Meiningslaust med erstatningsbane

45 MILL: Då Førde IL la fram skissene til Norconsult for Nye Førde Stadion, ein kombinert fotball- og friidrettsstadion på dagens baner ved Førdehuset, vart han grovt kalkulert til ca 45 mill, skriv artikkelforfattaren.

45 MILL: Då Førde IL la fram skissene til Norconsult for Nye Førde Stadion, ein kombinert fotball- og friidrettsstadion på dagens baner ved Førdehuset, vart han grovt kalkulert til ca 45 mill, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevFørdepakken og brukryssinga ved Førdehuset: Fullstendig meiningslaust med erstatningsbane

https://www.firda.no/nyheiter/fordepakken/politikk/foreslar-a-plassere-ny-fotballbane-her/s/5-15-901552?access=granted

Firda 29.10 kjem med planar for erstatningsbane for kunstgrasbana ved Førdehuset, dersom Førde bystyre sitt vedtak om brukryssinga ved Førdehuset blir ståande (Førdepakken tiltak 1).

Norconsult har kostnadsrekna bana til 33 millionar. Firda skriv:

«For å bygge erstatningsbane for fotballen, må ein i dette forslaget også bygge erstatningsløyper for BMX og rulleski. Det vil krevje bruk av meir jordbruksareal, som også vil utløyse erstatning.»

Det er altså ikkje snakk om berre 33 mill. eks.mva.. Det er 33 mill. + grunnerverv på verna landbruksområde pluss undervarme pluss moglege nye garderobeanlegg pluss lysmaster pluss heilt sikkert nye moglege fordyrande infrastrukturtiltak både ved og nordaust for den nye bana (viss flytting av BMX og rulleski-anlegg til eit område som tidlegare har vore grovfyllplass).

Det er snakk om minst 40 mill. – ein sum som må reknast som nye Sunnfjord kommune sin ekstrakost ved framleis brualternativ 2 med den skilnaden at tiltaket IKKJE kan finansierast av Førdepakken.

Då Førde IL la fram skissene til Norconsult for Nye Førde Stadion, ein kombinert fotball- og friidrettsstadion på dagens baner ved Førdehuset, vart han grovt kalkulert til ca. 45 mill. Sjå video på Førde IL heimeside.

Eg treng vel ikkje seie meir, anna enn at her har vi politikarar i Sunnfjord kommunestyre noko å gripe fat i.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags