Førde by mot nye 20 gode år

Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Lesarbrev«Førde blir by» heiter boka til Førde sitt 20-årsjubileum, skriven av Arne W. Aasland. Den flotte boka skildrar mykje av det som har hendt i Førde dei siste 60 åra, og forklarar kvifor småbyen inst i Førdefjorden har hatt ein vekst som ingen annan norsk by etter krigen.

Men det er ikkje berre hendingar bakover i tid som gjer krav på interesse. Førde by står framfor nokre særs spennande år, som både vil kunne framskunde den gode byutviklinga og forsterke Førde si rolle som regionbyen mellom Bergen og Ålesund.

Sentralt her står endringane i kommune- og fylkesstrukturen. Det er berre to år til Sunnfjord kommune ser dagens lys, den største frivillige kommunesamanslåinga i landet. Og alt nå ser vi positive verknader av at vi er i ferd med å skape ein ny, stor og solid kommune i regionen vår. Usemja kring kommunenamnet gjorde at kommunal- og moderniseringsdepartementet måtte avgjere spørsmålet for oss, og valet fall som kjent ned på det som stod i intensjonsavtalen og som låg i botnen ved folkerøystingane. Som leiar i fellesnemnda i den nye kommunen har eg eit ansvar for at samanslåings-prosessen går greitt, og at namnet nå blir samlande i dette arbeidet. Den nye vestlandsregionen stiller Førde i utsikt til å ta på seg store og viktige regionale oppgåver, og dette må vi alle arbeide for finn stad.

Førde er vertskapsby for Helse Førde, sentralsjukehuset, felles legevakt for 10 kommunar, og fleire fylkesdekkande tilbod knytt opp til helse- og sosialtenester. Det er viktig for oss alle at desse tilboda blir styrka og utvikla, og ikkje minst gjeld det tenestene til Helse Førde. Det er derfor avgjerande at dei store utbyggingsplanane til Nye Førde sjukehus blir realisert, og at dette kan finansierast utan for store ulemper for den eksisterande drifta i helseføretaket. Eit anna viktig tiltak å få på plass er ei avdeling av Barnehuset i Bergen i tilknyting til sentralsjukehuset. Her har det blitt arbeidd fram ei god fagleg samarbeidsordning med sjukehuset, noko som er ein absolutt føresetnad for å få godkjent opprettinga sentralt.

Det skjer mykje i utdanningsbyen Førde. Opprettinga av Campus Førde som ein av Høgskulen på Vestlandet (HVL) sine fem campusar, har gitt studiestaden eit løft. Dette gjeld både helse- og ingeniørutdanninga. Til hausten blir det oppretta ei ny IT-utdanning i Førde, som vil gi byen endå større kraft som studentby. Men det skjer meir. Fylkestinget har nå vedtatt å gå vidare med planane om å samle allmennfag og yrkesfag i ein felles vidaregåande skule på indre Øyrane. Planane inneber òg at ein skal kople den nye skulen opp mot Fagskulen, HVL og det teknologiske miljøet på Øyrane i ei stor campusløysing. Vi riggar oss altså nå for framtida i Førde, og vil skape eit kraftsenter for utdanning/innovasjon/FOU med eit enormt potensiale.

Skal ein by utvikle seg, trengs det ein moderne og framtidsretta infrastruktur. Førde er i gang med å realisere Førdepakken, som inneheld opprusting og bygging av nye køyrevegar, sykkel- og gangstiar til 1,6 mrd kroner. I Førde – som i andre byar som har slike trafikkpakkar – er det diskusjon og meiningsbrytningar om (nokre av) tiltaka i trafikkpakken, og det er bra. Samstundes er det slik at bystyret etter kvart har gjort ferdig reguleringsplanar til eit fleirtal av dei 20 tiltaka som Førdepakken inneheld, og dertil fleire ganger stadfesta at ein ønskjer Førdepakken gjennomført som planlagt. Så langt er arbeida i fleire av tiltaka sett i gang, og om nokre få månader er det store tiltaket med nytt kryss ved Bergum ferdig. Det vil gi oss eit bilde av kva kraft og fornying som ligg i moderne og trafikksikre vegløysingar, ikkje mist for dei mjuke trafikantane.

Førde er òg ein justis-by. I sommar blei dei to tingrettane i fylket vår samla i ein tingrett, med base i Førde. Sogn og Fjordane tingrett er den einaste (frivillige) samanslåinga i landet, noko som truleg skuldast den desentraliserte modellen tingretten har vald. Ein modell som resten av landet nå ser på, og som vil skape gode og tenlege løysingar andre stader. Sogn og Fjordane tingrett har vidare planar om sams lokalisering med Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett, og vil dertil få på plass moderne og større lokale i Førde sør. Politiet er ein annan justisetat i Førde som er i utvikling, og som òg skal på plass i nye og tidsriktige lokale.

Førde by har ein svært stor arbeidsmarknad. Nesten 9 500 arbeider i byen vår, og heile 3 500 av desse pendlar inn frå store delar av Sogn og Fjordane. At over 25% av dei med master-utdanning i fylket arbeider i Førde, seier òg noko om rolla byen har. Derfor er det gledeleg at vi har tilvekst av nye, spennande og framtidsretta arbeidsplassar, både i privat og offentleg sektor. Tibber-eventyret vekst seg stadig større, og til neste år vil Førde bli tilført ein ny og internasjonal dimensjon gjennom etableringa av Fredskorpset.

Eg tenker det er viktigare enn nokon gang å legge til rett for at næringslivet vårt kan utvikle seg, og ha gode vekstvilkår. Derfor er det viktig at vi nettopp har fått meldinga om Sunnfjord Energi AS har gjort vedtak om realisering av Jølstra Kraftverk, ei investering på over 700 millionar. Forutan å vere ei god investering for Sunnfjord Energi AS, vil den gi store og positive lokale og regionale verknader, og dertil gi grøn energi i mange, mange tiår framover. Investeringa vil òg gjere det lettare å bygge ut resten av Sunnfjord Næringspark på Moskog, ein næringspark kor den første etableringa kan vere på plass innan kort tid. Det skjer i det heile mykje spennande i næringslivet vårt, og det er nødvendig. Skal Førde by ha suksess framover, er vi heilt avhengig av at næringslivet vårt lykkast.

Førde er ein kultur- og medieby, men fleire institusjonar som teater, museer, festivalar, NRK, Firda og ulike typar kreative miljø. Nokre av desse arbeider for tida med eit samlokaliserings-prosjekt, kor tanken er at ein står sterkare saman enn kvar for seg. Ein av fellesnemnarane i dette arbeidet er nynorsk som merkevare og identitetsbyggar, og idéen som har vakse fram er at ein rett og slett skal få på plass eit Nynorskens Hus i Førde. Det er uråd å ikkje bli begeistra av desse tankane, og eg heier gjerne dette fram!

Ein som verkeleg har heia fram det positive og gode med Førde by, er årets kulturprisvinnar Hans Jacob Reite. Av alle flotte byjubileums-arrangement i år, er det kanskje Hans Jacob & Co sin Førde-film «Frå Sjøahola til Sjukehuset» som har gjort sterkast inntrykk. Filmen om Førde trefte ei nerve i førdianarane, som har gjort oss stoltare og endå meir glad i byen vår.

Om to år blir Førde by kommunesenteret i Sunnfjord kommune. Det er eit uttrakt mål at vi i den nye kommunen både skal greie å utvikle byen vår og dei andre tettstadane våre. Ja, vi ønskjer vekst og utvikling i heile kommunen og regionen vår. Vi går derfor inn i 2018 med stor framtidstru og optimisme, og ønskjer kvarandre og alle andre eit god nytt år!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags