Fredskorpset meir enn berre arbeidsplassar i Førde

Eg er sikker på at eg snakkar på vegner av heile regionen når eg stadfestar at Fredskorpset blir sett på som noko meir enn berre arbeidsplassar i Førde, skriv ordførar Olve Grotle (t.v.). Bildet vart tatt då det vart kjent at Fredskorpset vert flytta frå Oslo til Førde.

Eg er sikker på at eg snakkar på vegner av heile regionen når eg stadfestar at Fredskorpset blir sett på som noko meir enn berre arbeidsplassar i Førde, skriv ordførar Olve Grotle (t.v.). Bildet vart tatt då det vart kjent at Fredskorpset vert flytta frå Oslo til Førde.

Av
DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

LesarbrevTillitsvalde i Fredskorpset stilte nyleg eit kritisk, men likevel konstruktivt, ope brev til Førde i eit innlegg i Firda. I brevet blir det reist relevante og gode spørsmål knyt til korleis (eingangs) kostnadene knyt til flyttinga av Fredskorpset til Førde skal dekkjast, og vidare blir Førde-samfunnet litt utfordra på kva som blir kravd for «å drifte et internasjonalt ledende bistandsfaglig kompetansemiljø».

Eg er glad for å at Førde no blir utfordra, og meiner at vi skal ta det som blir skrive på alvor, og ikkje minst ta i mot den invitasjonen som ligg i brevet.

Men først. Avgjerda om at Fredskorpset skal flyttast til Førde, blei svært godt mottatt i Førde, Sunnfjord og Sogn og Fjordane. På same tid som at Fredskorpset er sterkt ønskt velkommen til Førde, er det likevel viktig å få fram at det ikkje er vanskeleg å forstå at tilsette i Fredskorpset opplever avgjerda som vanskeleg og utfordrande.

Like etter at avgjerda blei gjort kjent, blei det oppretta kontakt mellom Førde kommune og leiinga i Fredskorpset. I denne kontakten har underteikna opplevd å møte ei konstruktiv og profesjonell leiing med fokus på Fredskorpset sin idé og virke, dei tilsette sine forhold, og ikkje minst korleis flyttinga kan skje på best mogleg måte. I kontakten har det blitt sterkt understreka at Fredskorpset står for eit internasjonalt leiande bistandsfagleg kompetansemiljø, og at ein i tida som kjem må arbeide godt og hardt for å vidareføre og utvikle dette i Førde.

Det er svært viktig for Førde kommune å få på plass god dialog og samarbeid med Fredskorpset. Dette gjeld ikkje berre leiinga, men òg dei tilsette. Samtidig har eg sjølvsagt forståing for at dette kan ta noko tid, og at det kan opplevast vanskeleg for dei tilsette. Eg håper likevel at dette er råd å få til.

Førde kommune ønskjer sjølvsagt at så mange som råd i Fredskorpset flyttar til Førde og Sunnfjord, og vi meiner vi har mykje å by på for å skape «det gode liv». Samtidig veit vi av erfaring frå andre utflyttingar at mange nok vil velje å bli buande i Oslo, noko som ikkje er vanskeleg å forstå. For Førde kommune er det likevel av stor verdi å få ein god kontakt og samarbeid med desse, ikkje minst fordi vi har forstått at flyttinga blir meir vellykka dess fleire gode krefter som drar i lag.

Den nye kommunen i indre Sunnfjord har ein stor arbeidsmarknad, faktisk like stor som mange mellomstore byar i Norge. Vidare har Førde eit stort forvaltningsmiljø, og nokre miljø i regionen som òg har eit visst slektskap med verksemda til Fredskorpset, sjølv om dette ikkje skal overdrivast. Eg meiner derfor at Førde har føresetnadene som skal til for å kunne vere ein god vertskommune for Fredskorpset. Dette vil likevel ikkje seie at vi ikkje tar utfordringane dei tillitsvalde skriv om på alvor. Tvert om, Erik Thompson, Marit Bakken og Marianne Jorddal. Point taken!

I det opne brevet til Førde inviterer dei tillitsvalde i Fredskorpset nokre personar til Oslo. Det synest eg er eit godt initiativ, som ein bør takke ja til, og som eg sjølv gjerne blir med på. Så håper eg vi kan få til eit besøk av heile Fredskorpset til Førde og Sunnfjord, men dette først når dei tilsette synest dette er greitt.

TIl sist uttrykker dei tillitsvalde håp om at Fredskorpset blir sett på som noko meir enn berre arbeidsplassar i Førde. Eg er sikker på at eg snakkar på vegner av heile regionen når eg stadfestar at Fredskorpset nettopp blir det. Fredskorpset si etablering i Førde vil for mange representere noko spennande, nytt, givande og svært meiningsfylt, og som vil få ein viktig og stor plass hos oss. Eg veit at det er mange som står klar til å ønskje Fredskorpset velkommen på ein god måte, og som vil bidra til at dette blir ein suksess på alle måtar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags