Gå til sidens hovedinnhold

Utvid Naustdalsvegen til 4-felts veg

Artikkelen er over 3 år gammel

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Kan utfordringane ein har med brua over Jølstra ved Førdehuset løysast med andre alternative vegløysingar som totalt for Førdepakken vert billigare? Må vi bygge traseen Hafstadparken – Langebruvegen – Indre Øyrane med ein 17–20 meter brei vegtrase?

Angedalsvegen frå Førdehuset til krysset ved drosjesentralen må utvidast i breidda med ca. 4 meter. Korleis vil rundkøyinga/lyskrysset ved drosjesentralen verte forma ut?

Førdepakken er full av spørsmål, dette er berre nokre få av dei. Det siste spørsmålet er ikkje Førdepakken villig til å svare på før ein har bunde opp traseen med godkjente reguleringsplanar i begge endane, ved Førdehuset/Hafstadparken og Helsetunet/Indre Øyrane. Den siste er godkjent. Etter råd frå rådmannen gjorde eit samla bystyre meg ugild i den saka.

Det må gå an å tenke nytt og kreativt. Det er inga skam å snu. Tvert om står det heller respekt av å innrømme at ein kanskje har tatt feil og at det kanskje gjekk litt for fort i svingane. Eg må seie at det var respektabelt gjort av dagleg leiar i Førdepakken, Ingar Hals, å stå fram i Firda den 1. juni 2017 og grunngi avgangen sin med at arbeidet i Førdepakken ikkje var heilt innan hans fagfelt og at han dermed sa opp jobben sin. Slike avgjerder står det respekt av i mine auge.

Men kva er det som skjer? Den same personen er det nå som frontar Førdepakken når det gjeld bru og rundkøyringa ved Førdehuset. Eg trudde at her skulle komme inn nye personar som skulle sjå på gjennomføringa av Førdepakken med nye auge, men så enkelt var det tydelegvis ikkje.

Eg er ingen byplanleggar, har heller ingen teknisk fagleg bakgrunn, så mine tankar og forslag bygge på eit «sunt bondevit», og det skal ein ikkje forakte. Så mitt innspel er følgande:

Bygg Naustdalsvegen om til 4-felts veg frå Klettentunnellen til rundkøyringa ved Førde Hotel, gå inn med tunnel bak Førde Hotel til sandtaket til Magne Hafstad og kopl vegen på E39 i rundkøyringa.

Forslaget med tunnel bak Førde Hotel vert heilt sikkert avfeid med at dette var med i vurderinga då Førdepakken vart forma ut, men nådde ikkje opp. Rådgivarane meinte at alternativet med bru ved Førdehuset og bru over til Indre Øyrane ville gi ein mykje betre trafikkflyt. Då desse vurderingane vart tekne, var ein alt då klar over dei utfordringane som ein nå møter?

Fagetatane som har gitt råd til utforminga av Førdepakken, burde i alle fall ha fortalt om problema som nå har dukka opp. Dette er ikkje noko som plutseleg er komme til. Elva renn på same plassen, og grunnforholda er dei same som i 2013.

Så vil vel det bli hevda at det er for trongt å bygge Naustdalsvegen ut til ein 4 felts veg. Ifølge. Statens vegvesen si handbok for bygging av ein 4-felts veg treng ein ei vegbreidde på 12 meter. Eksisterande vegbreidde i dag er frå ca. 12,50 til 11,50 m målt på forskjellige punkt. Brua ved Førde Hotell er på ca. 11 m. Ved å legge fortauet på utsida av brua, vil den totale køyrebreidda her bli ca. 13 m.

Rv. 5 (Naustdalsvegen) er å rekne som ei bygate med 50 km fartsgrense. Ein treng ikkje alle midtrabattane, ein treng heller ikkje tre gangfelt med 20–50 meters mellomrom.

Bygg ein skywalk mellom Førde Torg og Handelshus sør, i tillegg kan ein bygge ein undergang under rv. 5 ved Løken. Dermed får ein forbindelse til gang- og sykkelstien som skal komme langs Løken nedover frå Helsetunet.

Med desse tiltaka vil ein klare seg med ei gang og sykkelbru ved Førdehuset, det same over Løken. Fundamentet for ein slik veg med kulvert er alt bygd av Førdefjorden Energi ved Firda Billag. Eg vil også tru at bygger ein Naustdalsvegen om til ein 4-felts veg, så kan ein klare seg med ein gang- og sykkelveg frå Halbrendsøyra og over til Øyrane. Dermed sparer ein og kostnad med innløysing av dyre næringseigedommar og bygging av køyrebru.

Kva er så prisen på dette, og kva sparer ein med enklare bruløysingar og innløysing av eigedommar langs vegtraseen? Det dyraste er nok tunnelen bak Førde Hotell. Men her har Statens vegvesen nokså oppdaterte prisar som ein kan legge til grunn i ein kalkyle.

Eg vil tru at tunnelen vil kunne byggast for godt under 200 mill. Massane frå tunnelen kan også brukast når ein skal heve vegen med 80 cm frå rundkøyringa ved Rema 1000 og innover Hafstadflata. Dei tre bruprosjekta som eg har nemnt ovanfor, og som etter mitt forslag ikkje treng byggast, er i Førdepakken prisa til 338 mill. i 2012 kroner. Med dette forslaget vil vi stå mykje friare til å ruste opp både sentrum sør og nord, og få til ei skikkeleg byplanlegging inklusiv Indre Øyrane, utan at ein på førehand er bunden opp med motorvegar på kryss og tvers.

Kanskje det etter kvart er på tide å lese formålsparagrafen til Førdepakken. Den ligg på nettet.

Kommentarer til denne saken