Førde

Førde sett frå Hafstadfjellet.

Førde sett frå Hafstadfjellet. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

LesarbrevDet føregår ein del debattar innan namngjeving på den nye kommunen og sett utanfrå, litt pompøst og noko skrålies, vil eg seie det slik:

I rein takksemd burde alle i den nye kommunen rette sin ryggar, heve sine hovud og unisont utbasunere FØRDE som det einaste rette namnet til den nye kommunen.

For kva skulle våre fødande mødrer ha gjort, utan eit Førde å vende seg til, då dei skulle få oss til verda?
– og kva skulle dei ha gjort utan eit Førde, alle dei gongane våre hender og føter knakk og tennene vaks seg skeive?

Kva skulle våre foreldre ha gjort, utan eit Førde å vende seg til, då dei gamle vart sjuke?
– og kva skulle dei ha gjort utan eit Førde, då behovet for spesialisthelsetenester melde seg i familien?

Kva skulle våre foreldre ha gjort, utan eit Førde å vende seg til, då behovet for tidsrett utstyr og moderne framkomstmidlar melde seg i heimen?
– og kva skulle dei ha gjort utan eit Førde, då behovet for moderne kleder og eit mangfaldig vareutval oppstod?

Kva skulle ungdommen ha gjort, utan eit Førde å vende seg til, framfor vidareutdanning og jobbsøk?
– og kva skulle desse ha gjort, utan eit Førde å strekke seg mot, i spel og tevlingar?

Kva skulle vi ha gjort, utan eit Førde å vende oss til, for påfyll av kunst og kultur?
– og kva skulle vi ha gjort utan Førde, med sine urbane restaurantar og serveringstilbod?

Kva skulle sprengkåte entreprenørspirer ha gjort, utan eit Førde å vende seg til, når behovet for å ekspandere melde seg?
– og kva skulle forretningsfolk med gründer i magen ha gjort, utan eit Førde å boltre seg i?

Kva skulle småbrukarar, fjordfiskarar og bønder ha gjort, utan eit Førde å vende seg til, då dei fekk behov for ekstrainntekt til vøling av hus og heim?
– og kva skulle dei ha gjort utan eit Førde, då dei trong naudsynte landbruksvarer, moderne maskiner og reiskapar?

Kvifor i all verda ser «alle» på Førde som den store gjøkungen, når det i realiteten har vore den store redningsplanken?

Kvifor ikkje heidre ved å framheve, i staden for å fortrenge ved å stenge?

Når så det er berre eg, som ser det slik, er Sunnfjord det beste forlik,
– for den nye flotte kommunen er Dykkar, makta og æra i overskueleg framtid.

Helsing jølstring, busett i Sogn, med arbeid i Førde.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags