Vegplanar i Førde sentrum

Foto:

Av
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

LesarbrevI Firda laurdag 19. november hadde underteikna eit innlegg med same overskrift der eg ber kommuneleiinga gjere greie for den nye gjennomkøyringsveg gjennom sentrum – med ny bru over Jølstra frå Hafstad, gjennom lyskrysset ved Kunstmuseet og fram til Langebruvegen med forlenging av denne, og med bru over Løken ved sida av Helsetunet. Vidare tvers over Indre Øyrane fram til rundkøyring på Naustdalsvegen-.

Det var spørsmål om kvifor denne vegen var så viktig, og kvifor det hastar med å få den bygd. Vidare var det ønske om innsyn i konsekvensanalysen for denne vegen.

Det burde vere enkelt for dei ansvarleg for prosjektet å svare med ein liten epistel i Firda. Slik at vi som er mot den nye gjennomføringsvegen, vart overtydde om at den er nødvendig. No har det gått over tre veker sidan spørsmåla vart stilt, men korkje kommuneleiinga, planutvalet eller politikarar som har godkjend og gått inn for gjennomkøyringsvegen, har gjorde greie for noko som helst.

Korleis skal ein tolke dette? Det kan vere 3 grunnar til manglande utgreiing:
1. Har ikkje lese Firda og sett innlegget med spørsmåla.
2. Det er berre ein pensjonist og nokre få personar til som ikkje er einige i kommunen sine planar. Det er ikkje noko å bry seg om.
3. Dei ansvarlege i kommunen har ikkje nokon gode argument som står seg for de spørsmåla som blir stilt.

Alt. 1 er lite sannsynleg. Politikarane les lokalavisa for å vere oppdatert på det som skjer. Alt. 2 kan vere årsaka. Kommuneleiinga har ein vane med å teie i hel debattinnlegg som ikkje samsvarar med deira eigne planar, og med tida er allting gløymd, er ofte deira strategi. Det mest sannsynleg er likevel at alt. 3 er rett. Dei ansvarleg har ikkje nokon gode argument for å hevde at den nye gjennomkøyringsvegen er tvingande nødvendig, og at det hastar med å få den bygd. Heller ikkje er det utarbeid ein konsekvensanalyse. Og det er ille.

Det planutvalet har lagt fram verkar tilfeldig og lite gjennomtenkt. Men politikarane ser ut til å svelge det rått, og godkjenner planane i Førdepakken slik dei ligg føre utan konsekvensutgreiing. Kva med truverd og intensjonane i Førdepakken? Førde skal jo bli ein miljøvennleg sykkelby – med lite biltrafikk. Og så får vi ei ny trafikkåre med gjennomgåande biltrafikk, også tungtrafikk, midt gjennom bykjernen? Ein bilby med mykje gjennomgangstrafikk i sentrum er vel meir dekkande omtale.

Det er til å gremmes over når ein ser byplanleggarar andre stader freistar å få til bilfrie bysentera (jamfør Arendal i desse dagar), som bebuarane jublar for, medan her i Førde planlegg dei med meir og meir støyande og forureinande biltrafikk i sentrum – utan å bry seg om trivsel og miljøet der.

Ta til dømes siste plan som er blitt kjend. Hafstad vidaregåande skule skal flyttast til Øyrane ved sida av Yrkesskulen. Dette er gjerne Fylkeskommunen sin plan, men våre folkevalde har ikkje gjort nokon innvendingar som er kjende. Bystyret ser ut til å vere vel nøgde med at dei får ein ny flott skule på ei flott urørt tomt ved sida av Yrkesskulen som er feilplassert, og aldri skulle ha lagt der den no er. At Fylkeskommunen gjer Øyrane til ein samlingsstad for dei vidaregåande skulane i Førde, gjer gale verre. Kva med konsekvensane?

Her får vi ei storsamling av elevar på Øyrane medan idrettsanlegga i og utanfor Førdehuset og Hafstadparken ligg i motsett ende av Førde sentrum. Den raskaste vegen mellom elevsamlinga og idrettsanlegga er gjennom sentrum. Kan det vere at politikarane i Førde har freista Fylkeskommunen med at Førdepakken har ein plan på ein ny gjennomkøyringsveg frå Øyrane til Hafstadparken og Førdehuset? Utan å bry seg med at dei samstundes inviterer til meir biltrafikk gjennom sentrum?

Ville det ikkje vert meir fornuftig å flytte yrkesskulen til Hafstad med gåavstand til idrettsanlegga for alle elevane? Men på Hafstadflatene er det bestemt at det ikkje skal byggast skular, men bustadar. Forstå det den som kan.

La oss i det minste få behalde Langebruvegen slik den er – utan forlenging og bru over Løken like ved Helsetunet. Og la den austlege delen av Indre Øyrane få ligge urørt, til dess vi får planleggar og politikarar som forstår å utnytte det verdfulle området – til eit unikt parkområde, til rekreasjon og nyting for alle i Førde – gammal som ung, men mest tilrettelagt for dei med funksjonshemming og dei som sit i rullestol på Helsetunet. Dei har ikkje nokon stadar å ferdast utan støyande og forureinande biltrafikk like innpå seg.

Dette blir nok mine siste synspunkt i denne saka, fordi eg innser at eg ikkje når fram til dei folkevalde og dei som har mynde og makt til å ta planane i Førdepakken opp til ny vurdering.

Men det undrar meg at det berre er sivilarkitekt Kjartan Myklebust og pensjonistane Dagunn Klakegg, Ståle Sørbotten og underteikna som gjev til kjenne – at dei bryr seg om miljø og trivsel i Førde, og for at bebuarane på Helsetunet og Eldresenteret skal få ei betre oppleving når dei er utandørs.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags