Vil ha byplan for ein by folk kan vere stolte av

KØYRETRAFIKK: Figur 1: Med ein tunnel gjennom Hafstadfjellet (jf. fig. 1 plankart) – mellom Førde hotell og Hafstad – og oppgradering av Rv 5 over Øyrane til 4-felts veg, kan ein unngå 2 nye køyrebruer; (på fig. 1. merka med raude kryss) – x) over Anga frå Angedalsvegen til Hafstad, og x) over Løken frå Indre Øyrane til Langebruvegen, skriv artikkelforfattarane.

KØYRETRAFIKK: Figur 1: Med ein tunnel gjennom Hafstadfjellet (jf. fig. 1 plankart) – mellom Førde hotell og Hafstad – og oppgradering av Rv 5 over Øyrane til 4-felts veg, kan ein unngå 2 nye køyrebruer; (på fig. 1. merka med raude kryss) – x) over Anga frå Angedalsvegen til Hafstad, og x) over Løken frå Indre Øyrane til Langebruvegen, skriv artikkelforfattarane.

Av
DEL

LesarbrevVi hadde i «Firda» den 14. august 2018 eit ope brev til ordførarkandidatane i den nye Sunnfjord kommune, med oppmoding å ta trafikkplanen i Førdepakken opp til revisjon. Dette p.g.a. at noverande plan betyr stor auke i biltrafikken gjennom sjølve sentrumskjernen, som fører til store funksjonelle og miljømessige ulemper for denne delen av sentrumskjernen.

Vi la fram eit forslag til ei alternativ trafikkløysing, til samanlikning med Førdepakken sin plan.
Vi fekk via «Firda» positive svar frå alle tilskrivne. Sjølv om ikkje alle ville låse seg til å ta opp Førdepakken til total revisjon, så var nokon stemde for å ta deler av trafikkplanen opp til revisjon.

Endringar av Førdepakken. Det er til no føreteke så mange endringar av trafikkplanen, at den totale samanhengen er skipla. Dette gjeld visse rokeringar av prioriteringar, og utelating og endringar av ymse tiltak. Dette burde i seg sjølv medføre at Førdepakken vart lagt fram for ny godkjenning, – i revidert versjon. Nedanfor vårt forslag til slik revidert plan:

Køyretrafikk: Med ein tunnel gjennom Hafstadfjellet (jf. fig. 1 plankart) – mellom Førde hotell og Hafstad – og oppgradering av Rv 5 over Øyrane til 4-felts veg, kan ein unngå 2 nye køyrebruer; (på fig. 1. merka med raude kryss) – x) over Anga frå Angedalsvegen til Hafstad, og x) over Løken frå Indre Øyrane til Langebruvegen. Og dermed unngå store ulemper for sentrumsmiljøet.

Ved å droppe/ta ut Førdepakken si løysing med bru over Løken og bru over Anga til Hafstad, vil ein spare store summar, som m.a. kan nyttast til vår plan med tunnel i Hafstadfjellet. Då vil ein ha sjanse til å gjere sentrum av Førde (indrefileten) til eit attraktivt område for folk i Førde.

PARKERING:  Figur 2: Denne viser eit døme på eit større parkeringsanlegg i Hafstadfjellet sør for Fjellvegen, og med tilkomst(ar) frå denne. 
Parkeringsanlegget kan byggast i fleire etasjar i ein fjellhall, skriv artikkelforfattarane.

PARKERING: Figur 2: Denne viser eit døme på eit større parkeringsanlegg i Hafstadfjellet sør for Fjellvegen, og med tilkomst(ar) frå denne.  Parkeringsanlegget kan byggast i fleire etasjar i ein fjellhall, skriv artikkelforfattarane.

(På kartet ovanfor er omtalte gang-sykkelanlegg markert med nr. utanom grøn sirkel,
Og raud sirkel med X viser dei to køyrebruene som vi meiner Førde sentrum kan sparast for).

Parkering i sentrum: Førdepakken må innehalde plan for eit sentralt parkeringsanlegg som erstatning for arealkrevande parkeringsplassar på gatenivå. Det vil gjere det mogeleg med ei fortetting av sentrum. På fig. 2 er vist eit døme på eit større parkeringsanlegg i Hafstadfjellet sør for Fjellvegen, og med tilkomst(ar) frå denne.

Parkeringsanlegget kan byggast i fleire etasjar i ei fjellhall, – eller som bygning innskoten i fjellet for kombinerte formål; garasjar, næringsareal og bustadformål på toppnivå. I sentrum Sør har det forverra seg mykje når det gjeld parkering, etter at Sunnfjord PEAK etablerte seg i Førdetunet – og no når tingretten blir ferdig – vil det bli stor auke i biltrafikken. Skal so Nynorsken Hus byggast på parkeringsplassen sør for Møbelringen, blir det her ein håplaus parkerings-situasjon.

Gang- og sykkelvegar: 1). Gangbru over Jølstra sør for Sentralsjukehuset (jf. fig. 1-1) vart teken ut av prosjektet, etter motsegn frå Fylkesmannen p.g.a. omsyn til verneverdig skog langs elvekanten. Men seinare vart det bygt fjernvarmeanlegg som øydela skogen i den same traseen. Dermed kan denne gangbrua her gjenopprettast. Den vil ha vesentleg nytteverdi for gang- og sykkelferdsle for Vieåsen-området og sjukehuset, til Hafstadparken, Førdehuset og Førde sentrum.

2) Det bør byggast gang-/sykkelbru mellom Hafstadparken og Førdehuset (Fig. 1-2), som vil knyte desse to områda saman til ei meir naturleg eining. Ved dette planframlegget er det ikkje behov for køyrebru over Jølstra.

3) Mellom Indre Øyrane og Helsetunet/Langebruvegen bør det byggast ei separat gang-/sykkelbru over Løken, i staden for køyrebru. Ei køyrebru her vil bli eit veldig forstyrrande element inne i våtmark- og rekreasjonsområdet Indre Øyrane, og påføre Helsetunet og Langebruvegen store støy- og funksjons-ulemper.

4) Gangveg gjennom Kletten bør etablerast ved utviding av køyretunnelen, i staden for separat gangtunnel som no er planlagd. Denne endar opp på Bergum-sida, der det vert bratt gangveg vidare, – anten ned til Rv5, eller opp til Hornesvegen. Det vil vere langt færre folk (både gåande og syklande) som kjem seg til å nytte ein slik trase enn ein relativt flat gang- og sykkelveg ved sida av Rv5 gjennom Kletten. Her er det dessutan mykje pengar å spare, som kan nyttast til andre gangvegprosjekt, t.d. gangbru over Jølstra, sør for sjukehuset.

Konklusjon: Kanskje kunne ein studietur til Oslo, Bergen eller andre byar/tettstadar for å studere korleis dei no må endre gamle gateplanar, slik at bilfrie gater og trivsel kan bli røyndom.

Her i Førde er det ikkje naudsynt å gjere store tabbar no, – som må rettast opp seinare. Det er framleis tid til å bruke fornuft.

Vi vonar at dei folkevalde og administrasjonen i Sunnfjord kommune no grip fatt i Førdepakken, og får den oppgradert til ein byplan som er meir i tråd med dagens normer. Og til ein plan som kan danne grunnlaget for ein funksjonell og triveleg tettstad – framover i tida. Ein by vi alle kan vere stolte over.

Kommunerepresentantar: Til lukke med arbeidet!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags