planar om å selje aksjane sine i Sunnfjord Energi. For å finansiere nye investeringar. No skal ikkje eg legge meg opp i kva prioriteringar ein gjer i andre kommunar. Men – nokre refleksjonar må ein nesten kunne komme med i ei sak som kan få veldig uheldige konsekvensar for oss alle.

Ein ting er å selje ein eigarpost i eit selskap som gjev varige inntekter. Det er i beste fall ekstremt kortsiktig. Ein kan gjerne samanlikne det med å pisse i buksa for å halde varmen. Eller ein kan samanlikne det med mannen i Esop-fabelen som slakta den gullegg-leggande gåsa for å få ut alle egga på ein gong. Han fann sjølvsagt ingen ting.

Det verkeleg store problemet er om BKK, som for tida er den største aksjonæren, får ein eigardel på over 50%. Då vert Sunnfjord Energi automatisk rekna som eit dotterselskap, og dei står fritt til å flytte alt eller delar av verksemda til der dei måtte finne det for godt. No skal ikkje eg påstå at BKK har slike planar, men vi gjev dei moglegheita, og vi gjev frå oss råderetten. No er det heller ikkje slik at BKK bikkar 50% ved å kjøpe Naustdal sine aksjar, men så er det alle desse hersens små tuene. Dei veltar store lass. Det har eg alltid hørt snakk om, så då stemmer det nok. Det er ingen av oss som ynskjer at vi skal velte endå fleire arbeidsplassar ut av fylket.

Oslo kommune har nyleg investert stort i Hafslund fordi dei ser at vasskraft aldri vil gå av moten. Fordi dei ser at her vil ein få inntekter til evig tid. Sånn omtrent. Det er tid for å rope ”Varsku her!” så høgt at de høyrer det heilt ut til Naustdal. Det hender dei gjer smarte ting austaføre og. Tanta til ein kompis kjenner nokon som bur der borte, og dei har sagt det. Så då stemmer det nok. Då kan ikkje vi vere noko dårlegare. Det å eige aksjar i eit selskap som garantert gjev inntekter år etter år er smart.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken