DEBATT: Bru-Armageddon

Av
DEL

Lesarbrev 

Diskusjonen kring bru alternativ frå Hafstad til Angedalsvegen går varmt om dagen.

Sjølv er eg samd med politikaren Asbjørn Steen. Eg skulle gjerne sett at det var fleire politikarar som han, som «tørr» å stå fram med sin personlige meining, utan styring av partipisk.

Førstkomande møte i bystyret er avgjerande for om dette området blir ofra og øydelagt for all framtid, berre i påvente av ny E39. Det er freistande å kalle det for galskap om køyrebru blir realisert.

Statens vegvesen har gjort ein grundig jobb, etter bestilling frå politikarane som no må ta sitt ansvar. Kostnadar er som kalkulert for alle bru-alternativa og ertatning for kunstgrasbane (framtidig utvikling av stadion) er vel heller ikkje realistiske.

Uerstattelige mjuke verdiar samfunnet må betale for rasering av området framfor Førdehuset (og festplassen/parken), er ikkje råd å prissette.

I påvente av omlegging av E39 er ikkje ei bru her noko god arealforvaltning for framtida. Dette handlar ikkje om pris på bru, men kort og godt sunt vett og forstand for komande generasjonar sin bruk av området kring Førdehuset.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags