Har venta lenge – kan få det beste monumentet

BETONG OG STEIN: Materialbruken på det nasjonale minnesmerket er definert som betong og stein. Val av materialer skal tåle dei store vassmengdene som tidvis  fløymer på Tangen, skriv artikkelforfattaren.

BETONG OG STEIN: Materialbruken på det nasjonale minnesmerket er definert som betong og stein. Val av materialer skal tåle dei store vassmengdene som tidvis fløymer på Tangen, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Siste sak i Førde bystyre er valet av eit Freds- og demokratimonument til Førde. Monumentet skal vere Førde si påkoblig på nasjonal identitet og det skal reisast i festparken på Tangen. Freds- og demokratimonumentet skaper kontinuitet for Førde inn i nye Sunnfjord kommune, og det vert verkeleg spennande å følge med på kva forslag politikarane vel.

Initiativet til Monumentet kjem frå veterangruppa i Førde i dialog med Ivar Svensøy, Ap. Det er oppnemnt ei ad- hoc gruppe som skal sjå til at monumentet kjem på plass. Monumentet tilfører ein ny historisk- politisk dimensjon i Førde, det er ei takk til dei som gav sitt liv for fred og det har plass til minneord og namn – på same tid som det skal vise framover.

Det kjenst meiningsfylt å tenke på oppgåva med eit Freds- og demokratimonument sånn heilt på tampen av dette tiåret. Vi som nasjon har vorte utfordra på nye trusselbilde og det kollektive samfunnet er påført store traume. I dette tiåret har meir openheit og meir demokrati vorte eit samlande omgrep, på same tid som dette tiåret har endra nordmenn sine førestillingar om det samfunnet vi står i.

Situasjonen på Tangen ligg til elva og monumentet skal vidareføre det blå- grøne element. Det er levert tre forslag i konkurransen og det er to hovudsaklege grep som har behov for kritisk vurdering. Her er det vesentleg at politikar lyttar på skjenegangen, og kjenner både på etiske og personlege sider.

Det sentrale valet står mellom eit monument som er eit heilskapleg grep, med kontinuitet mellom plassdannelse og minnestein,
eller ei organisering av monumentet der minnesteinen er skilt ut frå hovudmonumentet og plassert for seg sjølv på ein annan stad.

Monumentet skal vere Førde si påkopling på nasjonal identitet. Dette betyr at her skal vere plass til større minnemarkeringar i samband med 22. juli, det skal vere plass til Rosetoget og deira seremoniar, det skal vere ein møtestad for veteranar og pårørande, det skal vere plass for festivalen og 17. mai toget, det skal vere ro og rom for taler og kransenedlegging og det skal vere plass til kontemplasjon i større grupper.

Å legge til rette for desse behova handlar om meir enn å velje forma på ein stein. Ein stein vil vere privatisert så snart to eller fleire personar set seg på den. Det er det plassdannande dekke som legg til rette for eit offentleg seremonirom med tradisjonelle og nye feiringar.

Vidare skal eit monument som viser framover vere verdinøytralt. Symbolbruken skal vere meningsbærande og ha allmenn kjend forankring. Monumentet skal tene det fleirkulturelle samfunnet og det er behov for ein tydeleg og velbegrunna symbolbruk. Grunnforma kan med fordel også ha lokal forankring og profilere det spesielle som berre Førde har.

Materialbruken er definert som betong og stein. Val av materialar skal tole dei store vassmengdene som tidvis fløymer på Tangen. Det er ikkje er spurt etter NVE i denne runda, og tilpassingar til deira krav skal utførast i ei detalj- prosjekteringsfase.

Saka om val av Freds- og demokratimonument har gått fleire rundar i bystyre, noko den absolutt er verdt. Førde har venta lenge på eit nasjonalt minnesmerke, og kan derfor få det nyaste og beste monumentet.

Det er bystyre som tek avgjerda om kva monument Førde skal få. Og det er vesentleg at politikarane får moglegheit til å ta inn over seg tidsånda og lytte til kva behov som bygger framtidas seremonirom.

Vesentleg for ei god avgjersle er ein god debatt. Det er ønskeleg at administrasjonen førebur eit reelt val- alternativ for bystyre, basert på eit sakleg og godt underlag.

Vi ber om at det vert førebudd ei siste sak for våre folkevalde, som opnar for engasjert debatt og reelt val. Vi ønsker ein debatt som aktualiserer verdisynet vårt, som syner korleis vi som samfunn tradisjonelt har organisert seremonirommet og korleis vi ønsker at framtidas seremonirom skal vareta denne rolla til beste for innbyggarane.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags