Gratulerer med ny hytte! Hytta er di!

IKKJE FOR SAL: Arild Sætre vart først skuffa då han fann ut at privatpersonar ikkje får kjøpe slike hytter, men så forstod han at han allereie har fått hytte. Hytta er for alle.

IKKJE FOR SAL: Arild Sætre vart først skuffa då han fann ut at privatpersonar ikkje får kjøpe slike hytter, men så forstod han at han allereie har fått hytte. Hytta er for alle. Foto:

Av
DEL

DebattFor ei kul hytte. Ei slik hytte kunne eg godt tenke meg, var det første eg tenkte då eg kom opp. Med taket trekt heilt ned mot bakken glir den naturleg inn i omgivnadane og går nesten i eitt med terrenget rundt. Lurt plassert på kanten av ei lita flat slette på eit høgdedrag er det panoramautsikt mot Vieslettene, Førdebyen og til og med Førdefjorden.

Dei overbygde sitteplassane på begge sider av taket, vitnar om høg grad av kreativitet. Det store vindauget i utsiktsretninga og eit inngangsparti under tak med ei praktisk rist framfor den solide inngangsdøra gir eit inntrykk av velutvikla sans for praktiske løysingar.

Eit koseleg innerom med skråtak, romslege benkar, hyller med bøker langs veggane og teppe på golvet, gir høg hyttekosfaktor. Du får lyst til å gå inn og bli der lenge.

Det beste av alt er at den nye dagsturhytta oppe på Gyttakvia ved Viefjellet i Førde er lett tilgjengeleg for turgåarar i alle aldrar. Berre ein 20 minuttars roleg gåtur unna parkeringsplassen i Vieåsen.

Skal tru kven som har produsert den? Kanskje går det an å bestille ei til privat bruk, tenkte eg etter å ha inspisert hytta utvendig og innvendig.

I djupe hyttetankar rusla eg nedover stien fast bestemt på å finne ut alle fakta om den kule dagsturhytta eg nettopp hadde besøkt.

Eg rakk berre å gå nokre få hundre meter før svara stod rett framfor meg. Meir flaks går det ikkje an å ha. Det er nok meininga at eg skal ha ei slik hytte, tenkte eg. Eg trur ofte det er ei djupare meining med alt kvar gong eg har flaks.

Rett framfor meg stod dagsturhyttegeneralen i eigen person. Atle Skrede var på veg opp med hyttebok og diverse rekvisita til hytta. Dermed fekk eg svar på alle spørsmåla mine, og vel så det. Først blei eg imponert, deretter skuffa.

Skrede kunne fortelje at ideen om dagsturhytte til alle kommunar i fylket var eit resultat av eigne erfaringar og mange gode minne frå barndomens hytteturar til Jølster. Gleda av å ha ei hytte å dra til. Ei hytte som turmål og motivasjonsfaktor. Ei hytte som møtestad.

Ut frå eigne erfaringar kom idéen om at dagsturhytter i alle kommunar ville vere den beste måten å motivere folk til å gå meir på tur i naturen.

Endå meir imponert blei eg då han fortalde om alt forarbeidet. Prosessen med arkitektkonkurranse, synfaringar, logistikken og spektakulær helikoptertransport.

Ein god idé. Klok filosofi. Modig gjort å sette idéen og filosofien om til praktisk handling, tenkte eg og var nok synleg imponert.

Eg skjøna gradvis at alt eg hadde observert med omsyn til estetikk,  praktiske løysingar og plassering ikkje var tilfeldig, men eit resultat av kloke vurderingar, grundig planlegging og profesjonell gjennomføring.

Etter å ha verbalisert observasjonane mine og gitt Skrede vel fortent ros, kunne eg endeleg spørje om det eg var mest spent på. Eg formulerte meg diplomatisk, for å ikkje verke for ivrig.

Er hytta produsert her i fylket? ymta eg forsiktig som ei taktisk manøvrering for å nærme meg det eg eigentleg lurte på. Skrede skjøna kvar eg ville, for svaret kom kjapt: Den er produsert i Masfjorden, og du er ikkje den einaste som har spurt.

Han kunne òg fortelje at firmaet har blitt nedringt av folk som gjerne kunne tenke seg ei slik hytte. Så kom setninga som truleg endra ansiktsuttrykket mitt totalt: Den blir ikkje produsert til privatpersonar.

Dermed var den hyttedraumen knust. Eg prøvde å sjå upåverka ut, men som den observante personen Skrede er, merka han tydelegvis skuffelsen min, og repliserte kjapt: Du har fått deg hytte. Dagsturhytta er di. Du kan bruke den når du vil, og du kan vere der så lenge du vil. Dagsturhyttene er ei gåve til alle i fylket, sa han med eit lurt smil.

Eg prøvde å sjå takksam ut, sa takk for praten og rusla vidare nedover. Ja, ja, det var vel ikkje meininga at eg skulle få meg hytte då, tenkte eg mens eg subba nedover stien. Men etter kvart merka eg at setningane eg nettopp hadde høyrt dukka opp i mitt indre. Du har fått deg hytte. Dagsturhytta er di. Du kan bruke den når du vil.

Det var dette dagsturhyttegeneral Atle Skrede nettopp hadde sagt. Du har fått deg hytte!

Gradvis og på ein underleg måte gjekk innhaldet i det han hadde sagt opp for meg. Nokon har sett opp ei hytte under ein halvtimes gange frå der eg bur. Ei hytte eg fritt kan bruke. Eg kan gå dit når eg vil. Eg kant ta med meg nistemat og sitte der og kose meg så lenge eg vil.

Der og då innsåg eg at den korte praten med Skrede kan ha spart meg for mange hundre tusen kroner.

Samtidig skjøna eg at desse pengane berre er småpengar samanlikna med alle millionane helsemyndigheitene i framtida kjem til å spare på  grunn av helseeffekten av dagsturhyttene.

Eg har med eigne auge sett at  prosjektet fungerer. Nokre dagar seinare var det reine folkevandringa opp til Gyttakvia. Facebooksida har allereie fått mange hundre følgjarar. Ifølge Skrede har nærare tretti tusen personar besøkt dagsturhytta på Sandane.

Stor takk til initiativtakar, medhjelparar og sponsorar. Eg skal bruke hytta mi mykje, og eg deler den gjerne med alle dei andre medeigarane i Førde. Gratulerer med ny hytte!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags